lørdag 22. mars 2014

Salme 41,2-4

  2 Sæl er den som har omsorg for dei veike.
          På ulukkedagen friar Herren han ut.






   
 3 Herren vernar han og held han i live.
          lukkeleg er han i landet.
          Du overgjev han ikkje til grådige fiendar!
         
   
 4 Herren styrkjer han i sjukdomen;
          du forvandlar leiet hans når han er sjuk.


 Dette er herlege ord som bør motivera alle til å dra omsorg for veike menneske. For ulukkedagen kjem til alle, grådige fiendar kan fort dukka opp, det opplever dei i Ukraina i desse dagar, og sjukdom råkar alle før eller seinare. Då er det fantastisk å ha verdas sterkaste og flinkaste pappa med på laget, og det har du og eg dersom me tek oss av dei fattige, hjelpelause og utslegne.

onsdag 19. mars 2014

Salme 40,13-18

 13 For tallause ulukker omgjev meg,
          mine synder har nådd meg att,
          eg kan ikkje sjå.
          Dei er fleire enn håra på hovudet,
          motet har svikta meg.

Her klagar David over syndene sine. Han hadde lenge skubba dei frå seg og tenkte at dei med tida vart borte av seg sjølv. Men no hadde han blitt innhenta av fortida, og følgene av feila han hadde gjort før var sa vonde, så vonde for han.  Slik har det vore frå fallets dag: syndene våre genererer tallause ulukker, tek motet i frå oss og gjer oss åndeleg blinde. Synda er ekstremt destruktiv, og det er difor me må få henne ut av liva våre. Elles går me til grunne. Gud trekker seg attende, og me smuldrar opp på innsida. 
         
    14 Vis godvilje, Herre, og fri meg ut!
           Herre, skund deg og hjelp meg!

    15 Lat alle som står meg etter livet,
          bli til skamme og til spott!
          Lat dei som vil meg vondt,
          dra seg tilbake utan ære!
          
    16 Dei som ler og håner meg,
          skal bli slegne av skam.

Dette er i grunn eit ord til alle mobbarar. Dei som ringaktar andre menneske skal bli slegne av skam. Mobbarane trur alltid dei har overtaket, men han veit ikkje at han slost mot Gud. 
         
    17 Lat alle som søkjer deg,
          fryda og gleda seg i deg!
          Lat dei som elskar di frelse,
          alltid seia: «Stor er Herren!»
         
Dette er ei fin bøn for alle alle som elskar Gud. Den kan me gjerne ta inn som ein del av vårt eige bøneliv når me ber for kristne. 

    18 Men eg er hjelpelaus og fattig.
           Herren skal tenkja på meg.
          Du er mi hjelp, du bergar meg.

          Dryg ikkje lenger, min Gud!

Verset startar med ei erkjenning. David er hjelplaus og fattig. Han har ingenting å betala med innfor Gud. 
Så slår han fast at Herren skal tenkja på han, dvs. ta vare på han. Det er godt for eit truande menneske å slå fast det for seg sjølv. 
Så vender han seg direkte til Gud med ord som andar av tru: "Du er mi hjelp, du bergar meg", ord som alle truande bør ta i munnen sin og smaka på. Det gjer uendeleg godt i sjela. 

Salma blir så avslutta med at David ber Gud om å skunda seg, underforstått med å hjelpa han på rett kjøl og i godt humør igjen. 

fredag 14. mars 2014

Salme 40,10-12

10 Eg forkynte rettferd
          i den store forsamlinga.
          Eg heldt ikkje att mi tunge,
           Herre, du veit det.


Salmisten er ein forkynnar, og han har forkynt rettferd i den store forsamlinga. Den som skal forkynna, må forkynna rettferd, det er viktig. Kva er det? Frelse frå synd, lækjedom for sjukdom, fridom frå demoniske makter  og ein kjærleg og sann levemåte. Rettferd handlar om å reparera alt som djevelen har øydelagt for oss menneske, til Guds opprinnelege standard. 
Kven er det som forkynner rettferd? 
Først og fremst Jesus. Han forkynte på krossen at "alt er ferdig". Kva var han ferdig med? Frelsesverket. Guds frelse er gjennomført, og det må proklamerast for alle menneske slik at dei utan skam, frykt og vanære kan overgje liva sine til Gud.

    11 Di rettferd heldt eg ikkje skjult i hjartet,
          eg tala om din truskap og di frelse.
          Eg løynde ikkje di miskunn og di sanning
          i den store forsamlinga.


Ve meg om eg ikkje forkynner evangeliet, skriv Paulus. Å kjenna Guds frelse og halda denne skjult er svik. Ikkje noko mindre enn det. Difor held salmisten fram at DET hadde han i alle fall ikkje gjort. Han hadde trufast overgjeve Guds sanningar og Guds miskunn til "den store forsamlinga" , som her er eit uttrykk for Israels barn.
       
   
12 Herre, du vil ikkje
          halda di miskunn tilbake.
          Din truskap og di sanning
          skal alltid verna meg.



David er sikker på at Gud er god og vil ta vare på han, og han berre proklamerer det i dette verset. Gud er trufast og vil halda løftene sine, ingen grunn til å tvila på det, og Guds sanning, som er Guds ord, er verdas beste konserveringsmiddel når det kjem til dette med høve mellom menneske og Gud.
         

torsdag 13. mars 2014

Salme 40,5-9

   5 Sæl er den
          som set si lit til Herren,
          som ikkje vender seg til dei stolte,
          til dei som fell frå i løgn.



Å stole på Herren gjev ein lukketilstand. Den som trur på Jesus går rundt med ein vakker løyndom i hjarta som er slik: "Gud elskar meg, eg er eit uendeleg rikt og priveligert menneske."
Men "begynt er ikke endt" syng Brorson. Nokre vender seg faktisk bort frå den gode Gud, det ser me, og slår lag med stolte menneske, og fell frå i løgn. Stolhet er å setja sine eigne tankar over Guds tankar slik han openberrar dei for oss i Bibelen. Bibelen er sanning, slik som Jesus er sanning, og alt som me orienterer oss etter som ikkje stemmer med Bibelen, er løgn og fører oss bort frå Gud og den lukka som berre han kan gje oss menneske.
         
   
 6 Store ting har du gjort for oss,
           Herre, min Gud,
          underfulle verk og planar,
          ingen er din like.
          Vil eg fortelja og tala om dei,
          er dei for mange til å reknast.




Gud har gjort store ting for oss, og aller størst er det naturlegvis det han gav oss gjennom Jesus. Det merkelege er at dette ikkje var nokon panisk naudutveg, men ein plan han hadde lagt frå æva av. Han visste kva som kom, og hadde gjort opp med seg sjølv frå æva av kva som måtte gjerast for å frelsa oss menneskebarn. Trur du Gud let seg overraska av noko som helst av det som skjer på jorda? Nei, ikkje i det heile tatt. Han har alt teke høgde for alt, både det gode og det vonde, glede og så vel som sorg, og han har underfulle planar for korleis alt skal møtast og handterast. Merk deg at planane er underfulle. Gud står klar for å leggja si mirakelkraft ned i liva våre. 



David hadde rike erfaringar med Gud. Ja, då han ville vitna om Guds undergjerningar, var dei så mange at han ikkje kunne hugsa dei alle. Men eg er sikker på at han fortalde om så mange som han kom på, for Guds undergjerningar skal talast om. Det kan me lesa om i Salme 145.
         
   
 7 Du har ikkje glede i offer og gåver
          – du har opna mine øyre –
          brennoffer og syndoffer krev du ikkje.


Gud har ikkje glede over ytre religiøse seremoniar. Det har me vore innom før. Men han har stor glede av folk som høyrer på kva han seier. Saka er den: Me menneske er ikkje i stand til å høyra kva Gud seier før Gud opnar øyro våre. Når det skjer, får me ikkje nok av Guds ord, det som me før ikkje forsto vitsen med i det heile tatt.
Det Gud krev av oss er at me lyttar til han, legg ordet på hjarta, gjer det han seier og deler ordet med andre, og Gud den Heilage Ande hjelper oss til alt dette. Ingenting i kristenlivet kan eller treng du gjera i eigen kraft.
         
   
 8 Då sa eg: «Sjå, her kjem eg.
          I bokrullen er det skrive om meg.


Dette verset går veldig direkte på Jesus Kristus. Det var han som kom, og det er han som kjem, og det er Han som talar til oss i Det gamle testamentet, og det er han denne boka handlar om. "Skriftene vitnar om meg," sa Jesus. 
         
   
 9 Min Gud, å gjera din vilje gjev meg glede,
          di lov er djupt i mitt indre.»


Jesus fullførte Guds vilje til punkt og prikke. Han gjorde det han var sendt for å gjera, og alt på rette måten Han synda aldri mot den lova han sjølv hadde gjeve, og det Far synte han at han skulle gjera frå dag til dag, det gjorde han med glede. Lova var 100% integrert i hans personlegdom.

Slik kan det bli også for oss som følgjer han, me som er fødde på nytt og har fått Kristi sinn, me fullfører Guds vilje slik me finn han uttrykt i Bibelen med glede, likeeins dei spesielle planane som Gud i himmelen openberrar for den enkelte av oss.  

onsdag 5. mars 2014

Salme 40,2-4

2 Eg venta og vona på Herren.
          Han bøygde seg til meg og høyrde mitt rop.
         
   
 3 Han drog meg opp or den tynande grav,
          opp av den djupe gjørma.
          Han sette mine føter på fjell
          og gjorde mine steg faste.
         
   
 4 Han la ein ny song i min munn,
          ein lovsong til vår Gud.
          Mange skal sjå det og ottast
          og setja si lit til Herren.


David var komen ut i litt av ei hengemyr. Han fortel oss ikkje kva det var, men me veit jo at livet hans var dramatisk nok, med mange års flukt frå kong Saul, livstrugande sjukdom, alvorleg personleg synd, ektekspasproblem, og svære familieproblem. Støtt og stadig mangla han fotfeste og kontroll. 

v. 2
I slike situasjonar hadde han ofte berre ein ting å gjera: Å venta og vona på Herren. Truande har gjennom alle tider erfart at ein må det. Å be til Gud er ikkje å skru på ein knapp. Han svarer i rette tid, og det er sjeldan med ein gong. Men Gud er ikkje passiv i liva våre medan me ventar. Tvert om. I slike tider er me i Guds spesialskule, og han gjer forunderlege ting med oss då:  han lærer oss å tru utan å sjå, og å elska han for den han er, og ikkje for det han gjer. Medan me ventar på det skal skje som me ønskjer og lengtar etter, gjer Gud dei største under i liva våre utan at me tenkjer så mykje over det. Men saka er: Gud er aldri passiv i ditt liv.

Det er mange tynande graver her i verda. Det kan vera eit økonomisk uføre, eit rusproblem, ei psykisk liding, ein funksjonshemming, ein dødeleg sjukdom, eit syndig livsforhold du ikkje kjem deg ut or, ein konflikt du ikkje ønskjer og ikkje handterar, problem i ekteskapet, det kan vera krig, forfølging og flukt. Då er alt i oppløysing. Desse tynande gravene gjer oss redde og avmektige. 

v.3
Bodskapen i dag er: Han som sto opp frå grava 1 påskedag, vil dra alle sine vener opp av alle slags tynande graver når dei ber han om det. 

Peter gjekk på vatnet. Det gjekk bra så lenge han såg på Jesus. Men så tok han augo bort og såg på bølgjene. Då vart trua trekt ut av han, og han sokk ned i djupet. Hadde Jesus kontroll? Naturlegvis. "Herre, frels!" ropte Peter, og straks var Jesus borte hos han , bøygde seg ned og drog han opp. 

"Herre, frels!" er eit godt bønerop. Måtte alle syndarar koma i ein situasjon der dei må ropa til Herren om frelse. Då er Jesus hos dei og frelser dei ut av synda og gjer dei til Guds barn av nåde. 

Og alle som har opplevd frelse, bør gjera Peterbøna til si eiga daglege bøn på vegne av alle ufrelste: "Herre, frels!" Kanskje det skal vera vår bøn i den fastetida som me no går inn i. 

David opplevde Guds forløysande inngrep. Situasjonen endra seg mirakuløst og han fekk fast grunn under beina. Det er fantastisk: Gud frelser alle som ikkje kan frelsa seg sjølv, alle som ropar, ventar og vonar. Men det er ein bodskap i historia om Peter som me må få med oss: Hald blikket fast på Jesus, for så lenge du gjer det, går du på vatnet, og du slepp desse nedturane som elles kjem. 

v.4
David vart berga, og han kunne gå vidare med faste steg. Då steig humøret og lovsongen kom tilbake med større kraft enn før, ja, så pass at det vart ei åndeleg vekking rundt han.

Her er det ein sterk bodskap: Når Guds barn lovar og prisar Herren, kjem Herren nær, og folk rundt oss begynnar å ottast Gud og dei spring til han for å bli hans barn dei også. Er det så enkelt? Ja, så enkelt er det.

Og så ein ting til: David lova og prisa Herren etter at han hadde fått fast grunn under føtene. Det ligg ein sterk bodskap i Bibelen og den er slik: Gud skal lovast og prisast uansett, uansett om du sit til livet i uløyselege problem. Kva skjer då? Då erfarer du Guds nærvær midt i problema, og brått ser du at dei problema som du har er ingenting mot kor stor, mektig og god Gud er. Gud er mykje, mykje større enn alle våre problem, og når me lovar og prisar han, oppdagar me at det handlar ikkje om våre problem i det heile tatt her i livet. DET HANDLAR BERRE OM GUD.  Så har me i lovsongen fått ein herleg medisin mot sjølvopptattheiten.

DU HAR ALDRI NOKON GOD GRUNN TIL IKKJE Å LOVA OG TAKKA HERREN!