lørdag 17. februar 2018

Salme 60,5-13

Vers 5 understrekar poenget i vers 3-4: Gud let folket sjå harde tider. Han "gav dei vin," les me, slik at "dei tumla". Tanken om at Gud skjenkjer gudlause folk vreidevin finn ma att også i Jeremia 25,15-16 og i Openberringa 14,10. 

Sjølv om vinen i det alt vesentlege er positivt vurdert i Bibelen, er ikkje boka på nokon måte framand for dei destruktive kreftene som er i drikken. Når Guds dom råkar, bryt ting saman slik dei også gjer når folk ragar fulle omkring utan vit og forstand.

vers 6 handlar om Jesu Kristi kross. Det er den fana truande menneske stiller seg under. Krossen er vårt identitetsmerke, og den einaste plassen der djevelens klagemål og Guds vreide ikkje når eit menneske.

Vers 7 er ei inderleg bøn om berging.

Vers 8 - 10  markerer eit vendepunkt i salma. Gud har tala. Han har svart  på Davids bøn og forsikra han om at Israels ulike stammer og landområder tilhøyrer han sjølv, og at fiendane har ein underordna posisjon i Guds historiske planar samanlikna med Israel.

Vers 11 er eit spørsmål frå David si side. Kven kan støtta han i striden mot Edom, ein land sør for Daudehavet. Svaret er Gud. Trass i at han ein gong ikkje drog ut med Israels hærar, har David god grunn til å tru at han ville går ut med dei denne gongen og sikra siger.

I vers 12 ber David om Guds støtte mot fienden, og markerer at han slett ikkje stolar på menneskehjelp. Deira hjelp er ingenting verd. Slik er det den dag i dag. Me skal stola på Gud og elska våre medmenneske, men ikkje leggja liva våre i hendene på våre medmenneske. Det blir heilt feil.

Uttrykket i vers 13 er flott: "I Gud gjer me storverk." DET burde vore eit flott kristent motto. Når me er i HAN, driv me fienden på flukt, bergar menneske frå undergangen, lækjer dei sjuke og set fri dei som er bundne av djevelen. Ikkje noko stort er umogeleg for oss då.