onsdag 17. juli 2019

Salme 78

I denne salma går Asaf gjennom Israels historie med Gud, ei ganske dramatisk kjærleikssoge. Ho er med sine 72 vers, etter det eg kan sjå, den nest lengste salma i Bibelen. Mønsteret er slik: Gud er trufast, men folket sviktar han, dei vert råka av hans vreide, noko som får til dei å angra og venda om, og Gud tilgjev dei og gjev dei ein ny start. Dette skjer ikkje èin gong, men gong etter gong.

Slik er denne salma også eit spegelbilete av våre liv som kristne. Me har det store privilegiet gong på gong å få starta opp på nytt med Gud, vår gode Far, han som for Kristi skuld, kvar stund og tid, tilgjev oss alle våre synder, så sant me lever som ærlege menneske, overgjevne til Han.

v.1. Gud talar, og han ber folket om å lytta til lova hans.
Utan at Guds lov vert forkynt, skjer det sjeldan at folk vender om. I dag talar Gud til folk gjennom oss som trur på Jesus, og me må læra oss å tala til folks samvit, forkynna både lova og evangeliet. Det er faktisk klin umogeleg å forkynna evangeliet utan å forkynna lova, for evangeliet er bodskapen om korleis me som er skuldige etter lova kan verta fri frå skulda vår.

Frå vers 2 er det Asaf som talar.

Vers 3-8. Kvar generasjon med truande har eit primæransvar i å formidla Guds ord til komande generasjonar, til barn og unge. I dette avsnittet ser me at Asafs foreldrgenerasjon fortalde til han og hans jamngamle, hans generasjon til sine barn, forat deira barn att skulle ha noko å fortelja til sine barn. Det normale er at Ordet vert formidla i familiane. Og den gode verknaden av dette kjem fram ved at barna held Herrens bod, og følgjer den trufaste Gud med ei fast ånd.

v.9 -72 og er så eit resymè over frelseshistoria frå utfriinga av Egypt og fran til kong David. Her vil det føra for langt å kommentera vers for vers. Men eg stoppa for nokre ting her.

v.9-10. Efraim er Israel. Salma er skriven på Davids tid, før riket vart delt i to. Efraim hadde flykta i strid. Grunnen var at dei hadde svikta Guds pakt og ikkje halde hans lov, og dei gløymde Guds mektige frelsesgjerningar, utfriinga frå Egypt, hans omsorg i øydemarka og erobringa av lovnadslandet, slik at trua deira ikkje fekk næring. Den historiske bakgrunnen for desse versa er truleg det som hende i dommartida. 

Dette lærer me: Når me som kristne ikkje lenger lever i samsvar med Guds lover, slik desse er forklart for oss  i Det nye testamentet, vert me åndeleg redde og svake. Me vik unna striden, og når fienden set inn mot oss, er me ute av stand til å møta han i Herrens namn og kraft. Me blir slått tilbake, marginaliserte og utan innflytelse, og mange fell frå Gud i hjarto sine. Det skjer i dag i stor stil.

v.19-22 startar med at "dei tala mot Gud". Det er mange som talar mot Gud i våre dagar når die betvilar hans vilje og makt til å dra omsorg for menneske i naud. Ateistane talar mot Gud når dei fornektar hans eksistens. Agniostikarar talar mot Gud når dei lever som ateistar og påstår at me ikkje kan vita noko som helst om Gud. Alle som fornektar Bibelens autoritet talar mot Gud, for dei heilage skriftene er alle fulle av Gud og gjer oss vise til frelse ved trua på Jesus.

Når folk talar mot Gud, får dei Gud til motstandar. Dei vert råka av hans vreide "fordi dei ikkje stola på Gud og leit på hans frelse." I dagens forkynning er dette perspektivet heilt fråverande.

v.32: Sjølv om folket vart straffa og tukta, heldt dei fram med å synda. Dei stolte ikkje på Guds verk. Den største av alle synder er å mistru Gud og gjera han til ein løgnar. Alle som forkastar Jesus og Bibelens ord er i den posisjonen. Folk som ekskluderer Gud frå liva sine, står i fare for å bli ekskludert av Gud i all æva. Difor må dei venda om frå syndene sine og overgje seg til Gud. Han vil så gjerne tilgje, reinsa og helga alle angrande syndarar.

v.35. Då erfarer dei at Gud er deira berg, dei får fast grunn under føtene sine, og at han er deira utløysar ved at han på Kristi kross sjølv har betalt heile skulda deira med sitt blod.

v.39. Han kom i hug av dei var kjøt og blod, ein vind som berre fer av stad. Menneske  er, i og for seg sjølv, eit skrøpeleg vesen . Gud veit dette, og tek høgde for det i sin omgang med oss. Men det var aldri Guds tanke at me skulle vera i og for oss sjølve. Me skulle vera saman med Han, Han ville vera i oss, og HAN ville vera vår styrke.  Utan Gud er me fullstendig fortapte, og me er djevelens høgst dødelege slavar.

v.52-54. Gud førte folket som ein saueflokk gjennom ørkenen etter at han hadde fridd dei frå egyptarane. Jesus seier: "Eg er den gode gjetaren." Han frelste oss frå våre synder, frå døden og djevelens makt, og han fører oss gjennom denne verdas ørken til himmellandet, det heilage landet,  det som han vann for oss med si "høgre hand", som eit symbol på hans frelsesgjerningar.

Men "dei heilage landet" var for Israels folk Israels land. Slik var det då. Slik er det i dag. Og slik vil det vera til Jesus kjem attende og set føtene sine på Oljeberget.

v.58-64. Israelittane begynte å dyrka avgudar. Me kan tenkja på gullkalven og på Baal og Astarte. Dette vekte Guds sjalusi. Israel var HANS brud, HANS ektefelle, og så gjekk ho hen og tok seg nye ektemenn, falske gudar, tomme gudar, avgudar, ikkje-gudar. Dette gjorde Gud rasande, og det enda med at han overgav dei til fangenskap. Bak all sjalusi ligg ein brennande kjærleik.

Tenk kor totalt annleis Gud er enn den litt fjerne, uinteresserte og upåverkelege skikkelsen som mange tenkjer han er. Nei, og atter nei. Han er uendeleg nær og aktiv i liva våre på alle nivå. Hadde ikkje vore for han, hadde ingen drege sin neste pust, og han gjer alt han kan for å reisa opp vitner og forkynnarar som kan tala til oss menneske slik at me forstår at han elskar oss, at han er vår Gud, at han er den einaste Gud, at han har skapt oss og frelst oss forat me skal kunna leva med han i tid og æva.

I vers 61 vert Israel kalla "Guds makt" og "Guds glans", noko som minnar oss på ei viktig sanning: Gud uttrykkjer seg i verda gjennom sitt folk. 

v.65-72. Da vakna Gud! Han hadde vore som i ein rus og overgjeve folket sitt til fienden, og det stod elendig til med hans kjære. Då vakna han! For eit uttrykk. Gud kom til seg sjølv. Han fekk fatninga attende, og såg at han kunne jo ikkje halda fram på denne måten og la si kjære for alltid måtte betala så dyrt for sitt fråfall. Nei, her måtte noko gjerast for å berga restane, og han sende ein frelsar, ein utløysar, ein som kunne betala det brura skulda.

Israel fekk David. Kyrkja fekk Davids Son. David gjette Israel og fekk løfta nasjonen opp til ny stordom, så lenge det varte. Jesus Kristus, Davids Son, er han som i dag gjeter alle truande frå alle stammer og riker. Han gjeter oss med sitt ord og med sin Ande, han fører oss ut til alle folkeslag for at hans rike skal etablerast i kvar ein avkrok på jorda. Det skjer under stor motstand.  Men så, når det store oppdraget er fullført, kjem han attende for å dømme levande og døde. Djevelen skal kastast i eldsjøen, og me skal sjå Gud og for evig vera saman med han i rettferda sitt rike. Der er det ikkje gråt eller sorg, inga synd, ingen vondskap. Alt slikt er borte, og me får leva i evig glede nær gjetaren vår, han som me trudde på, og som me då skal sjå.

mandag 1. juli 2019

Salme 77

v.2-3. Asaf er skikkeleg fortvila og ropar, ja, skrik høgt til Gud. Sjølv om han er i skikkeleg trøbbel, og søkjer Gud dag og natt, har han tru på å bli høyrt, men finn likevel ikkje ro.

v.4-5. Når han tenkjer på Gud, må han berre ynka seg. Det folket hadde saman med Gud ein gong, er no borte, og tanken på dette enorme tapet får ånda hans tørkar ut. Han får ikkje sova, og han har heilt gått opp for ord.

v.6-10 Han forsøker å tenkja på farne tider då Gud var i aksjon for folket sitt, men no lurer han på om Gud har forkasta dei for alltid, og om han aldri har tenkt å endra innstilling og behandla dei godt meir (gje dei favør, som det vel heiter i våre dagar). Han lurer på om det aldri meir skal bli trøyst å henta hos Gud, om dei alle har hamna utanfor hans nåde, om Gud har lukka og låst døra for evig. Om det er mogeleg? Nokre, ja, mange vil koma til å oppleva akkurat det. Men ikkje dei som fryktar det. Slett ikkje.

v.11-21. Asaf pressar på hos Gud. Det er førebiletleg. Han vil appellera til den frelsens Gud som i gamal tid hadde fridd folket ut av Egypt, ført dei gjennom Raudehavet, gjeve dei mat og vatn i ørkenen, overvunne fiendane deira og ført dei inn i Kanaans land. Han er ein Gud som gjer under for folket sitt, som trufast leier det mot nye mål.

Asaf tek eit val: Han løftar blikket. Når me ser innover i oss sjølve, finn me ikkje svar på dei store spørsmåla i livet, knapt på dei små. Men løftar me blikket og ser på Gud, på det han har sagt og gjort før, får me tru og håp.

Det avgjerande for framtida vår er kva me forkuserer på og gjev kraft i liva våre.