lørdag 31. desember 2022

Salme 119,23-24

  23 Sjølv når stormenn sit og snakkar om meg,

          grundar din tenar på dine forskrifter.
          
   
 24 Ja, eg frydar meg over dine lovbod,
          det er dei som gjev meg råd.

Salmisten har vore så pass synleg i samfunnslivet at stormenn må ha drøfta kva dei skulle gjera med han. For i King James oversettinga står det ikkje at dei mektige snakka om denne salmisten, men mot han. Slik var det jo også med Jesus. Han var så utfordrande i det han sa og gjorde at makteliten støtt og stadig hadde behov for å møtast for å finna tiltak mot han. Ved eitt høve bestemte dei seg for å ta livet av han, dei var redde for at romarane skulle tolka oppslutninga rundt Jesus for ein kime til opprør. Og på dette møtet sa øvstepresten Kaifas til alle bekymra rådsmedlemmer: "Det er betre at èin mann døyr for folket enn at heile folket går til grunne". Utan å vita det talte han profetisk, kommenterer Johannes, og at han gjorde det fordi han var øvsteprest det året. 
Når kristne stemmer blir så pass påtrengande at maktpersonar kallar inn til møte, då luktar det problemer for den som talar. 
Men salmisten let seg i liten grad affisera av dei mektige sine møter om han eller mot han, han har viktigare ting å halda på med: nemleg å grunda på Herrens forskrifter. Du snakkar om evne til å ha rett fokus sjølv om det bles opp til uvær. Det er jo så førebiletleg, men likevel ganske vanskeleg. Det veit eg litt om. Men denne grundinga på Guds ord er så viktig. Det er det me prøver å få til her i denne bloggen. Det får nemleg dei åndelege røtene våre til veksa djupt inn i Gud slik at me står fast når stormen kjem over oss. Og det gjer han. 

I vers 24 bedyrar salmisten at han frydar seg over Herrens lov. Alle sanne kristne gjer det. Guds lover reflekterer nemleg Guds hjarta. Det er for å ta vare på oss, og verna oss mot alle slags farar og gje oss gode råd at han har gjeve oss desse lovene. Og alle som elskar Gud, elskar også lovene hans. Dei som seier at dei elskar Gud utan å elska lovene hans, har laga seg ein avgud som dei elskar. 

Å fryda seg over Herrens lover er meir enn å lyda dei av plikt. Det er å lyda dei med glede fordi dei kjem frå han som vårt hjarta elskar høgare enn alt anna, han som har frelst oss og som har teke imot oss som barn i sitt hus. 

torsdag 29. desember 2022

Salme 119,19-22. Eg er ein framand på jorda

        

    19 Eg er ein framand på jorda,
          løyn ikkje boda dine for meg!
          
   
 20 Eg fortærest dag og natt
          av lengt etter dine lover.
          
   
 21 Du refsar dei frekke og bannstøytte,
          som villar seg bort frå dine bod.
          
   
 22 Ta spott og forakt bort frå meg,
          for eg tek vare på dine lovbod.

v.19-20 Salmisten er ein framand på jorda. Dette motivet finn me att i Hebrearbrevet 11,13. Alle truande har gjennom alle tider sett på seg sjølve som aliens. Dei høyrer ikkje heime på jorda, men har heimen sin i himmelen hos Gud, og er på veg dit. Kvifor er dei så på jorda? For å forkynna Guds ord til frelse for menneska, og dei er desperate etter å ha eit myndig ord frå Gud å forkynna, og difor ber dei om at Gud må opna den djupe og kraftfulle forståinga av ordet for dei, og ikkje skjula noko. Skal me tala, må me ha ein bodskap å dela som råkar folk midt i planeten. Då Jesus gjekk saman med dei to læresveinane til Emmaus på den aller første påskedagen, opna han skriftene for dei slik at hjarto deira begynte å brenna. Det er dette salmisten ber om skal skje her. Ja, han fortærest etter lengt etter ein myndig og aktuell bodskap frå Gud å bera fram. Berre å forkynna eigne tankar, fører ingen til frelse. 

Eit anna perspektiv her er at salmisten ber om å få leva i personleg vekking. Det er heilt naudsynt for oss kristne at Guds lov talar til samvitet vårt slik at me skjønar at Gud meiner alvor med sine bod. Me kan lett tenkja oss at ein som reknar seg som kristen både lever i hor, hat og løgn utan at det gjer han så mykje, men når ordet opnar seg, dvs. begynner å tala til hjarta hans, aktualiserer seg for han, for å seia det slik, då blir han forskrekka og ser at dersom han held fram som han stemner, hamnar han til slutt i evig fortaping og gru. 

Det er også ein annan grunn til at denne bøna i vers 19 er relevant. For Gud kan faktisk gøyma seg for oss menneske, og då som ein dom for at me har ignorert han over lenger tid. Det kan me lesa om i Romarbrevet 1. Og i Matteus 11 prisar Jesus far sin for at han har skjult evangeliet for dei vise og forstandige, men openberra det for dei umyndige. Dei vise og forstandige må me her setja i hermeteikn fordi det er folk som trur med seg sjølve at dei er klokare enn Gud.   

v.21 Folk flest i våre dagar vil ikkje lytta til Gud og hans ord. Anten trur dei ikkje på Bibelen, eller dei meiner Bibelen var meir aktuell i gamle dagar då folk var mindre opplyste enn det dei er no. Men stemmer jo ikkje. Når me les Bibelen og andre antikke skrifter, forstår me at desse menneska ikkje på nokon måte står attende for oss når det gjeld kunnskap om livet. Her er det  klokskap så det held. Og dessutan: Bibelen er Guds openberringsbok. Her er det evige sanningar me blir konfronterte med. Og ein av desse evige sanningane er at Gud står imot og refsar alle som forkastar hans ord. 

v.22. Salmisten blir spotta og forakta. Det skjer fort med dei som forkynner og hevdar at Guds bod er sanne, og at alle er forplikta til å leva etter dei. Denne spotten og forakten er sjelsrystande. Dei som opplever dette blir redde, og salmisten ber om å få sleppa dette, som då Jesus i Getsemane bad Far om å ta lidingsskåla frå han. Sjølvsagt tenkte han på det fysiske. Men heilt sikkert meir på dette å bli håna av dei han elska, det å bli ståande med skam fordi han berre hadde talt sant og rett og gjort godt. 

Som kristne kan me be om å få sleppa denne spotten. Men me har ikkje fått nokon garanti for at Gud vil føra oss utanom dette. Tvert om. Dette må me rekna med skjer, og så får me støtta oss til Jesus så godt me kan, han som har lova vera med oss alle dagar så lenge verda står. 

mandag 26. desember 2022

KJERNEBODSKAPEN I JOHANNESPROLOGEN

I opphavet var Ordet,
          Ordet var hos Gud,
          og Ordet var Gud.
          
   
  2 Han var i opphavet hos Gud.
          
   
  3 Alt vart til ved han,
          og utan han vart ikkje noko til.
        
          Det som vart til
   
  4 i han, var liv,
          og livet var lyset for menneska.
          
   
  5 Lyset skin i mørkret,
          og mørkret har ikkje overvunne det.
        
 6 Eit menneske stod fram, utsendt av Gud; namnet hans var Johannes.  7 Han kom for å vitna. Han skulle vitna om lyset, så alle kunne koma til tru ved han.  8 Han sjølv var ikkje lyset, men han skulle vitna om lyset.
          
   
  9 Det sanne lyset,
          som lyser for kvart menneske,
          kom no til verda.
          
   
 10 Han var i verda,
          og verda vart til ved han,
          og verda kjende han ikkje.
          
   
 11 Han kom til sitt eige,
          og hans eigne tok ikkje imot han.
          
   
 12 Men alle som tok imot han,
          dei gav han rett til å bli Guds born,
          dei som trur på namnet hans.
          
   
 13 Dei er ikkje fødde av kjøt og blod,
          ikkje av menneskevilje
          og ikkje av manns vilje,
          men av Gud.
          
   
 14 Og Ordet vart menneske
          og tok bustad mellom oss.
          Og vi såg hans herlegdom,
          ein herlegdom som den einborne Sonen
          har frå Far sin,

          full av nåde og sanning. 

Dei første 14 versa i Johannesevangeliet blir kalla Johannesprologen

Versa er ei oppsummering av det som elles møter oss når me les Johannesevangeliet.

Kjernebodskapen i prologen er: Å vera kristen er å følgja Jesus og hans lære, noko som gjer oss til nye skapningar. Det handlar om å ha eit nært samfunn med Jesus, bli elska av han, elska han tilbake, bruka tid med han og ha hans liv som mønster for våre liv. I 1.Mosebok 1 les me om Gud at han i opphavet skapte himmelen og jorda med sitt ord. I vår tid nyskaper han menneska med det same ordet.  Paulus skriv i 1.Korintarbrev 5,17: "Dersom nokon er i Kristus, er han ein ny skapning. Det gamle er blitt borte. Sjå, alt er blitt nytt." 

Bibelen er einaste kjelda me har med tanke på å studera Jesu liv slik at me kan bli kjent med han. Det er ikkje slik at Bibelen berre fortel oss om Jesus. Nei, han formidlar Jesus til oss, og uansett om eit menneske tek imot eller ikkje, blir livet aldri det same etter å ha høyrt det kristne evangelium. Den som tek imot Jesus, vert Guds barn og får evig liv. Den som avviser bodskapen om Jesus, forherdar seg mot Gud. 

Ingen mennesker oppsøker Gud. Men Gud har oppsøkt oss, og han søkjer framleis. Det lærer me i Romarbrevet 3. 

Først kom Gud til oss som eit menneske for å bu mellom oss (vers 14). Etter at han hadde gjort reinsing for syndene våre, sende han disiplane sine ut for proklamera sin siger, tilby Guds gåver, kalla til omvending og disippelgjera nasjonane.

 Verda har ikkje bedt om dette, men alle som høyre, må ta stilling til bodskapen.  Det er umogeleg å koma seg unna det. Guds ord blir anten til liv eller til død. "Han kom til sine eigne, men hans eigne tok ikkje i mot han, men dei som tok imot han, dei gav han rett til å bli Guds barn, dei som trur på namnet hans, og dei er fødde, ikkje av menneskevilje eller manns vilje, men av Gud," som me les i vers 11-13. 

onsdag 21. desember 2022

Salme 119,15-18

  15 Eg vil grunda på dine påbod,

          festa blikket på dine stigar.
          
   
 16 Eg frydar meg over dine forskrifter,
          eg gløymer ikkje dine ord.
          
   
 17 ג Gjer godt mot din tenar, eg vil leva
          og akta på dine ord.
          
   
 18 Lat opp auga mine så eg kan sjå
          det underfulle i di lov!

I vers 15 bestemmer  salmisten seg til å grunda på Herrens påbod, og festa blikket på hans stigar. Han seier: "Eg vil!"
Kjære vener! Me må faktisk bestemma oss for å gjera gode og rette ting. Det gode kjem ikkje automatisk, me bestemma oss for det, også når det handlar om å lesa og fordjupa seg i Guds ord. Men når me bestemmer oss, kan det gå litt trått i starten, men så blir det lettare og kjekkare etter kvart. Og så har det så god effekt på oss. Guds ord fyller oss med hjertekunnskap om Gud, og då blir me så glade og optimistiske, for ingen kan kjenna Gud utan å bli glad og optimistisk, Gud er jo så inderleg god. Også salmisten referer til dette i vers 16. 

Her kan det forresten vera på sin plass å poengtera at på tysk er vers 15 omsett slik: "Eg talar til dei (menneska, må vel det tyda) om dine påbod, og syner dei dine vegar. Og då er me jo inne på evangelisering og misjon, og ikkje meditasjon. 

I vers 17 ber salmisten om at Gud må gjera godt mot han. Det er ei fin bøn å be både for oss sjølve og for andre som me kjenner eller veit om. Eg for min del vil gjera det til ein av mine daglege bøner. Eg vil gjerne at Herren skal gjera godt mot meg, som han også gjer. Ved dette høvet handla truleg bøna om å bli lækt for ein alvorleg sjukdom, for salmisten presiserer at han ønskjer å leva, og får han det  vil han akta på Guds ord. Kva betyr det? Det handlar om å studera, memorera, praktisera og forkynna. Det er som om han gjev Herren ein lovnad her. 

I vers 18 er han attende til å be om openberring. Han ønskjer å bli ein mann som ser Gud i Guds ord, og det er det mest underfulle me menneske kan erfara. Det er berre dei som er reine i hjarta som kan sjå Gud, seier Jesus i Matteus 5. Kva inneber det å ha eit reint hjarta? Det er å vera tilgjeven og reinsa. Tilgjevinga har alle som trur på Jesus som noko permanent dei lever i. Men reinsinga, den daglege omvendinga, dei ærlege oppgjer med Gud og våre medmenneske, det å bli kalibrert på Guds ord, må til for at me ikkje skal falla frå Gud og hamna på utsida av Guds rike. 


tirsdag 20. desember 2022

Salme 119,12-14

 Velsigna er du, Herre!

          Lær meg dine forskrifter!
          
   
 13 Leppene mine reknar opp
          alle lovene frå din munn.
          
   
 14 Dine lovbod viser meg veg,
          dei gjev like stor glede som all rikdom.

Vers 12 er ei lovprising og ei bøn. 
At Herren er velsigna seier noko om hans guddommelege kvalitet. På tysk har dei oversett denne linja med "Lova vere Herren!" Det er sikkert like bra. Me lovar og prisar Herren fordi han er Gud og har denne kvaliteten som er så viktig for oss, og som me set så enormt stor pris på. Eit menneske som kjem i kontakt med det guddommelege vil ikkje ha noko anna når han/ho har smakt denne himmelske kjærleiken og reinleiken. 
Salmisten ber så om at Herren må læra han forskriftene sine. Ikkje det at salmisten ikkje kunne sitera lovboda, men det er ikkje det det handlar om. Her er det snakk om å forstå Guds ord med hjarta, setja pris på det, anerkjenna det og ha eit eigarforhold til det, som me seier i våre dagar. For å seia det slik: Også ein tjuv kan nok også lett kunna sitera "du skal ikkje stela", men han har ikkje noko eigarforhold til bodet. 

v.13. høyrest litt tamt ut på norsk. Både King James på engelsk og Lutherbibelen på tysk legg vekt på at salmisten forkynner Herrens forskrifter. På norsk får eg nærast ei kjensle av at han siterer dei for seg sjølv. Men på dei to andre språka er det snakk om offentleg forkynning. 

For Guds bod er ikkje berre til privat bruk, dei uttrykkjer Guds vilje og plan for alle menneske, og difor må dei som har fått boda og Guds ord  openberra for seg, offentleg forkynna dei rett og slett fordi dei gjeld for alle, og alle skal ein dag dømast etter desse lovene. Så mange kristne er tause, fleirtalet faktisk, og frårøvar sine medmenneske sjansen til å søkja frelse.  

v.14. Guds skrivne ord er ein enorm rikdom for den som kjenner Gud. Det å få lytta til Gud, og vita at det er han som talar, gjev ei enorm glede til alle som elskar han.

Men det er ei anna side ved dette også: Guds gode lover opp byggjer økonomien til folk og nasjonar der dei vert respekterte og etterlevde. I eit samfunn der folk er gudfryktige, ærlege, trufaste, edruelege, flittige, forsonlege og milde  blir godt å leva i for alle. Berre det at ektepar held saman, sparer samfunnet for store summar. Og er folk edruelege, blir det langt færre skadeverk og kriminalitet som må dekkast inn med offentlege midlar. Då kan skattetrykket også lettast monaleg, og det blir glede i alle leirar. 

onsdag 14. desember 2022

Salme 119,9-11

9 ב Hvordan holder den unge stien sin ren?

          Ved å ta vare på dine ord.
          
   
 10 Jeg søker deg av hele mitt hjerte,
          la meg ikke gå meg vill, bort fra dine bud!
          
   
 11 Jeg gjemmer ditt ord i hjertet
          så jeg ikke skal synde mot deg.

v. 9. Å "holde sin sti ren" er et uttrykk som har gått inn i det norske språket, og da handler det om leve ærlig og sant etter en allmenn anerkjent standard. Men her må vi gå lenger og si at det handler om å leve slik at en opprettholder et godt og rett forhold til Gud, noe som innebærer av vi innretter livene våre etter Guds lover, bekjenne våre synder når vi bryter dem og tror at Gud for Jesu Kristi skyld tilgir oss alt. Slik er det både for unge og eldre. Men når de unge er nevnt spesielt her, er det fordi ungdommen er en avgjørende brytningstid for mange. Paulus skriver til Timoteus at han skal "fly ungdommens lyster". Han presiserer ikke hvilke lyster han tenker på, det kan være så mangt, men sett i lys av budskapet som Paulus ellers presenterer er det ikke vanskelig å vite hvor et menneske skal flykte når de syndige lystene blir for sterke, det gjelder å komme seg til Jesus, kalle på hans navn og ta til seg i Guds ord. 
 
Guds ord er ikke bare Guds lover, men også hans løfter om nåde og tilgivelse for alle som lever i lyset. Guds nåde oppdrar oss til rettferdighet, skriver Paulus i Titus brev. 

I vers 10 ber salmisten om at Herren passer på ham slik at han ikke går seg vill i denne verdens jungel av meninger, holdninger, fristelser og hensyn. Slik trenger vi også å be. Guds bud, som favner både Herrens lov og hans evangelium (bud kan også bety budskap), har en konserverende virkning på oss. 

v.11. Når vi tar vare på Herrens ord, tar dette ordet vare på oss slik at vi blir sterke i Gud,  avslører djevelens bedrag, står imot syndens lyst og finner den rette vei i en verden som i sitt vesen står Gud imot, og som kan være vanskelig og utfordrende for kristne å leve i. 

Jesus er Guds ord, og han er i sitt ord. Det er grunnen til at dette ordet er så virkningsfullt. I Johannes 8 sier Jesus: Dersom dere blir i mine ord, og mine ord blir i dere, da er dere i sannhet mine disipler, og dere skal kjenne sannheten, og sannheten skal sette dere fri, ikke bare fra syndens skyld, men også fra syndens makt. 


Salme 119,4-8

  Du har gitt dine påbud

          for at de skal holdes nøye.
          
   
  5 La meg vandre med faste skritt
          så jeg holder dine forskrifter!
          
   
  6 Da blir jeg ikke til skamme
          når jeg har alle dine bud for øye.
          
   
  7 Jeg priser deg av et oppriktig hjerte
          når jeg lærer dine rettferdige lover.
          
   
  8 Jeg vil holde dine forskrifter,
          du må ikke svikte meg!

Før vi går videre i gjennomgangen her må jeg peke på at Salme 119 i stor grad er formet som en bønn. Det ligger en dyp erkjennelse i salmen om at vi ikke kan leve rett etter Guds vilje ut fra våre egne forutsetninger, bare gjennom nær personlig kontakt med Gud der han får opplyse og inspirere oss. 

Vers 4 lærer oss at intensjonen med Guds bud er at de skal holdes nøye. Grunnen er at det ikke er rom for avvik fra oppskriften om resultatet skal bli godt. Har du kjøpt deg et flatpakket skap, er det ikke rom for improvisering dersom resultatet skal bli bra. Slik også i livet. Guds bud er perfekt tilpasset livene våre, og dersom vi ikke viker av fra dem, blir resultatet godt. 

I vers 5 ber salmisten om å få vandre med faste skritt. For oss kristne er dette en vandring med Jesus. Han er vårt store forbilde, og det er lett å holde Guds forskrifter når vi er sammen med ham. Den går lett som går i godt selskap.

v.6 er en proklamasjon om at vi ikke blir til skamme, at vi ikke kommer til kort når vi fokuserer på Herrens bud. Det du gir fokus i livet ditt, gir du kraft. Når du fokuserer på Jesus og på det rette og gode, er det lett å leve rett. 

v.7 Når du lærer Guds rettferdige lover av Jesus, skriver han dem inn i hjertet ditt. Da stiger lovsangen til ham opp i deg, fordi han er din Gud, fordi han elskar deg, fordi han har frelst deg og fordi det ikke er andre guder enn ham. Så vil jeg poengtere: Guds lover er rettferdige, gode, livsbejaende og helbredende, og alle lover og forskrifter som opponerer mot Guds er onde, livshemmende og skadelige.  

v.8 er en forskring til Gud om at salmisten vil holde Guds lover, og en ydmyk bønn om Guds usvikelige hjelp i den saken. Han erkjenner at dette vil han ikke klare uten Gud. Han kjenner seg selv og vet hvor lett det er for ham å vike av fra Guds vei. Derfor denne bønnen. 

tirsdag 13. desember 2022

Salme 119,1-3

 א Salige er de som er hele i sin ferd,

          de som følger Herrens lov.
          
   
  2 Salige er de som tar vare på hans lovbud,
          som søker ham av hele sitt hjerte.
          
   
  3 De gjør ikke urett,
          men går på hans veier.

Salme 119 er Bibelens lengste kapittel. Det er på 176 vers som alle handler om Guds ord. Salmen er bygd opp atrostisk, dvs alfabetisk. De 8 første versene starter på den hebraiske bokstaven alef, de neste 8 på bet og så videre. Flere av Bibelens salmer er bygget opp på denne måten. 
v.1. Ordet salig betyr både lykkelig og velsignet. Folk kan være lykkelige uten å ha frelsens velsignelse. De burde heller sørge. Det hender desverre også at folk med frelsens velsignelse ikke er glade fordi de har helt glemt hvor rike de er og hvor høyt de er elsket av Gud sin Far. Å være hel i sin ferd betyr ikke å være syndfri, men at en er ærlig og sann, og at en elsker Gud og anerkjenner alle budene hans for sanne og gyldige for seg selv og alle andre. 
v.2.Å ta vare på hans lovbud betyr videre å studere dem, memorere dem, praktisere dem, hevde dem og forkynne dem. Her står den åndelige kampen i vår tid. For menneskene angriper Guds lover, og vil innføre sine egne løgnaktige forestillinger om hva som er rett og galt, godt og ondt. I særdeleshet gjelder dette når det gjelder seksualitet og samliv. Gud sier at ekteskapet mellom en kvinne og en mann er den rette samlivsform. Alt utenfor dette mønster er av det onde. Men menneskene vil ikke høre. De hører heller på tidens falske røster om at alt er like bra. Men det ondeste og mest skadelige vi kan gjøre er å degradere Gud og sette oss selv over ham og hans bud. Tenker, taler og lever vi slik, forfører vi våre medmennesker, og vi fører oss selv inn under Guds evige dom. 
v.3 Derfor elsker vi Guds bud, og når vi holder dem, går vi på hans veier, og hans veier fører oss alltid mot hans mål. Herrens veier er kjærlighetens veier, og alle hans bud reflekterer hans kjærlighet til oss. Viker vi av fra budene, demonstrerer vi ikke kjærlighet i det hele tatt, og vi havner i en eller annen grøft, og må frelses for å kunne gå videre. 

Salme 118,25-29

 25 Herre, frels!

           Herre, lat det lukkast!
          
   
 26 Velsigna er han som kjem i Herrens namn!
          Vi velsignar dykk frå Herrens hus.
          
   
 27 Herren er Gud, han lyser for oss.
          Bind festofferet til altarhorna med tau!
          
   
 28 Du er min Gud, eg takkar deg,
          min Gud, eg opphøgjer deg.
          
   
 29 Takk Herren, for han er god,
          evig varer hans miskunn.

Vers 25 er ei bøn om frelse, om at det skal lukkast for oss når me forkynner evangeliet. Frelse er Guds embete, det er hans verk, ingen andre kan frelsa enn han. Men skal det skje, må folk høyra Guds ord, og Anden må forklara og stadfesta bodskapen for folk. Difor må me be Gud om alltid å fylla oss med Den Heilage Ande slik at han alltid er med oss og over oss når me forkynner og vitnar for folk, og når me tener dei på ulike måtar. 
Vers 26a fører tankane våre til palmesøndag då Jesu læresveinar ropa til han i glede der han kom ridande på ein eselfole: "Velsigna vere han som kjem i Herrens namn". Dette ropet skal også møta Jesus når han kjem att og set føtene sine på Oljeberget for å fella dom over verda, og etablera sitt verdsvide kongedøme ut frå Jerusalem, det me kan lesa om i Jesaja 2. Det blir ei sårt tiltrengt fredstid for jorderiket. Vers 26b lærer oss at kyrkja si oppgåve er å velsigna den verda ho er plassert inn i. Å velsigna er å gjera godt mot menneska, og å seia gode ting til dei. 
Vers 27 proklamerer at Herren er Gud. Han, JHVH, er den einaste sanne Gud som er opphavet til alle ting og som står over alt han har skapt. I Filipparbrevet 2 står det at Jesus fekk det namnet som er over alle namn. Kva namn er det? JHVH. Jahveh. Han er som er. Kvifor fekk Jesus dette namnet? Fordi han er det, han er Gud,  elles kunne han naturlegvis ikkje ha fått dette namnet. For ingen kan bli Gud. Det er berre ein Gud, og han har vore frå æva av, og hans namn som menneske er Jesus, eller Yeshua som tyder: "Herren er frelse". 
Og denne store Gud var i sin eigen person også festofferet som var "bunden til altarhorna med tau" som det heiter her. Jesus vart bunden som ein forbrytar, mishandla og festa til krossen med tau og naglar. "Den hånd som skapte vår jord, ble naglet fast med jordens jern," syng med saman med Graham Kendrick. Han let det skje. Han måtte ikkje la det skje. Men han var 100% styrt av kjærleiken til deg og meg. Så han let det skje. Slik vart vår frelse fullendt. Og den fantastiske frukta av dette ser me i vers 28 der salmisten erklærer Gud for SIN Gud. Det kunne han gjera fordi Gud hadde definert han som sin, og det kan du gjera fordi Gud har kjøpt deg til seg med sitt eige blod. Difor takkar han dagen lang, og løftar opp namnet hans så folk kan høyra og sjå at du er ein kristen og tilhøyrer Gud. 
Salma blir avslutta i vers 29 med eit omkvede som er kjent frå mange andre salmer. Å vera kristen er å symja i Guds godleik og nåde. Guds kjærleik er rundt deg på alle kantar, og ingen dom kan nå deg for alt som kunne dømmast i livet ditt har Jesus teke bort. Gud velsigne deg. 

fredag 9. desember 2022

Salme 118,21-24

 Jeg priser deg fordi du svarte meg,

          du ble min frelse.
          
   
 22 Steinen som bygningsmennene vraket,
          er blitt hjørnestein.
          
   
 23 Dette er Herrens eget verk,
          underfullt er det i våre øyne.
          
   
 24 Dette er dagen som Herren har gjort;
          la oss juble og glede oss på den!

Jesus er vår frelse. Har du han, tror du på han, er du et frelst menneske uansett hvordan fortiden din ser ut. Da er det Jesus som gjelder for deg hos Gud. Det er betryggende. Han er nemlig den steinen som bygningsmennene vraket, men som er blitt hjørnesteinen i ditt liv og i den kristne menighets liv, som nå er Herrens sanne tempel. Og så skal du vite: Det at du er kristen er Herrens verk og ikke ditt, og hver gang noen kommer til tro, står vi andre der og undrer oss. For det skjer aldri på samme måte hver gang. Herren behandler hver og en individuelt. Og dette skjer hver eneste dag med titusenvis av mennesker, og derfor er hver dag en dag som Herren har gjort, og vi kan juble og glede oss. Enormt fascinerende. 

tirsdag 6. desember 2022

Salme 118,17-20

 Jeg skal ikke dø, men leve

          og fortelle om Herrens gjerninger.
          
   
 18 Hardt har Herren tuktet meg,
          men han overga meg ikke til døden.
          
   
 19 Lukk rettferds porter opp for meg,
          jeg vil gå inn og prise Herren!
          
   
 20 
Dette er Herrens port,
          her går de rettferdige inn
.

I vers 17 proklamerer salmisten at han ikke skal dø, men leve og fortelle om Herrens gjerninger. Han hadde blitt reddet ut av en livsfarlig situasjon, og plutselig forstod han hensikten med det hele: Han skulle fortelle om Herrens gjerninger til menneskene. 
Som kristen er du frelst fra synd og sorg og fare. Men hvorfor? For at du skal fortelle verden om Herrens gjerninger. Du skal fortelle om det som har skjedd med deg, og du skal fortelle om den frelse Gud gjennom Jesu død og oppstandelse har gjort ferdig for oss alle, den som alle kan ta imot helt gratis. 
V 18. Herren tuktet salmisten hardt. Livet kan være vanskelig, særlig for kristne. Men alt som skjer med deg som gjør vondt, er nøye tilmålt. Du får ikke mer å baske med enn det du tåler. Selvfølgelig kommer du en dag til å dø, men du blir aldri overlatt til døden. Du går inn til livet. 
v.19 Herren vil lukke opp rettferds porter for deg, og du skal gå inn i det himmelske og prise ham. 
v.20. Jesus sier: "Jeg er døren". Han er den eneste veien til Far. Ingen kommer til Far uten gjennom ham. Når du tror på Jesus, yter du han rettferdighet, og slik blir du selv rettferdig og kan gå uhindret inn til Fars himmelglede. 

torsdag 1. desember 2022

Salme 118,15-16

 Hør, det er jubel og seiersrop i de rettferdiges telt. Herrens høyre hånd gjør storverk, Herrens høyre hånd løfter opp, Herrens høyre hånd gjør storverk.

Disse versene er en drøm. "De rettferdiges telt" er Guds menighet på jord. Der høres det jubel og seiersrop. Hvorfor? Fordi Herrens høyre hånd er der og gjør storverk. Herrens høyre hånd er Jesus Kristus. Vi sier gjerne om en god assistent at han er sin sjefs høyre hånd. Jesus er ingen assistent. Han er Guds Sønn som sitter ved hans høyre hånd, og han er å finne i menigheten der han gjør storverk. Hvilke storverk? Han løfter opp. Han frelser, helbreder, styrker, trøster, rettleder og oppmuntrer. 

Vil du se Herrens storverk og bli styrket i din tro? Da må du komme deg inn i Guds menighet så fort du kan. Det er DER tingene skjer. Gud velsigne deg til det.

tirsdag 29. november 2022

Salme 118,10-14

 Alle folkeslag omringet meg,

          i Herrens navn slo jeg dem tilbake.
          
   
 11 De var omkring meg på alle kanter,
          i Herrens navn slo jeg dem tilbake.
          
   
 12 De var omkring meg som bier.
          De sluknet som ild i tornekratt,
          i Herrens navn slo jeg dem tilbake.
          
   
 13 De presset meg hardt, jeg holdt på å falle,
          men Herren hjalp meg.
          
   
 14 Herren er min styrke og min sang,
          han er blitt min frelse.

Salmisten var omringet av fiender, fysiske fiender får vi tro. Trolig er det David som har forfattet denne salmen også. Han utkjempet mange kriger, og også i kampens hete var Gud hans allierte. Ja, han kjempet for Gud, og han slo fiendene tilbake i Herrens mektige navn. 
Vi kjemper ikke mot mennesker, vi kjemper bare mot mektige åndskrefter som holder menneskene fanget, og som får dem til å tro og hevde løgn som sannhet. Vår utgangspunkt er ikke at vi kjemper en forsvarskrig. Vi kjemper en angrepskrig, vi angriper og overvinner dødsrikets porter, som Jesus sier det i Matteus 16. Vi gjør det som kirke, som et fellesskap. Ikke en og en. Oppdraget er for stort til at det er rom for alenegang. Vi går sammen i krigen mot vantroen og løgnen. 
Hva er våre våpen? Det er Herren selv, hans navn, lovsangen, Guds ord, bønnen og samholdet. Har vi dette på plass, kan vi gå ut og erobre verden for Kristus. Det er vår oppgave. Det kan bli tøft. Ja, det blir tøft. Vi blir utsatt for motangrep, de kommer til å presse oss hardt, de vil være rundt oss på alle kanter som sinte bier og vi kan komme til å vakle. Men vi er dømt til å beseire dem rett og slett fordi sannheten er så mye sterkere enn løgnen, og vi støtter oss til Herren, han som er vår styrke og vår sang, ja, sangen bærer oss framover, den lyder hele tiden fra vår munn og vårt hjerte, kjærlighetssangen til Jesus, for å låne et uttrykk fra Jan Honningdal.  Herren er i sin egen person vår frelse. Han frelser oss fra fiendemaktene. Men først og fremst har han frelst oss fra synden og dommen. Denne frelsen ligger i Jesus. Derfor kan Johannes skrive: "Den som har Sønnen, har livet." Derfor er det at vi nødber folk om å ta imot Jesus, for gjør de det, er de frelst, ikke bare fra djevelens løgner og bånd, men fra synden, døden og dommen.