lørdag 16. mars 2019

Salme 68, 16-19

   v. 16. Basan ligg nord i Israel. Det er eit fjellrikt område. Men dei fjella me les om her er fyrstane i Basan. 

v.17. Desse ser skeivt til kongen i Jerusalem, og til Sionfjellet, der Herren for alltid vil bu. 

Og slik er det i dag også. Verda ser skeivt til Israel og til Jerusalem, og mange statsleiarar snakkar ned Jødeland og det jødiske folk og leitar etter feil som dei kan påpeika hos leiarane deira. Det føregår ein langvarig og tolmodig mediakamp mot landet og folket. Det er farleg for oss alle, for me er kalla til å tala vel om dette folket og velsigna det. 

Men Jerusalem er Guds by, og ein dag kjem Herren Jesus att for synleggjera dette faktum. 

v.18. Gud har ein stor usynleg hær. Denne kan me lesa om i 2. Kongebok kapittel 6. Englar har slått ring rundt Jerusalem og passar på innbyggjarane der. 

Det skal me få tru om den sanne kyrkja også, oss Jesustruande heidningar, at Gud er nær hos oss og passar på oss i all slags naud og fare. Hadde han ikkje vore det, hadde det vore ute med oss for lenge sidan. Det hadde ikkje eksistert noko kyrkje lenger.

Gud er framleis av same kaliber som då han openberra seg i makt på Sinai og gav lovene sine, lover som framleis er gode, heilage og gyldige, så nær som seremoniallovene som ein gong for alle vart oppfylte og overflødiggjort ved Jesu død og oppstode. Når realiteten er komen, har det inga meining å ta vare på evig repeterande handlingar som peika framover mot det som skulle koma. 

Vers 19 handlar i følgje Efesarbrevet 4 om Jesus. Her, som mange andre plassar, skil Septuaginta seg frå den masoretiske teksten som ligg til grunn for oversettinga av GT. Men skal me prøva å samordna dette, blir det kanskje slik: Jesus Kristus steig opp i det høge, fòr opp til himmelen, for å bu der, ja, men også for å regjera over himmel og jord, og ikkje minst:  styra kyrkja og misjonsarbeidet. Frå kyrkja tek han imot gåver, folk som vigslar seg til heiltids og langtids misjonsteneste, slik at han kan senda ut ordet sitt og fanga opprørarar, Paulus er sjølv eit døme på det, og etter at han har transformert opprørarane med Andens kraft og kjærleik, gjev han dei attende til kyrkja som apostlar, profetar, evangelistar, hyrdar og lærarar som kan, og skal,  utrusta dei heilage til all god gjerning.  
          
          
   

onsdag 13. mars 2019

Salme 68, 12-15

For mange år sidan las eg bøkene til den norske kinamisjonæren Marie Monsen. I den eine av dei, den som ber tittelen: "Vekkelsen ble en Åndens aksjon",  skreiv ho om den betydninga vers 12 i Salme 68 fekk for henne den tida ho stod i teneste i Henanprovinsen. Der braut det ut ei vekking rundt Marie Monsen som pågår enno. Broder Yun, Den himmelekse mann, meiner faktisk at den enorme vekkinga i Kina i dag kan sproast attende til denne originale og myndige kvinna som rekrutterte bibelkvinner til å reinsa rundt og forkynna om Jesus for folket, og menneske som var bundne med tjukke lenker til grove synder og fanga av demoniske makter knytt til avguderi vart sett mektig fri ved at desse kvinnene svinga Andens sverd, som er Guds ord. Det vart kamp og møye, men den eine etter den andre syndeslaven vart løyst, kongar over hærar (åndsfyrstar) flykta (v. 13), og kvinnene kunne dela bytet, dvs frelste sjeler.   

v.14 handlar om at i slike tider med velsigning, blir det nok rikdom også for dei fattigaste,  for "dei som ligg mellom sauene". 

v. 15. "Den veldige" er Gud. Då han spreidde kongane, dvs då dei demoniske maktene måtte sleppa taket, kom det snø på Salmonfjellet, noko som er eit uttrykk for rik velsigning. Guds velsigning løysest mektig ut når me som Guds barn med våre kraftfulle og målretta bøner nedkjempar dei demoniske maktene me har rundt oss og som påverkar folk til synd og vondskap.



fredag 8. mars 2019

Salme 68,8-11

 v.6-7. Guds heilage bustad er i dag kyrkjelyden. Slik som Gud er, skal kyrkja hans vera, ein far for farlause, ein forsvarar for enkjer, ein heim for einsame og ein plass der fangar opplever fridom, lukke og trivsel, altså ein institusjon som frelser syndarar, hjelper dei sosialt vanskelegstilte og inkluderer dei ekskulderte. 

Opprørarar er dei som ikkje vil bøya seg for Gud og hans ord. Dei søkjer ikkje Gud i hans kyrkje, og blir ståande utanfor samfunnet med han, og for evig blir dei buande i eit audt og avsvidd land, som er ein metafor for den åndelege død som rår der Gud ikkje rår.

v.8-9. Skildrar den tida då Gud førte Israel gjennom ørkenen frå Raudehavet til Jordanelva. Jorda skalv og himmelen draup, dvs. at både hans veldige makt og hans velsigning følgde dei gjennom alle desse 40 åra.

v.10-11. Då dei kom fram til det landet Gud hadde lova dei, strøymde regnet ned og han gav dei styrke. I Midt-Austen er regnet som regel svært kjærkome, ja, reine godveret. Dei er heilt avhengig av dette forat det skal bli noko grøde. Skal folk slå seg ned ein plass, må det vera ein plass der det kjem regn til rett tid, vårregn og haustregn, som profeten Joel skriv om.

Men regnet er også eit bilete på Den heilage ande. Når han let himmelen regna ned over Guds kyrkje, blir det nytt liv i folk, og mange nye kjem til tru på Jesus og erfarer at livet frå Gud og saman med Gud er noko heilt anna enn det livet dei levde før dei vart kjende med Gud.

I det å skapa vekking er me som kristne heilt hjelpelause. Ingen av triksa våre skaper åndeleg liv i folk. Men når Gud sørger for oss og ser til oss, då blir det glede i Guds hus, og me prisar og lovar Gud fordi han er så inderleg god.

          
   

          
   
  

lørdag 2. mars 2019

Salme 68,1-5

Vers 2 er ein lovnad. Gud skal reisa seg. Motivet er kjent. Når Gud reiser seg, er det for å intervenera i ein fortvila situasjon, for å frelsa folket sitt som er undertrykt av fiendar. Det inneber at folket sine fiendar, som også er Guds fiendar, må rømma og trekka seg bort. 

Gud har mange fiendar i dag, menneske som opponerer mot hans ord, menneske som ikkje vil anerkjenna hans overherredøme, menneske som vil leva etter sine eigne reglar, menneske som hatar Gud og forfølgjer hans kyrkje, dei som forkynner hans lover som sanne, rette og gyldige. Ein dag skal Gud reisa seg, og då må dei rømma frå han. 

v.3. Dei som opponerer mot Gud og hans ord er urettferdige menneske. Gud skal driva dei bort som om dei var røyk, dei skal smelta som voks for elden og går til grunne. Når Gud bestemmer seg for å ta eit oppgjer med menneske som har forkasta han og hans bod, blir dei små og hjelpelause.        
v.4. Men dei rettferdige skal gleda seg. Kven er dei rettferdige? Det er dei som har Gud som gud, dei som bøyer seg for hans ord og som stolar på det han har sagt, ja som elskar ordet hans og nærer seg av det, dei som lovar og prisar han natt og dag og som gjer det gode. Dei skal fryda seg for Guds ansikt. Å vera for Guds ansikt betyr å ha personleg fellesskap med han.  Det å nyta det personlege fellesskapet med Gud, han som skapte himmel og jord og som elskar oss menneske så ufortent, fyller dei med ei useieleg glede. Slik må det vera for det er dette alle menneske er skapte til og for. 
          
v. 5 er ei oppfordring til å synga for Gud og lovsynga hans namn. Menneske er eit syngande vesen. Gud har skapt oss slik at me kan synga, og han vil at me skal synga for HAN. Alle plassar der det er fest og glede, er det sang. Gud elskar sang, og han gjev oss heile tida nye songar som me saman kan synga for han og gleda han og kvarandre med. Slik sett lever me no i ei fantastisk tid. 

Gud rid gjennom øydemark, les me her, og me blir oppfordra til å rydda veg for han. Korleis gjer me det? Jo, ved å lovsynga han seint og tidleg. Øydemarka er eit bilete på eit etter måten livlaust område her i verda. Saka er den: Verda er blitt ein åndeleg sett daud plass. Men Gud er på frammarsj for å grunnleggja og fremja sitt rike, fullt av liv og glede. Når me som elskar Gud, lovar og prisar han, ryddar me veg for han, og hans sak får framgang i verda. Nye menneske kjem til tru, og midt i øydemarka dukkar det opp oasar, nye kyrkjelydar der livet spirer og gror, plassar der Gud får ære og pris. Lovsongen, gjeven av Gud, driv døden bort, og fremjar tru og åndeleg liv i og hos menneske som lever mellom og saman med Guds jublande barneflokk.