tirsdag 30. juni 2009

Salme 8


Dette er ein av dei mest kjende salmene. Det er ei skapingssalme der hovudtema er Guds stordom og menneske sin opphøgde plass i skaparverket.

v.1 er ein hyllest til Guds namn og herlegdom. David startar med å kalla på Herren: "Herre, vår Gud". Tenk å få kalla Herren for VÅR Gud. Og då må me spørja? Kven sin Gud er Herren? Og i denne salmen er svaret universelt: Han er menneska sin Gud. Og alle menneske som ynskjer å ha Herren til Gud, får retten til å kalla seg hans barn, eg dermed kan dei kalla han SIN Gud. Det er menneske sin adel me rører ved her.

Så litt om Guds namn: Mange skjønar ikkje dette med Guds namn. Det er fordi dei ikkje elskar Gud. Men for den som elskar Gud, vil alltid hans namn vera ufatteleg kjærkome. Slik er det forresten uansett kven du elskar. Elskar du personen, elskar du namnet hans/hennar.
Guds herlegdom er som før sagt ein kombinasjon av Guds makt, godleik og venleik, og gjennom alt han gjer uttrykker han sin herlegdom. Hans herlegdom står over alt som er skapt, og den strålar ut frå Gud og forvandlar alt og alle som vert eksponert for han. Jmf Moses. Andletet hans skein som sola etter 40 døger åleine med Gud.

v.2: Gud let småborna vera berarar av sin herlegdom, og når dei syng til Guds pris, bryt Guds kraft gjennom og Guds fiendar og dei som trår etter hemn blir stille.
Me ser gjerne på småborn som uferdige kristne, og talar ikkje så vakkert om barnetrua, og er i tvil om det kan vera noko frelse i den. Men Gud ser på barna som mønsterkristne, så kan jo me andre berre klø oss i hovudet over det. Men når Gud forsvarer si ære på jorda, gjer han det alltid gjennom menneske som ingen andre reknar med.

I møte babyar vert alle stille. Når me ser desse små fullkomne kroppane, fyllest me med ærefrykt for Skaparen. Og det er kun så lenge babyar vert fødde at det kan oppfyllast som Herren seier: at hans namn skal prisast frå generasjon til generasjon. Babyar fremjar altså Guds planar.

v3-4 David ser utover i universet og undrar seg over dimensjonane i skaparverket. Kva kan vel eit lite menneske bety i denne samanhengen? Kva kan grunnen vera til at Gud alltid tenkjer på oss, og at han kjem til oss for å vera saman med oss?

v.5-8 gjev svar: Menneske er stort pga sine åndsevner (som liknar på Guds) og pga Guds hensikt med oss. Menneske er krona (dvs kongevigsla) med herlegdom og ære, og er sett til å råda over skaparverket. Menneske har ikkje sitt opphav i dyreverda, men i Guds suverene og separate skaparakt. Dersom me ikkje trur og skjønar dette, vil me koma til å handsama kvarandre som dyr og ikkje som som Guds kjære og betrudde barn. Difor er det slik at den som myrdar eit menneske, myrdar Gud. Desse versa er eit ekko av 1.Mosebok 1 der Gud ber dei første menneska å råda over både husdyr og villdyr.

Jesus kallar seg Menneskesonen. Paulus kallar han for "den andre Adam". Gjennom Adams fall tapte menneskeætta Guds herlegdom fordi ho tapte tilgangen til Gud. Men Gud kom til oss i Kristus Jesus og forlikte verda med seg sjølv igjen, og ved trua på Jesus, idealmenneske,b får me igjen del i Guds herlegdom og blir kloke og ansvarlege forvaltarar av skaparverket i samråd med Skaparen.