torsdag 20. oktober 2022

Salme 115,1

 Ikkje oss, Herre, ikkje oss,

          gjev heller ditt namn ære,
          du som er kjærleg og trufast.

For ei spesiell bøn dette er. 
Det ligg i menneska sin syndige natur å søkja ære for seg sjølv ved å gjennomføra store bedriftar, anten det er som idrettsfolk, oppdagarar, krigarar, vitskapsfolk, politikarar eller noko anna. Leiarar (også kristne) har lett for å framstilla seg sjølv i eit gunstig lys ved å løfta fram alle sigrane sine og skjula alle nederlaga, og stundom lyg folk til og med på seg bragder som dei ikkje har gjort for å få ein beundring dei ikkje fortener, og idrettsfolk dopar seg for å oppnå resultat som dei elles ikkje hadde oppnådd, alt for å skaffa seg ære, og med æra følgjer det gjerne pengar. Knapt noko avslører oss menneske som reinskorne syndarar som behovet for å bli anerkjent og hylla som noko stort og viktig.

Men Bibelen er klar: Skal du søka ære, skal du søka ære hos Gud og ikkje hos menneske. Og kven er det Gud ærar? Dei som trur på Jesus, lever etter hans ord og framhevar andre meir enn seg sjølv, dei audmjuke. 

Så eit viktig poeng: Me er skapte av Gud for å prisa og æra han med alt me er og har. For ingen av oss har noko som me ikkje har fått. Våre fortrinn er Guds ære åleine. Når me søkjer ære frå vår eigen del, driv me avgudsdyrking, likeeins dersom me gjev eit anna menneske større autoritet og ære enn Jesus i liva våre. 

Det er farleg når menneska får ære, farleg på den måten at dei blir så blenda av seg sjølv at det kan hindra dei i å sjå Gud, eller dei kan bli forførte til å tru høgare om seg sjølv enn det som er sant, og dei kan koma til å føreta seg ting som fører dei bort frå Gud. 

Det er lett for oss å setja oss sjølve i sentrum som om me er kjelde og opphav til noko som helst. Det er me ikkje. Alt godt kjem frå vår kjærlege og trufaste Gud, han som har skapt oss med evner og anlegg, og som gjennom Sonen sin har gjeve oss frelse frå alle våre synder. Me ærar han fordi alt det gode me kan nyta og yta kjem frå han. 

Difor er denne bøna god: Ikkje oss, Herre, ikkje oss. Gje ditt namn ære, du som er kjærleg og trufast. 

Ingen kommentarer: