onsdag 29. desember 2021

Salme 103,1-5

 Av David.

        
          Velsign Herren, mi sjel!
          Alt som i meg er,
          velsign hans heilage namn.
          
   
  2 Velsign Herren, mi sjel!
          Gløym ikkje alt det gode han gjer.
          
   
  3 Han tilgjev all di skuld
          og lækjer alle dine sjukdomar.
          
   
  4 Han friar ditt liv frå grava
          og kronar deg med miskunn og kjærleik.
          
   
  5 Han mettar ditt liv med det gode,
          du blir ung att som ørna.

Denne salma er høgt elska og mykje sitert. 
Ho startar med at David lovar Herren for alt det gode han gjer når han tilgjev alle synder og lækjer alle sjelas sjukdomar.

"Sjela" er eit uttrykk for personlegdomen.

"Alt som i meg er velsigna hans heilage namn!" Å vera kristen er å ha eit eit totalengasjement for Jesus. Det er ikkje ein hobby, ein bigeskjeft. Nei, for sanne kristne er Jesus heile livet. Går det an å vera kristen utan at trua grip inn i alt i livet? Svaret er nei. For mange er desverre kristendomen berre ein etikett. Men denne etiketten kan ikkje kobla dei til Gud eller skjula syndene deira. Det skjer først når dei tek imot Jesus i hjarto sine og blir fødde på nytt ved Den Heilage Ande. 

"Gløym ikkje..." Det er så lett for oss å gløyma alt det gode Herren gjer, alt han til dagleg ausar over oss av velsigningar, alt som han har automatisert i skaparverket, alt som går av seg sjølv i kroppane våre, alle dei ufatteleg kompliserte kjemiske prosessane som til ei kvar tid må fungera der for å halda liv i oss, me veit ikkje om det alt. Men me kan prisa og lova Herren for det. Han er meisteren bak og i alt saman. 

Men vonleg er det lett for oss å hugsa på frelsaren og frelsesverket, tilgjevinga og nåden som renn ut frå Golgata, ut frå Kristi kross, ja, får Guds lam som sit ved Fars høgre hand og går god for oss der. 

v.4 Jesus er den som held liv i oss kvar einaste dag. Me tenkjer nok ikkje så mykje over det, men sant er det like fullt. Han som har skapt oss og gav oss livet, bergar oss unna døden kvar dag heilt til vår tid er ute. Men ein dag står me uansett opp att på hans mektige befaling. Grava er ikkje siste stopp, nei på ingen måte. 

Ei krone ber me på hovudet. Som kristne er me kongelege personar krona av den Allmektige Gud, og krona heiter miskunn og kjærleik (nåde). Det skal vera synleg for alle at me er Guds nådebarn. Guds nåde skal stråla ut frå oss. Det lyset kan me ikkje produsera. Det kjem frå Gud og blir reflektert ut til verda. Og så vender den same krafta innover og formar tankane våre. Me er eit folk med verdiar, og kronverdiane er miskunn og nåde, og me behandlar alltid vår neste etter desse prinsippa. 

v.5. Å du forunderlege Gud. Me trur me må jakta på det gode liv. Men det er heilt unødvendig. Gud mettar oss med sin godleik, og når me har han, kjenner me oss så djupt tilfreds som det er mogeleg for eit menneske å kjenna seg. Og hans godleik er ei evig ungdomskjelde. Så lenge me drikk av den, kan me løfta vengjene som mektige ørnar og lata oss føra med av Andens vindar, og så kan me liggja og kvila  på den mektige oppdrifta som Anden gjev oss. 

Salme 102,26-29

 Du grunnla jorda i gammal tid,

          himmelen er eit verk av dine hender.
          
   
 27 Dei skal gå til grunne, men du blir verande.
          Dei blir slitne ut som klede,
          du skifter dei ut, og dei er borte.
          
   
 28 Men du er den same,
          åra dine tek aldri slutt.
          
   
 29 Borna til tenarane dine skal slå seg til ro,
          deira ætt skal vera grunnfest for ditt andlet.

Vers 26: Salmisten ber til han som skapte himmel og jord, den Gud som varer frå slekt til slekt, han som styrer historia. Dei som ber til ein slik Gud har all mogeleg grunn til å forventa god handsaming. 

Vers 27: Universet er enormt. Men det blir stadig eldre og gradvis  utslite (noko som samsvarar med 2. termodynamiske lov), og det skal ein dag ta slutt og bytast ut med noko som er langt betre, det skal skapast ein ny himmel og ei ny jord.

Vers 28: For den Gud me trur på og elskar tek aldri slutt. Han er evig. Slik vil det vera med alle som trur på han også. Dei får evig liv. 

Vers 29: Borna til tenarane dine er alle som har kome til tru fordi nokre har forkynt eller vitna for dei om Jesus. Desse nye kristne skal slå seg til ro, dvs dei skal finna sin heim i Guds kyrkje på jorda, og dei skal sjølve reprodusera seg og få ei ætt som skal vera grunnfest for Guds andlet, dvs kristne som har lært seg å leva Gud nært og som elskar å la seg elska. 

mandag 27. desember 2021

Salme 102.24-25

 Han har brote ned min styrke på vegen

          og forkorta livet mitt.
          
   
 25 Eg seier: Min Gud, ta meg ikkje bort midt i livet!
          Dine år varer i slekt etter slekt.

v.24. Midt i livet vart salmisten alvorleg sjuk, og han følte at livet ebba ut så alt for tidleg. Han kunne ikkje sjå for seg noko anna enn at det er Gud som forkorta livet hans. Difor ber han i vers 25 om at Gud skal ombestemma seg og lækja han for denne sjukdomen. Han visste at Gud er evig, at han er livsens kjelde og den som rår for liv og død, og han visste at han kunne påverka Gud gjennom bøn. Difor bad han: "Ta meg ikkje bort midt i livet!" 
Når alvorleg sjukdom kjem over oss sjølve eller våre næraste, skal me gå inn i intens forbøn. Me skal ikkje automatisk akseptera at nokon skal takast bort midt i livet, men be Gud om å ombestemma seg og gje den sjuke lækjedom og ny styrke. "Ingenting er over før Gud seier at det er over," skriv Canon Andrew White i "Gloyr Zone in War Zone", der han skriv om fleire i Irak som dei siste åra er blitt vekt opp frå dei døde gjennom inderleg bøn til den Gud som varer frå slekt til slekt, og som elskar slektene.

fredag 17. desember 2021

Salme 102,22-23

 Herrens namn skal forkynnast i Sion,

          hans lov og pris i Jerusalem
          
   
 23 når folk og kongerike samlar seg
          for å tena Herren.

Det er to ting som skal skje der Guds folk samlar seg: Evangeliet om Jesus skal forkynnast klårt og reint, og dei truande skal lova og prisa han. 
Jesus seier i Lukas 24: "I hans (Messias) namn skal omvending og tilgjeving for synd forkynnast for alle folkeslag..." 
Å tena Herren er å forkynna denne bodskapen for alle menneske, samt å lova og prisa Jesus med alt me er og har.
Evangeliet har ei magnetisk kraft i seg. Det dreg enkeltmenneske og heile kongriker til Jesus og inn under hans autoritet.
Kva er poenget med å vera kristen? Det er å tena kong Jesus. Ja, vi er Guds barn, men like mykje som me er Guds barn er me Jesu Kristi tenarar, og denne doble statusen skal me ha i all æva. 
Gud velsigne deg, min kjære lesar.