23 Så kom Israel til Egypt,
Jakob vart innflyttar i Hams land.24 Han gjorde folket sitt fruktbart,
meir talrikt enn fienden.
25 Han vende deira hug så dei hata hans folk
og fór med svik mot hans tenarar.
26 Han sende Moses, sin tenar,
og Aron, som han hadde valt ut.
27 Dei gjorde hans under mellom dei
og teikn i Hams land.
28 Han sende mørker, og det vart mørkt.
Hadde dei ikkje trassa hans ord?
29 Han gjorde vatnet til blod
og drap fisken.
30 Det krydde av frosk i landet,
jamvel i kongens eigne rom.
31 Då han gav bod, kom det lus
og insekt i heile landet.
32 Han gjorde regnet til hagl
og sende flammande eld i landet.
33 Han slo vinstokkane og fikentrea deira ned,
han knuste kvart tre i landet.
34 Då han gav bod, kom det grashopper
og sirissar utan tal.
35 Dei åt opp alt som voks i landet,
dei åt opp grøda på marka.
36 Gud slo alle førstefødde i landet,
førstegrøda av deira kraft.
37 Så førte han dei ut med sølv og gull,
ingen i stammane hans snubla.
38 Det var glede i Egypt då dei drog ut,
landet var slege av redsle for dei.
39 Han breidde ut ei sky til å dekkja dei
og ein eld til å lysa om natta.
40 Då dei bad, sende han vaktlar
og metta dei med himmelbrød.
41 Han opna berget, og vatnet strøymde fram,
det rann som ei elv i det tørre landet.
42 For han kom i hug sitt heilage ord
til Abraham, sin tenar.
43 Han lét folket sitt dra ut med glede,
sine utvalde med jubelrop.
44 Han gav dei land som andre folk eigde,
dei overtok det andre hadde streva for,
45 så dei skulle halda hans forskrifter
og ta vare på hans lover.
Halleluja!