fredag 8. mars 2019

Salme 68,8-11

 v.6-7. Guds heilage bustad er i dag kyrkjelyden. Slik som Gud er, skal kyrkja hans vera, ein far for farlause, ein forsvarar for enkjer, ein heim for einsame og ein plass der fangar opplever fridom, lukke og trivsel, altså ein institusjon som frelser syndarar, hjelper dei sosialt vanskelegstilte og inkluderer dei ekskulderte. 

Opprørarar er dei som ikkje vil bøya seg for Gud og hans ord. Dei søkjer ikkje Gud i hans kyrkje, og blir ståande utanfor samfunnet med han, og for evig blir dei buande i eit audt og avsvidd land, som er ein metafor for den åndelege død som rår der Gud ikkje rår.

v.8-9. Skildrar den tida då Gud førte Israel gjennom ørkenen frå Raudehavet til Jordanelva. Jorda skalv og himmelen draup, dvs. at både hans veldige makt og hans velsigning følgde dei gjennom alle desse 40 åra.

v.10-11. Då dei kom fram til det landet Gud hadde lova dei, strøymde regnet ned og han gav dei styrke. I Midt-Austen er regnet som regel svært kjærkome, ja, reine godveret. Dei er heilt avhengig av dette forat det skal bli noko grøde. Skal folk slå seg ned ein plass, må det vera ein plass der det kjem regn til rett tid, vårregn og haustregn, som profeten Joel skriv om.

Men regnet er også eit bilete på Den heilage ande. Når han let himmelen regna ned over Guds kyrkje, blir det nytt liv i folk, og mange nye kjem til tru på Jesus og erfarer at livet frå Gud og saman med Gud er noko heilt anna enn det livet dei levde før dei vart kjende med Gud.

I det å skapa vekking er me som kristne heilt hjelpelause. Ingen av triksa våre skaper åndeleg liv i folk. Men når Gud sørger for oss og ser til oss, då blir det glede i Guds hus, og me prisar og lovar Gud fordi han er så inderleg god.

          
   

          
   
  

Ingen kommentarer: