tirsdag 23. april 2013

Salme 35,1-9

Av David.
      
           Herre, strid mot dei som strider mot meg.
          Kjemp mot dei som kjempar mot meg!
        
   
 2 Grip rundskjold og langskjold,
          reis deg og hjelp meg!
        
   
 3 Ta spyd og stridsøks fram
          mot dei som jagar meg.
          Sei til meg: «Eg er di frelse!»
        
   
 4 Lat dei som står meg etter livet,
          bli til spott og skam.
          Lat dei som tenkjer ut vondt imot meg,
          dra seg attende med skam!
        
   
 5 Gjev dei må bli som agner for vinden
          når Herrens engel støyter dei bort.
        
   
 6 Gjev deira veg blir mørk og glatt
          når Herrens engel jagar dei.
        
   
 7 For utan grunn har dei spent ut sitt garn,
          utan grunn har dei grave ei fallgrav for meg.
        
   
 8 Måtte ulukka koma uventa over han.
          Måtte garnet han spente ut, fanga han sjølv.
          Måtte han falla i ulukke!
        
   
 9 Men eg skal jubla i Herren
          og gleda meg over hans frelse.


Salme 35 har eit sterkt fiendemotiv. Innhaldet i salma er ganske framand for oss kristne som snakkar nynorsk og bur i Noreg. Men det er berre dei ferraste av Guds barn som gjer det. Dei fleste kristne i dag er på ein eller annan måte utesette for grov baktale, diskriminering og stygge overgrep frå klårt definerte fiendar, slik som Jesus i si tid. 

Det kan vera styresmaktene i eit land som utgjer fienden, religiøse autoritetar, religiøse ekstremistar, kapitalinteresser eller storfamiliar. Alle desse grupperingane kan ha interesse av at kristne vert brakt til tausheit, eller at dei seier i frå seg trua og konverterer til den "rette" trua som dei sjølve representerer. Mange, mange tusen kristne vert årleg drepne fordi dei står opp for Jesus. Enno fleire vert fengsla og trakasserte. 

Kristne kan ikkje hemna seg. Hemnen høyrer Herren til. Men ein kan be om at fiendane som vil det vonde ikkje lukkast i planane sine, og at Herren nedkjempar dei, at han sjølv fell i garnet han har spent ut for andre, ja, at han fell i ulukke. 

Er dette syndig? Nei, det kan det umogeleg vera. I salmane er jo frelse like mykje å bli frelst frå fiendar som å bli frelst frå synd og straff. Det er altså lov å be slik. Ikkje berre for sin eigen del, men for fiendane si skuld. Dei har ikkje godt av å lukkast med det dei held på med. Vert dei audmjuka, kan dei bli frelste.

Dette fråtek oss imidlertid ikkje den plikt me har til å elska dei, be for dei også med positive ord og gjera vel mot dei. Det gjer Jesus heilt klårt for oss i Bergpreika. 

Eg vil ikkje gå inn i detaljane i versa. Det er ikkje naudsynt. Berre enno ein gong poengtera at det alltid er god grunn til å prisa og lova Herren, sjølv om livet er kjipt og folk er kjipe. David visste det, difor bryt han i vers 9 ut i lovprisning og proklamerer at han vil jubla i Herren og gleda seg over hans frelse. Det handlar om å festa fokus på rett plass.

Ingen kommentarer: