onsdag 18. oktober 2023

Salme 119,145-148

 Eg ropar av heile mitt hjarte, svar meg, Herre!

          Dine forskrifter vil eg ta vare på.
          
   
 146 Eg ropar til deg, frels meg
          så eg kan halda dine lovbod!
          
   
 147 Før morgonen renn, ropar eg.
          Eg ventar på ditt ord.
          
   
 148 Med auga opne går eg inn i kvar nattevakt
          for å grunda på ditt ord.

v.145 Salmisten ropar frå djupet av hjarta. Han vil så gjerne ta vare på Herrens forskrifter, forstår at det er viktig, men innser at han treng Herrens hjelp for å klara det. Å ta vare på Herrens forskrifter betyr ikkje berre at han skal forfekta dei, men at han skal leva etter dei ut frå eit villig hjarta. Det kan ingen utan Den heilage ande. 

Dette poenget understreker han i vers 146 der han ber om frelse slik at han kan halda Guds bod. Frelste folk utmerkar seg jo på den måten at dei elskar Guds bod, seier Jesus, og Johannes skriv at det ikkje ein gong er tungt for dei å leva etter desse boda. Det fell dei naturleg. Ja, det er i samsvar med deira nye guddommelege karakter, deira nye "DNA" for å bruka eit moderne uttrykk. Dei liknar på far sin.  

v.147-148. Han ber kvar morgon om at Gud skal tala til han personleg og leida han direkte gjennom Anden. Det er Guds barns privilegium. Alle som er drivne at Guds Ande er Guds barn, skriv Paulus i Romarbrevet. Når me er direkte leida av Den heilage ande,  blir mykje kjekkare å vera kristen, og me blir langt meir effektivt i høve til kva tilfelle er når me skal finna på tinga sjølv.  Gud kan altså tala til oss utanom Bibelen, men aldri i strid med Bibelen, difor kombinerer salmisten bøna om dirkete leiing med det å grunda på Herrens ord. Det er alltid harmoni mellom Anden og Ordet, rett og slett fordi det skrivne ordet har sitt opphav i Anden, og ordet er, som Paulus skriv i 2. Tim. 3,15 "innanda" av Gud, og kvar den som les og grundar på dette ordet, vil meir og meir erfara å bli pusta på av Gud og fylte med Anden. Ein blir, som det står i Salme 1, ein frodig kristen, ein kristen som ber rikeleg av velsmakande og nærande frukter til glede for alle som hungrar og tørstar etter Gud. 

torsdag 12. oktober 2023

Salme 119,141-144

 Eg er ung og forakta,

          men eg gløymer ikkje dine påbod.
          
   
 142 Di rettferd er alltid rett,
          di lov er sanning.
          
   
 143 Naud og trengsle har kome over meg,
          men eg frydar meg over dine bod.
          
   
 144 Dine lovbod er alltid rette.
          Gjev meg skjøn så eg kan leva!

v. 141. Det er overraskande at det er ein ung mann som skriv denne salma, rett og slett fordi ho åndar av livserfaring. Men me ser det gong etter gong at Guds Ande tilfører unge menneske overnaturleg visdom nett når han vil. Og det er lett for han når den unge interesserer seg for Guds ord og er ein flittig lesar. 
Unge som er utrusta av Gud til teneste kan lett bli forakta av eldre. Men det handlar for det meste om misunning, så det skal dei ikkje bry seg så mykje om, berre handsama kritikarane sine med respekt. Difor skriv Paulus til Timoteus at han ikkje må la nokon ringakta han fordi han er ung, men gå framfor dei alle som eit godt eksempel. 

v.142 er jo viktig. Det Gud seier er rett, er alltid rett, og det han seier er sant, er alltid sant, ikkje berre for ei tid eller i visse situasjonar. Det er ingenting som heiter mi sanning og di sanning. Me kan ha kvar våre meiningar, det er noko anna, men sanninga er heva over meiningane våre. Alltid. Og mellom dei er Guds lover. Dei er alltid sanne og gode, og for alle. Og det same gjeld Guds lovnader, Guds evangelium som seier at lovbrytarar vert frikjent ved å venda om og tru på Jesus og hans frelsesverk. Det er like sant som at det går eit jernbanespor frå Bergen til Oslo. 

v.143. Salmisten opplever naud og trengsel utan å spesifisera. Det kan vera så mangt. Men midt oppi dette frydar han seg over Guds lov. Guds ord er så mykje større enn det me opplever, og salmisten let ikkje det han opplever avgjera korleis han lever og kva val han tek, det er det Gud og hans lover som gjer. Salmisten lærer oss at me ikkje skal la det som skjer med oss få bestemma over oss, me har forutsetning for å løfta oss opp på eit guddommeleg plan, høgt over omstenda og fryda oss over å vera Guds barn, elska av han, samt over å ha fått kjennskap til kva han vil. 

V. 144 lærer oss at skjøn er langt meir enn kunnskap. Her ber salmisten om verkeleg å forstå Guds bod. Alle kan, og alle bør, læra seg i det minste dei ti boda utanåt, og gjerne med forklaringar. Men det er Den heilage ande som hjelper oss å koma på innsida av Guds lover slik at me ser Guds hjarta i dei, og då blir dei til liv for oss. For lovene vil, om me tek dei på alvor, alltid føra oss til Kristus, han som oppfylte dei på våre vegne, og som sonte og betalte for alle våre lovbrot. Der, hos han, finn me det evige livet som me får som ei gåve når me lukkar han inn i hjarto våre, og så lenge me trur på han, held han dette livet ved like i oss.