tirsdag 23. april 2013

Salme 35,1-9

Av David.
      
           Herre, strid mot dei som strider mot meg.
          Kjemp mot dei som kjempar mot meg!
        
   
 2 Grip rundskjold og langskjold,
          reis deg og hjelp meg!
        
   
 3 Ta spyd og stridsøks fram
          mot dei som jagar meg.
          Sei til meg: «Eg er di frelse!»
        
   
 4 Lat dei som står meg etter livet,
          bli til spott og skam.
          Lat dei som tenkjer ut vondt imot meg,
          dra seg attende med skam!
        
   
 5 Gjev dei må bli som agner for vinden
          når Herrens engel støyter dei bort.
        
   
 6 Gjev deira veg blir mørk og glatt
          når Herrens engel jagar dei.
        
   
 7 For utan grunn har dei spent ut sitt garn,
          utan grunn har dei grave ei fallgrav for meg.
        
   
 8 Måtte ulukka koma uventa over han.
          Måtte garnet han spente ut, fanga han sjølv.
          Måtte han falla i ulukke!
        
   
 9 Men eg skal jubla i Herren
          og gleda meg over hans frelse.


Salme 35 har eit sterkt fiendemotiv. Innhaldet i salma er ganske framand for oss kristne som snakkar nynorsk og bur i Noreg. Men det er berre dei ferraste av Guds barn som gjer det. Dei fleste kristne i dag er på ein eller annan måte utesette for grov baktale, diskriminering og stygge overgrep frå klårt definerte fiendar, slik som Jesus i si tid. 

Det kan vera styresmaktene i eit land som utgjer fienden, religiøse autoritetar, religiøse ekstremistar, kapitalinteresser eller storfamiliar. Alle desse grupperingane kan ha interesse av at kristne vert brakt til tausheit, eller at dei seier i frå seg trua og konverterer til den "rette" trua som dei sjølve representerer. Mange, mange tusen kristne vert årleg drepne fordi dei står opp for Jesus. Enno fleire vert fengsla og trakasserte. 

Kristne kan ikkje hemna seg. Hemnen høyrer Herren til. Men ein kan be om at fiendane som vil det vonde ikkje lukkast i planane sine, og at Herren nedkjempar dei, at han sjølv fell i garnet han har spent ut for andre, ja, at han fell i ulukke. 

Er dette syndig? Nei, det kan det umogeleg vera. I salmane er jo frelse like mykje å bli frelst frå fiendar som å bli frelst frå synd og straff. Det er altså lov å be slik. Ikkje berre for sin eigen del, men for fiendane si skuld. Dei har ikkje godt av å lukkast med det dei held på med. Vert dei audmjuka, kan dei bli frelste.

Dette fråtek oss imidlertid ikkje den plikt me har til å elska dei, be for dei også med positive ord og gjera vel mot dei. Det gjer Jesus heilt klårt for oss i Bergpreika. 

Eg vil ikkje gå inn i detaljane i versa. Det er ikkje naudsynt. Berre enno ein gong poengtera at det alltid er god grunn til å prisa og lova Herren, sjølv om livet er kjipt og folk er kjipe. David visste det, difor bryt han i vers 9 ut i lovprisning og proklamerer at han vil jubla i Herren og gleda seg over hans frelse. Det handlar om å festa fokus på rett plass.

torsdag 11. april 2013

Salme 34,16-23

 16 ע Herrens auge følgjer dei rettferdige,
          hans øyre høyrer deira rop.
         
   
 17 פ Herrens andlet er vendt mot dei som gjer det vonde,
          han skal utrydda minnet om dei frå jorda.
         
   
 18 צ Dei rettferdige ropar, og Herren høyrer,
          han bergar dei ut or alle trengsler.
         
   
 19 ק Herren er nær hos dei som har eit sundbrote hjarte,
          han frelser dei som har ei knust ånd.
         
   
 20 ר Mange ulukker rammar den rettferdige,
          men Herren friar han ut av dei alle.
         
   
 21 ש Han tek vare på kvart bein i hans kropp,
          ikkje eitt av dei skal brytast.
         
   
 22 ת Ulukke drep den lovlause,
          dei som hatar den rettferdige, blir straffa.
         
   
 23 Men Herren bergar livet til sine tenarar,
          ingen som søkjer tilflukt hos han, blir straffa.


v.16 er trøystefull tale. Dei rettferdige er dei som stolar på Gud og som held hans bod. Slike menneske blir rekna rettferdige pga trua, og dei har fått den Ande som gjer at dei lever rettferdig, dvs etter kjærleikens lover. Desse menneska har Guds gode auga kvilande på seg. Han slepper dei aldri av syne, og lyttar ekstra nøye til bønene deira. Kvart truande menneske som strekker seg etter å leva etter Guds ords standard kan trygt rekna med at denne lovnaden gjeld han/henne.  Jakob skriv: Ein rettferdig manns bøn har stor verkekraft. Dette er også tema for vers 18. 

v.17: Dei som gjer det vonde har Gud som motstandar. Dei skal ikkje hugsast. Det siste gjeld for den komande verda. Då skal minna etter dei vonde viskast bort for alltid. 

v.19 er fullt av trøyst for den knuste kristne. Kven er det? Den som er råka av sorg over eigne eller andre sine synder, den som blir forfølgt for trua si, torturert og fengsla for Jesu sak, den som er blitt sviken og forlaten av ektefellen, den som har fått ein stygg diagnose, den som har opplevd dødsfall i nær familie, den som har mista jobben og det økonomiske grunnlaget, det kan vera så mangt. I slike situasjonar opplever folk Gud langt borte. MEN DÅ ER HAN NÆRARE ENN NOKON GONG. Det er bodskapen i dette verset. Dette føler me ikkje, det må gripast i tru. Då vil etter kvart kjenslene spela på lag. Guds frelse er her i vid meining, det handlar om attreising av heile menneske. Frelsa gjeld ikkje berre det neste livet, men også det livet me lever her. Gud frelser oss ikkje berre frå synd, men også frå mangt anna som vil riva oss ned og gjera oss ulukkelege. Og hugs: Frelse tek me imot i tru og med takk. 

v.20 er ein variant av vers 19. Men her blir det poengtert at for den truande kristne er ikkje ulukker ein sjeldan sak. Dei er mange, les me. Det må du vita som opplever det uforståelege. Kvifor skjer dette med meg? Kvifor vernar ikkje Gud meg mot slikt? Det er fordi du er i hans skule, og du skal vita at så mange som ulukkene er, så mange er Guds frelsesgjerningar, og kvar gong eit menneske erfarer Guds trufaste inngrep, blir ein litt betre kjent med han og elskar han litt meir enn før. 

v.21 syner oss at denne salma strengt tatt handlar om Jesu liding. Ingen bein vart brotne hos han, det poengterer evangelisten Johannes som ei oppfylling av dette ordet. 

v.22 lærer oss at den lovlause vert drepen av den ulukka som råkar, medan den rettferdige vert fria ut. Den lovlause er den som ikkje anerkjenner Guds lover som gyldige for livet sitt. Den som opponerer mot Gud formar sin eigen undergang, like eins dei som hatar og forfølgjer rettferdige. Dei blir råka av Guds strenge dom.

v.23 er eit herleg evangelium. Først vert lovnaden om utfriing teken opp att. Dernest vert det poengtert at den som søkjjer tilflukt hos Gud, dvs vel å stola på han og ordet hans, ikkje skal lida straff, men bli frikjent i domen. Og dette er hjarta i den kristne trua. Me får det som Jesus hadde fortent, og han fekk det som me hadde fortent. Han vart handsama som om han var oss, og me vert handsama som om me er han. Så stor kraft og betydning har trua. 

mandag 8. april 2013

Salme 34,12-15

12 ל Kom hit, born, høyr på meg!
          Eg vil læra dykk frykt for Herren.
        
   
13 מ Er du ein som har glede av livet,
          som elskar å sjå gode dagar?
        
   
14 נ Hald då tunga borte frå det som er vondt,
          og leppene borte frå svikefull tale.
        
   
15 ס Vend deg bort frå det vonde og gjer det gode.
          Søk fred og jag etter han!


Denne delen av salma høyrer med til visdomslitteraturen. Folk i våre dagar vil kalla det for "moralisme", men truande menneske kallar det "oppseding i rettferd", for å låna eit uttrykk frå Paulus sitt 2. brev til Timoteus kap 3. 

 I vers 12 inviterer salmisten oss til "å koma til seg" og høyra på han. Det ligg implisitt her at å koma til salmisten er einsbetydande med å koma til Gud, for salmisten talar ord frå Gud. Å koma til Gud er det same som å ha samfunn med han. Dette er viktig, for moral utan samfunn med Gud blir "moralisme", men moral som spring ut frå samfunn med Gud kallar me kjærleik i praksis. 

Å høyra på Gud inneber å innretta seg etter hans ord. Frykt for Herren kan og må lærast, ingen har det i seg. Gudsfrykten kjem med Guds ord.  

v.13-15 er ei oppskrift på sann lukke som liknar på det me les i Salme 15, og her, som der, vert lukke og livsstil kopla saman. Det handlar om å passa tunga, snu seg bort frå vondskap, syna godleik til alle, forhindra konfliktar og jobba for fred.  

Vanlegvis vert lukke kopla saman med kjøpekraft. Men dette eit blindspor. Den som lever rett, fremjar både si eiga og andre si lukke.

 

søndag 7. april 2013

Salme 34,7-11

   7 ז Den hjelpelause ropa, og Herren høyrde,
          han frelste han frå alle trengsler.
         
   
  8 ח Herrens engel slår leir
          rundt dei som ottast han.
          Han friar dei ut.
         
   
  9 ט Smak og sjå at Herren er god!
          Sæl er den som søkjer tilflukt hos han.
         
   
 10 י Frykt Herren, de hans heilage!
          Dei som ottast han, lid inga naud.
         
   
 11 כ Unge løver lid naud og svelt;
          men dei som søkjer Herren,
          manglar aldri det som godt er.


v.7 er eit personleg vitnemål. David sine problem var uoverkommelege. Den einaste vegen som var fri for han var vegen oppover, mot Gud. Difor ropa han til Gud, dvs han bad i stor affekt, og Herren høyrde han og frelste han. Gud grip alltid inn og hjelper når fortvila menneske overgjev saka si til han.

v.8 går nærare inn på kva som skjer når Guds barn er i naud: Herrens engel, dvs Herren sjølv kjem til dei og omsluttar dei og vernar dei på ein spesiell måte, og så friar han dei ut. Problema kan gjerne dra ut i tid. Men Guds hjelp kjem med ein gong, først som vern, så med utfriing. Ingen må tenkja slik at hjelpa ikkje kjem før ein vert utfridd. Nei, Guds vern kjem med ein gong. Gud reagerer momentant når hans barn ropar i si naud. Han kjem og dekkar dei med seg sjølv. Dette må me gripa i tru. 

v.9: Når tidene bli  slik, er det for at me skal få smaka på Gud. Det hebraiske ordet for smaka, "ta`am", tyder i overført meining "oppøvd dømekraft". Den som gjennom vanskelege tider har fått eit oppøvd sinn, er blitt ein åndeleg "finesmecker".  Han/ho veit korleis Gud smakar, og har lært seg å skilja Gud frå ting som berre likna på han. Dei har erfart og kjent hans godleik i sjela, og etterpå kan dei ikkje få nok av han, og dei går alltid til han, vil vera hos han, ta han inn med alle sansane sine. Det er dette som er å "søkja tilflukt hos han." Det går på det nære personlege fellesskapet med han. 

I vers 10 vert alle heilage igjen oppfordra til å ottast Herren, dvs lyda han i alt han seier til oss. Då vil me ikkje mangla noko. Held me hans bod, då får me framgang der me ferdast, og alt skal lukkast for oss (Josva 1,7).

v.11: Unge løver er unge menn som stolar på si eiga kraft. Dei vil lida naud. Alle møter til slutt grensene sine. Men Gud sørger for dei som søkjer han, dvs lever i bøn og fremjar hans interesser i verda. Å søkja Gud er eit fint uttrykk. Det skildrar retninga på ein kristen sitt liv. Det handlar alltid om Gud. Det er hans fellesskap som er viktig og hans interesser som tel. Dei fleste menneske søkjer berre sitt eige. Dei er autonome og styrer liva sine sjølve, er sine eigne gudar. Men dei heilage søkjer Gud og lever for å realisera hans planar og draumar i verda. Dei manglar aldri det som godt er. Dei vil alltid ha det dei treng av jordiske goder, og i tillegg  har dei jo linka seg til Gud med alle dei ressursane han rår over. Det er ei vinnaroppskrift.