mandag 24. oktober 2022

Salme 115,2-8

   2 Kvifor skal folka seia:

          «Kvar er deira Gud?»
          
   
  3 Vår Gud er i himmelen,
          alt han vil, det gjer han.
          
   
  4 Gudebileta deira er av sølv og gull,
          menneskehender har laga dei.
          
   
  5 Dei har munn, men kan ikkje tala,
          dei har auge, men kan ikkje sjå.
          
   
  6 Dei har øyre, men kan ikkje høyra,
          dei har nase, men kan ikkje lukta.
          
   
  7 Dei har hender, men kan ikkje føla,
          dei har føter, men kan ikkje gå,
          dei har ikkje lyd i strupen.
          
   
  8 Slik blir òg dei som lagar dei,
          og alle som set si lit til dei.

Tanken er slik i dette avsnittet: Det som skil Israels Gud frå andre gudar, er at han er transendent og usynleg. Avgudane derimot er laga av stokk og stein og godt synlege. Men problemet med dei er at dei er livlause, dei er kraftlause løgngudar, ikkje høyrer dei, ikkje ser dei og dei kan korkje snakka eller agera, og alle som lagar og dyrkar dei, blir som dei, kraftlause og livlause. 
Israels Gud derimot er ein levande Gud. Han kan ikkje målast og vegast og studerast utover det han sjølv openberrar av seg sjølv. Han er i himmelen, og han gjer det han vil. Ingen kan styra over han eller kontrollera han på nokon måte.  Men han kan påverkast, og han ønskjer å bli påverka. Difor har han gjeve oss retten til å be, og vil at me skal nytta denne retten flittig, ja, til ei kvar tid. For det er ein ting her som kanskje ikkje er så lett å forstå, men som likevel er slik: Når Guds barn ber, opnar dei for at Gud skal kunna gjera sine gjerningar. Det har samanheng med noko som står seinare i denne salma: "Himmelen er Herrens himmel, men jorda gav han til menneska." Kva vil så Herren? Han vil svara positivt på sine barns bøner. Han elskar det. Gud er ein god Gud som høyrer, ser, talar og handlar. Kvifor må folkeslaga spørja kor Gud er? Det skulle ikkje vera naudsynt. For dersom me som hans barn lærer oss å leva i bøn, vil folk lett erfara Gud i møte med oss, me som har han i oss og som faktisk er Kristi kropp i verda. 

torsdag 20. oktober 2022

Salme 115,1

 Ikkje oss, Herre, ikkje oss,

          gjev heller ditt namn ære,
          du som er kjærleg og trufast.

For ei spesiell bøn dette er. 
Det ligg i menneska sin syndige natur å søkja ære for seg sjølv ved å gjennomføra store bedriftar, anten det er som idrettsfolk, oppdagarar, krigarar, vitskapsfolk, politikarar eller noko anna. Leiarar (også kristne) har lett for å framstilla seg sjølv i eit gunstig lys ved å løfta fram alle sigrane sine og skjula alle nederlaga, og stundom lyg folk til og med på seg bragder som dei ikkje har gjort for å få ein beundring dei ikkje fortener, og idrettsfolk dopar seg for å oppnå resultat som dei elles ikkje hadde oppnådd, alt for å skaffa seg ære, og med æra følgjer det gjerne pengar. Knapt noko avslører oss menneske som reinskorne syndarar som behovet for å bli anerkjent og hylla som noko stort og viktig.

Men Bibelen er klar: Skal du søka ære, skal du søka ære hos Gud og ikkje hos menneske. Og kven er det Gud ærar? Dei som trur på Jesus, lever etter hans ord og framhevar andre meir enn seg sjølv, dei audmjuke. 

Så eit viktig poeng: Me er skapte av Gud for å prisa og æra han med alt me er og har. For ingen av oss har noko som me ikkje har fått. Våre fortrinn er Guds ære åleine. Når me søkjer ære frå vår eigen del, driv me avgudsdyrking, likeeins dersom me gjev eit anna menneske større autoritet og ære enn Jesus i liva våre. 

Det er farleg når menneska får ære, farleg på den måten at dei blir så blenda av seg sjølv at det kan hindra dei i å sjå Gud, eller dei kan bli forførte til å tru høgare om seg sjølv enn det som er sant, og dei kan koma til å føreta seg ting som fører dei bort frå Gud. 

Det er lett for oss å setja oss sjølve i sentrum som om me er kjelde og opphav til noko som helst. Det er me ikkje. Alt godt kjem frå vår kjærlege og trufaste Gud, han som har skapt oss med evner og anlegg, og som gjennom Sonen sin har gjeve oss frelse frå alle våre synder. Me ærar han fordi alt det gode me kan nyta og yta kjem frå han. 

Difor er denne bøna god: Ikkje oss, Herre, ikkje oss. Gje ditt namn ære, du som er kjærleg og trufast. 

onsdag 19. oktober 2022

Salme 114

 Då Israel drog ut frå Egypt,

          Jakobs hus frå eit framandt folk,
          
   
  2 då vart Juda hans heilagdom
          og Israel hans rike.
          
   
  3 Havet såg det og rømde,
          Jordan snudde og rann tilbake.
          
   
  4 Fjella hoppa som vêrar
          og haugane som lam.
          
   
  5 Kva har hendt deg, hav, sidan du rømmer,
          sidan du snur og renn tilbake, Jordan,
          
   
  6 sidan de hoppar som vêrar, de fjell,
          og som lam, de haugar?
          
   
  7 Jord, skjelv for Herrens andlet!
          Skjelv for Jakobs Gud,
          
   
  8 
han som gjer berget til ein innsjø
          og harde fjellet til ei vassrik kjelde
.

Salma handlar om kva som hende då Gud førte Israel ut av Egypt. Alle naturlege hindringar vart fjerna, skapningen måtte lyda Skaparen og skaparverket fryda seg. 
Då Juda og Israel vart ført ut av fangenskap og slaveri, vart Juda Guds heilagdom og Israels hans rike. 
Me skjønar at salma er skriven etter riksdelinga på 900-talet f.Kr. 
Israel vart historias første frie nasjonsdanning.  Det nye og unike var at det opppstod ein nasjon vart styrt av lov og rett, og ikkje av makt og styrke. 
Nasjonal fridom har nemleg sine røter i Gud og Guds openberring. 
Berre Gud kan sikra ein nasjons fridom, men då lyt nasjonen halda seg til Gud, og respektera og lyda hans lover. 
Denne salma syner oss at det skjer veldige omveltningar i samfunnet og naturen når Gud for alvor intervenerer. 
Difor ber me om at Gud enno ein gong skal intervenera i landet vårt også, og fri oss frå alle djevelens løgner som har fått festa seg i samfunnet og lovverket. 

mandag 17. oktober 2022

Salme 113

 Halleluja!

          Syng lovsong, Herrens tenarar,
          pris Herrens namn!
          
   
  2 Velsigna vere Herrens namn
          frå no og til evig tid!
          
   
  3 Der sol går opp og sol går ned,
          skal Herrens namn vera lova.
          
   
  4 Herren er opphøgd over alle folkeslag,
          hans herlegdom er høgare enn himmelen.
          
   
  5 Kven er som Herren vår Gud,
          han som tronar i det høge
          
   
  6 og ser i det djupe
          – kven i himmelen, kven på jorda?
          
   
  7 Han reiser den veike opp av støvet
          og lyfter den fattige frå dungen.
          
   
  8 Han gjev dei plass blant stormenn,
          dei store i sitt folk.
          
   
  9 Den barnlause lèt han bu i huset
          som lukkeleg mor til ein barneflokk.
          Halleluja!

Salme 113 er den første salma i "det vesle hallel" (Salme 113-118) som jødane song kvar påske då dei åt påskemåltidet sitt. 
"Hallel" er forkorting av "halleluja" som denne salma startar ut med. Det er ein god plass å begynna for oss alle. Me prisar Herren var morgongry, utover dagen og i kveldinga, som me kan lesa ut av vers 3. Herrens namn er eit frelsarnamn, og som eg har skrive før, har du hans signatur på livet ditt, er du frelst. Og kven har Herrens signatur? Alle som kallar Herrens namn. Så enkelt. Påkallar du Jesus? Då er du frelst, totalt inndekka av Jesus sjølv. For hans namn innbefattar heile hans person og hans frelsesverk. 
v.4. At Herren er opphøgd over alle folkeslag betyr at han er alles Gud. Igjen må me sitera starten av Misjonsbefalinga: "Eg har fått all makt i himmel og på jord.." Makt til å tilgje, makt til å kalla, makt til å gje lover, makt til å lækja, makt til å setja fri, makt til å dømma. Og dette må kunngjerast for folkeslaga slik at dei kan venda om til han og sverga han truskap. 
v.6-7. Og for ein konge han er. Ikkje ein distansert despot, men ein medfølande og nærverande Far som ser i det djupe, ja, til dei som er djupast nede på samfunnsstigen, og ikkje berre det, han ser ned i einkvar avgrunn som opnar seg i den enkeltes liv. Korleis kan han det? For han har vore i det djupaste djup og proklamert sitt rike også der. Og er du der, i avgrunnen, så er ikkje Jesus berre saman med deg, han er der for å frelsa deg ut av fortvilinga, løfta deg opp frå dungen og setja føtene dine på fast grunn. 
v.8. Ja, han går enno lenger her. Han plasserer deg saman med stormenn i ditt folk, og i Guds rike er det dei audmjuke som har størst innflytelse. 
v.9. er eit vidunderleg vers for alle små kyrkjer som ikkje har erfart vekking på årevis, kanskje aldri, men som lengtar og ber etter at det skal skje, at dei skal bli fruktbare i den forstand at dei blir kapable til å vinna menneske for Kristus og leggja dei til kyrkjelyden. Det skal skje. Ein dag losnar det. Ein dag kjem den krafta og det livet frå Gud over kyrkja som skal til for at ho skal bli mor til nye barn og føda nye liv. Denne sanninga held me fast med og prisar Herren for. Halleluja. 

mandag 10. oktober 2022

Salme 112,4-10

 4 ז Lys bryt fram i mørkret for dei rettvise,

          ח for den som er nådig, mild og rettferdig.
          
   
  5 ט Det går vel med den som villig gjev lån,
          י den som steller sine saker rett.
          
   
  6 כ Han skal aldri i æve vakla,
          ל den rettferdige blir alltid hugsa.
          
   
  7 מ Han er ikkje redd for vonde rykte,
          נ hans hjarte er roleg og trygt i Herren.
          
   
  8 ס Hans hjarte er grunnfest, utan frykt.
          ע Til slutt får han sjå at fienden fell.
          
   
  9 פ Han strør ut, han gjev til dei fattige,
          צ hans rettferd skal alltid vara,
          ק stor og herleg blir hans makt.
          
   
 10 ר Den urettferdige ser det og blir sint,
          ש skjer tenner og veiknar bort.
          ת Det dei urettferdige trår etter, blir til inkjes.

Dette avsnittet skildrar ein livsstil som Gud likar og velsignar. Enkelt kan me seia: Det handlar om å vera ærleg i pengesaker, handsama folk mildt, nådig og rettferdig, og leva som eit raust og gavmildt menneske. Den som lever slik vil ha Guds lys. Dei lever og frydar seg i Guds ufattelege kjærleik og nåde, og erfarer at Gud gjev visdom, kunnskap og innsikt i dei vanskelegaste og mest krevjande saker som menneskelivet byr på. Det gjev dei stor makt og innflyting i samfunnet (v.9). 

Sanne kristne menneske er gjevarar (v.5 og 9). Dei er inspirerte av Gud som strør ut og gjev til dei fattige, og av Jesus, han som vart fattig då han var rik for at me ved hans fattigdom skulle bli rike, og som dessutan alltid var oppteken av å formidla tilgjeving og lækjedom til folket. 

Dei som lever slik er urokkelege. Dei står fast i Gud, og er grunnfesta og trygge menneske som aldri vaklar, og dei vil bli hugsa for sin godleik lenge etter sin død. Dei er ikkje redde for vonde rykter. Det er to grunnar til det. Guds lover er gode, og vernar oss effektivt mot alle klagemål når me lever etter dei. Kva skulle folk ha å seia på dei som gjer det gode? Det er vanskeleg å finna gode argument mot godleik. For det andre lever dei transparent, og sannar syndene sine når dei forgår seg. Difor er dei rolege og trygge i Herren, stolar på Jesu frelse og lever ved hans kross. Det gjev dei ein stor stabilitet dei får hos Gud. Den som er grunnfesta i Guds nåde, i Guds ord og i Guds kyrkje er godt grunnfesta og kan ri av kvar einaste storm som måtte koma.  

Sanne kristne trår ikkje etter goder, men etter rettferd, som i bibelsk samanheng betyr at dei lengtar etter å møta folk på deira djupaste åndelege og menneskelege behov.  Jakta på goder er egoistisk syndig. Og dessutan er alle godene forgjengelege. Rettferda uforgjengeleg. Alle som trår etter goder vil gå til grunne saman med godene. Men den som trår etter rettferda, vil vara evig, slik som Gud og rettferda er evig.