onsdag 7. februar 2024

Salme 119,173-176

 173 Lat di hand koma meg til hjelp,

for eg har valt dine påbod.

174  Herre, eg lengtar etter di frelse,

eg frydar meg over di lov.

175 Lat meg leva og lovsyngja deg,

lat dine lover vera mi hjelp!

176 Eg har villa meg bort som ein bortkomen sau.

Leit etter meg, din tenar,

eg har ikkje gløymt dine bod.

v.173. Salmisten appellerer til Gud om hjelp, og meiner  at Gud har gode grunnar til å hjelpa han sidan han har valt å bli ein kristen, som me ville ha sagt det i vår tid. 

v. 174. Han lengtar etter at Gud skal fria han ut av ein eller annan vanskeleg situasjon, og ut frå vers 175 kan det sjå ut til at han er sjuk. For der ber han om å få leva, og han meiner det kan vera bra også for Gud, for då har han i alle fall ein som lovsyng han på jorda. 

Men han vil ikkje berre leva, han vil leva rett, og då treng han hjelp av Guds lover. Alle vil me gjerne leva, og når livet står i fare, ber me om å bli berga. Men Gud spør oss om korleis me har tenkt å leva. Kva vil me gjera ut av dei dagane og åra han gjev oss?

Vers 176, avslutningsverset, er merkeleg. Han føler på ingen måte at han er der han skulle ha vore, han kjenner seg som ein bortkomen sau, og ber om å bli funnen. Korleis skal me skjøna dette? Paulus skriv i Filipparbrevet at han trur ikkje om seg sjølv at han har gripe det, men han gløymer det som ligg bak, og strekkjer seg etter det som ligg framføre. Ein felleskristen erfaring er denne at jo lenger me lever med Gud, jo meir skjønar me kor stor avstand det er mellom dei me er og dei me skulle ha vore. I 1. Tim 2 skriv apostelen. "Det er truverdige ord og vel verd å ta imot at Jesus Kristus kom for å frelsa syndarar, og mellom dei er eg den største." På denne tida hadde han kort tid att før han skulle døy. Er det noko slikt salmisten også kjenner på? Eg trur det. 


tirsdag 6. februar 2024

Salme 169-172

 169  Herre, lat ropet mitt nå fram til deg,

gjev meg skjøn etter ditt ord!

170 Lat mi bøn koma fram for deg,

berg meg, som du har sagt!

171 Lat leppene strøyma over av lovsong,

for du lærer meg dine forskrifter.

172 Lat tunga syngja ut ditt ord,

for alle dine bod er rettferdige.

v. 169. Salmisten tryglar om å bli høyrt. Ei bøn er som ein søknad, og den som sender ein søknad vonar på å få han innvilga. Og det salmisten ber om her er at Gud skal gje han  skjøn, dvs. den rette bibelske forståinga av saker og ting. Det er ei god bøn som me alle kan be, og er det noko me treng i våre dagar så er det å forstå utfordringane i våre eigne liv, i andre sine liv, i kyrkja, i kyrkjelyden og for den saks skuld i samfunnet, ut frå Guds ord. Og til det treng me Guds heilage Ande. Det er Han som gjev oss den rette forståing av Guds ord. Guds ord er jo hans sverd, les me i Ef. 6.  

v.170. Salmisten ber om frelse, og han syner til Guds lovnader. Det er som om han vil binda Gud til det Gud har sagt. Det er både frimodig og forbiletleg, for Gud oppmuntrar oss til det når han seier: De som minnar Gud, unn dykk inga ro. 

v.171. Denne bøna skulle kristne i våre dagar sanneleg brukt tid på å be. Det er sjeldan me høyrer truande syng lovsongar utanom på møter og gudstenester. Og det kan vera ganske tamt der også. Men når Gud fyller oss med Anden, strøymer lovsongen fram frå oss, så det er det han ber om her, om å bli fylt av Anden, og denne erfaringa kjem når me lyttar til og les Guds ord. 

v.172. Og det er Guds bod (her også i meininga bodskap) som er innhaldet i all kristen lovsong. Det Gud seier i sitt ord er alltid sant, rett og godt, og når me syng Guds ord, er Gud den primære mottakaren, men me forkynner også hans autoritet og gode vilje for alt og alle som måtte lytta til oss, og når Guds ord lyder, skaper det endring. Enten blir folk frelst, eller dei forherdar seg.