fredag 25. august 2023

Salme 119,129-132

 Underfulle er dine lovbod,

          difor tek eg vare på dei.
          
   
 130 Dine ord gjev lys når dei opnar seg,
          dei gjev uvitande skjøn.
          
   
 131 Med lengsel opnar eg munnen,
          for eg stundar etter dine bod.
          
   
 132 Vend deg til meg og ver meg nådig!
          Det er rett mot dei som elskar namnet ditt.

v. 129 Guds påbod er underfulle fordi dei kjem frå Gud, og fordi dei har ein forunderleg positiv effekt på den enkelte og på samfunnet der dei får lov å gjelda. 
v.130. Skal me ha nytte av Guds lover må dei opna seg for oss. I Lukas les me om Jesus som opna Skriftene for dei to disiplane hans som var på veg til Emmaus. Skal me oppleva at Skriftene opnar seg for oss, må me be Jesus om hjelp. Han gjev oss rett forståing, dvs lys. For å forstå Bibelen treng me ikkje høg IQ, me treng Jesus som læremeister. 
I v.131 bed salmisten om Guds hjelp slik at han kan få eit eigarforhold til boda hans. Når det skjer, går dei inn i ryggmargen på oss, og samvitet blir innstilt etter Guds bod og ikkje etter kva menneske vil. 
v.132. Gud vender seg til den som vender seg til han. Det er ein fast regel. Jakob skriv: "Hald dykk nær til Gud, så held han seg nær til dykk!" Det er ein ufatteleg lovnad. Kva godt kan ikkje skje når Gud held seg nær til oss? Då bevegar me oss inn i det mirakuløse. 
"La nåde gå for rett," er eit uttrykk me brukar i enkelte situasjonar. Men det passar ikkje på Guds nåde. For den er grunnlagt på rett. Jesus gav Guds lov alt denne lova krev av oss menneske. Difor er det rett av Gud å benåda alle som trur på Jesus. Det er eit uttrykk for kjærleik, ja, men også eit uttrykk for rettferd.  Dersom du ber vers 132 jamt og trutt, vil gode ting garantert skje i livet ditt.

onsdag 23. august 2023

Salme 119,124-128

 Vis miskunn mot din tenar,

lær meg dine forskrifter!

125Eg er din tenar, gjev meg skjøn

så eg kan kjenna dine lovbod!

126Det er tid for å gripa inn, Herre,

for dei har brote di lov.

127Difor elskar eg dine bod

meir enn gull, ja, skinande gull.

128Difor retter eg meg etter alle dine påbod,

eg hatar alle falske vegar.


v.124-125 . Me kan ikkje forstå Bibelen utan Den Heilage Ande. Hans oppgåve er å opna Skriftene for oss slik at me ser Gud, hans planar og hensikter i det me les og høyrer. Når det skjer, er det eit uttrykk for Guds miskunn. Miskunn betyr at Gud hjelper den hjelpelause, og innfor Guds ord er me hjelpelause. Anden må koma oss til unnsetning. 

Alle kan læra Guds lovbod utanåt. Men å kjenna dei er å kjenna Guds hjarta i dei. Det har me snakka om mange gonger: Guds lovbod reflekterer Guds godleik. Anden syner oss det. På den måten speglar me oss sjølve i Guds lover, og då forstår me at dersom noko som helst av det me held på med ikkje er motivert ut frå kjærleik til Gud og våre medmenneske, ja, då har me ikkje oppfylt ei einaste lov, sjølv om me ikkje har brote nokon av dei på eit ytre nivå. Gud vurderer oss nemleg etter våre indre kvalitetar. Han granskar hjarta, les me i Salme 15,1. 

v.126 er ei bøn om at Gud må gripa inn og stoppa dei som bryt hans lov. Det er ei god bøn, for folk som bryt Guds lover, vanærar Gud, og øydelegg folk og  fellesskap. Ei slik bøn kan du godt be. 

v.127-128 er ei personleg vedkjenning. Fordi Guds lover er eit uttrykk for Guds kjærleik, og fordi dei byggjer opp folk og samfunn, elskar salmisten dei som det finaste gull, og han bedyrer at han sjølv ikkje vil ha nokon annan standard for livet sitt enn den som kjem til uttrykk gjennom Guds lover.

torsdag 10. august 2023

Salme 119,120-123

  120 Kroppen skjelv av redsle for deg,

          eg fryktar dine lover.
          
   
 121 ע Eg har gjort det som er rett og rettferdig.
          Overlat meg ikkje til dei som vil undertrykkja meg!
          
   
 122 Gå god for din tenar så det går han vel.
          Lat ikkje dei frekke undertrykkja meg!
          
   
 123 Auga sloknar, eg ventar på di frelse
          og på ditt rettferdige ord.

Det er underleg at dei fromme i GT skjelv av redsle for Herren, medan me som er kristne i dag gjer alt me kan for å ufarleggjera han. Men det er me som tek feil. For det er veldig farleg å gå imot Gud, ikkje bry seg om hans bod, ikkje angra syndene sine og bed Gud om godt vær.  Alle som ikkje har overgjeve seg til Jesus, burde verkeleg skjelva av frykt for den evige straffa som ventar dei på den andre sida av døden, den som Jesus i Lukas 16 omtalar som ein eld. Det er den milde Jesus som talar slik, han som sjølv gjekk i elden for oss.

Salmisten fryktar Herrens lover, for dei rettar seg ikkje berre mot våre ytre gjerningar, men også mot motiva våre. Dersom me ikkje lyg og stel, så spør lovene: Er det fordi du elskar Gud og dine medmenneske at du ikkje lyg og stel, eller er det fordi du vil unngå straff. Dersom motiva er feil, har me på ingen måte halde ei einaste lov. Og det har me ikkje.  Difor er det for alle å berre skunda seg til Jesus for å bli berga frå Guds skremmand dom over synda.

v.121. Her er det Jesus som ber.  Han visste at han var rettferdig, og bad om ikkje å bli overlaten til undertrykkjarane. Men Gud vår Far kunne ikkje svara positivt på det. Han vart overgjeven til brutale romerske soldatar som torturerte og krossfesta han. Hadde Gud vår Far svart positivt på denne bøna, hadde ingen menneske blitt frelst. Gud var Far sa nei til sonen sin og ja til oss. 

v.122. Jesus vart overgjeven til romarane og til djevelen og hans åndehær. Men han kom til å sigra over dei alle, og det store er: Han sigra på våre vegne. Han overvann synda og døden, og han går god for alle som trur på han. Det treng du ikkje ein gong å be om. 

v.123. Ein dag skal auga ditt slokna, du går inn i døden. Der ventar di evige frelse, og når du står for Herrens domstol, skal du få høyra hans rettferdige ord, dei orda som frikjenner deg fullstendig og som opnar døra inn til evige glede hos Gud.