lørdag 5. mai 2012

Salme 22,7-12

 7 Men eg er ein makk og ikkje ein mann,
          spotta av menneske, forakta av folk.
        
   
 8 Alle som ser meg, håner meg,
          vrengjer leppene og rister på hovudet:
        
   
 9 «Han har gjeve seg over til Herren,
          lat han fria han ut og berga han,
          han har då glede i han!»
        
   
10 Du drog meg fram frå mors liv,
          du gjorde meg trygg ved hennar bryst.
        
   
11 Frå eg vart fødd, er eg kasta på deg,
          frå mors liv er du min Gud.
        
   
12 Ver ikkje langt borte frå meg,
          for trengsla er nær,
          og det finst ingen som hjelper.


v.7-8: Her er Jesus inne i sine mørkaste timar på jorda. Folk spottar og mobbar han. Han kjenner seg behandla som om han skulle vore ein makk og ikkje ein mann. Alle hånar han, ropar stygge ting til han (vrengjer leppene) og rister på hovudet, eit sterkt  negativt kroppsspråk, og dei seier i vers 9 at no kan jo berre Gud koma å fri han ut, dersom han har glede i han. Men visst ikkje, så kan ikkje Gud ha glede i han. 


Mobbarane skjøna ingenting av at det var for deira skuld han leid, og at han difor måtte stå løpet ut og berre vera i denne elden. På det minste vink frå Jesu side, ville Far ha sendt tusenvis av englar for å fria Sonen sin frå liding og død, men dette vinket kom aldri. Så høgt er me elska av Jesus.


v.10-11. Her ser Jesus attende på livet sitt, heilt tilbake til fødselen og barneåra, og syner at han heilt frå først av  har vore under Guds trufaste omsorg.


(I ein parentes vil eg her seia: Når me døyper barn i dag, kastar me dei på Gud og overlet dei til han. Det er mange tekstar i Bibelen som fortel oss at småbarn er fullverdige menneske i Guds augo, med dei same rettar på hans nåde som vaksne har, og difor har dei same rett på Guds ord, dåp og nattverd som tilfelle er for vaksne. I Skrifta er det aldri nemnt at barn bør bli vaksne før dei får del i Guds rike, men det nemnt at vaksne må bli som barn.)

I vers 12 ber Jesus om at Gud må vera nær han når han har det vanskeleg og ikkje han nokon annan hjelpar. Slik var det då han hang på krossen. Han var absolutt åleine, og sjølv om han bad varmt for seg, måtte Jesus gjennom dødsskuggens dal heilt åleine. 

Men det slepp dei truande. Når me barn kjem dit, står Jesus og ventar på oss for å guida oss gjennom.  Han hadde ingen hjelpar, men han er sjølv vår hjelpar. Ære vere hans namn, 


Takk Herre Jesus for at du gjekk gjennom dom og død heilt åleine for vår skuld, og at du difor vil  vera med oss gjennom døden og domen, og på den siste dag gå god for oss hos Gud. Me ærar deg for din kjærleik og di forsoning. Amen.



fredag 4. mai 2012

Salme 22,1-6

Til korleiaren. Etter «Morgonròdens hind». Ein salme av David.
         
   
 2 Min Gud, min Gud, kvifor har du forlate meg?
          Kvifor er du så langt borte
          når eg treng hjelp og skrik ut mi naud?
         
   
 3 Min Gud, eg ropar om dagen, men du svarar ikkje,
          eg ropar om natta og finn ikkje ro.
         
   
 4 Men du er Den heilage,
          som tronar over Israels lovsong.
         
   
 5 Til deg sette fedrane si lit,
          dei leit på deg, og du fria dei ut.
         
   
 6 Dei ropa til deg og vart berga,
          dei leit på deg og vart ikkje til skamme.


Salme 22 handlar om Jesu liding og død. Ingen av salmene er sitert så ofte i NT som denne. 

Vers 2-3 er tittelen: "Min Gud, min Gud, kvifor har du forlate meg?"  Då Jesus hang på krossen, bad han denne salma. Det var David som skreiv henne, men han såg framover til Jesu liding og død, det verkar rett og slett som om han såg det visuelt, og då Jesus hang på krossen, hende nett det som er beskrive i salma.


På krossen var Jesus fullstendig isolert frå Gud sin Far. Dette kan ikkje me forstå. Men det som hende på krossen var at Gud var i Kristus og forsonte verda med seg sjølv ved å straffa Sonen sin med den straff som var tiltenkt oss. Det vart eit mareritt for Jesus. Han skreik ut i si naud, men til inga nytte. Han var fullstendig åleine under Guds dom over alle menneskes ugjerningar. Det var ein tøff bit å gå for Guds son. 


v. 4 Jesus hevar seg over si eiga liding og prisar Gud som Den heilage som tronar på Israels lovsongar. 
Dette er viktig lærdom. Der Gud rår, skjer det under. Kor rår Gud? Der menneska takkar og prisar han. Han tronar på lovsongane våre. Der folk prisar Gud, skjer det under. Israels lovsongar er det same som Salmane. Dei er fine å be. Salmane var Jesus si bønebok, og Gud regjerte i og gjennom livet hans.


v. 5 Fedrane er Abraham, Isak, Jakob og mange andre. Dei trudde på Gud, sette si lit til han, og han fria dei ut. Korleis erfara fridom frå synda, djevelen og dei problema som verda påfører oss? Ved å tru på Gud og hans dyrebare ord. Trua på Gud er nøkkelen til alt godt.


v. 6 Folk som stolar på Gud, ropar til han i si naud. Dei vert ikkje skuffa. Dei som ropar til Gud, vert berga. Det seier Ordet, og det er Ordet som gjeld. 


Gode Gud! Du som tronar på Israels lovsongar, legg din lovsong ned i hjarta mitt og i munnen min, slik at eg kan prisa deg rett, og du kan regjere i og gjennom livet mitt. Takk at du gjennom di liding forsonte meg med Gud, og fordi du aldri let meg bli til skamme når eg ropar til deg. Amen!

 

torsdag 3. mai 2012

Salme 21,9-14

9 Di hand skal nå alle dine fiendar,
          di høgre hand skal nå dei som hatar deg.
        
   
10 Du gjer dei til ein logande omn når du syner deg.
           Herren skal sluka dei i sin vreide
          og elden eta dei opp.
        
   
11 Deira frukt skal du rydda ut frå jorda,
          deira ætt blant menneskeborna.
        
   
12 Når dei legg vonde planar mot deg
          og tenkjer på svik,
          skal dei ikkje lukkast.
        
   
13 Du får dei til å rømma,
          du spenner bogen mot dei.
        
   
14 Ver opphøgd, Herre, i di makt!
          Vi vil spela og syngja om dine storverk.


 v.9: Kven er Guds fiendar?
1) Alle som vil stoppa munnen på kristne, og avgrensa kristne sin innflytelse i samfunnet.
2) Alle som jobbar for å tillata det som Gud forbyr, og forby det som Gud påbyr.
3) Alle som spottar Gud.
4) Alle som forfølger kristne
5) Alle som forfører kristne
Desse menneska vil bli fanga inn av Guds hand. Dei slepp ikkje unna. 


v.10: Domen som ventar dei er fælsleg og skildra som ein brann. 
Guds vreide er eit uttrykk for Guds rettferdige dom over dei som bryt hans bod, jobbar mot hans sak og avviser hans nåde.

v.11: Guds straff gjeld både dette livet og det som kjem. Guds fiendar vil oppleva at dei vert barnlause, og at dei misser barn, slik som me les om Farao og egyptarane i 2. Mosebok 11.


v.12: Nokre av Guds fiendar jobbar systematisk mot han, slik som t.d. iranske styresmakter når det gjeld å arrestera kristne. Dei skal ikkje lukkast. Guds kyrkje er heilt uovervinneleg så lenge ho held seg nær til Gud. Då verkar forfølginga mot sin hensikt. Det blir berre fleire kristne av det. 


v.13:  Dei som spreier redsle, vil sjølve oppleva redsle då dei opplever at Gud forfølgjer dei. Det er slik at Gud vil forfølgja alle som forfølgjer hans barn. 

v.14: Salma vert avslutta med ei bøn. Alle truande ønskjer sterkt at Gud skal bli opphøgd, dvs synleg for alle, kjent av alle, trudd av alle, respektert av alle, følgd av alle og elska av alle. 
Gud er mektig. Han tilgjev synda til alle som ber om det, han driv djevelen bort frå dei som står han imot, lækjer sjukdomane våre og gjev oss langt meir godt enn det me har vit til å be om. Difor vil me syngja og spela om hans storverk. Dei er mange. Naturen demonstrerer kor mektig, dyktig, intelligent, estetisk og kreativ han er, i Bibelen les me om alt det han har gjort for å frelsa oss. Imponerande.