søndag 31. oktober 2021

Salme 102,15-17

 Tenarane dine elskar steinane i Sion,

          dei lid med henne som ligg i grus.
          
   
 16 Folkeslag skal frykta Herrens namn,
          alle kongane på jorda din herlegdom.
          
   
 17 For Herren vil byggja opp att Sion
          og syna seg i sin herlegdom.

Herrens tenarar elskar steinane i Sion, dvs dei elskar kyrkja og sine kristne søsken. Dei er sanne fellesskapsfolk.  Peter skriv i sitt første brev kap 2 at kyrkja er eit Herrens tempel bygd opp av levande steinar, og Peter sjølv fekk namnet sitt hos Jesus, og namnet hans tyder jo nettopp "fjell". 
Kyrkja er ingen fysisk bygning. Det er eit fellesskap av mennesker som trur på Jesus og elskar Gud og kvarandre, eit tempel av levande steinar, ikkje harde, kalde og daude steinar. 

Det hender nok at kyrkjene av ulike grunnar havarerer og blir liggjande i grus. Eit slikt samanbrot kan botna i tre forhold: 1) kraftig forfølging 2) synd, 3) vrang lære. Djevelen er både ei brølande løve og ein lur rev.  Når han grusar Sion, lid Herrens tenarar, og gråtande ber dei til Gud for henne som ligg i grus. 

Alle som tener Jesus elskar sine kristne søsken og søkjer fellesskap med dei og fungerer i eit samarbeid med dei. Solistkarrierar er eit totalt framand fenomen i Bibelen. Den som i tenesta ikkje ønskjer å fungera ut frå ein kyrkjelyd skal ein vera varsam med å gje tillit. 

I vers 16 møter me enno ein gong denne vidunderlege visjonen om at evangeliet ein gong skal prega heile verda, at folkeslaga skal, saman med leiarane sine, læra seg å elska, frykta og stola på Herrens namn og bøya seg for hans autoritet. Kor eg elskar denne misjonsvisjonen, for ein ressurs denne representerer for oss som brenn for at simpelthen alle skal bli frelst og læra seg å kjenna sanninga. 
Kvifor skjer dette? Vers 17 gjev svar: Herren attreiser Sion! Og her handlar det om Jerusalem. Ein dag skal Jesus openberra seg i denne byen på ein slik måte at heile Israel skal bli frelst, og dette vil bli eit paradigmeskifte i misjonshistoria, skriv Paulus i Romarbrevet 11. Det vil løysa ut ei mektig åndeleg vekkjing i alle nasjonar, og dei vil bli fylte av tru og guddommeleg liv.  

Salme 102,13-14

 Men du, Herre, tronar til evig tid,

          namnet ditt varer frå slekt til slekt.
          
   
 14 Du vil reisa deg og vera mild mot Sion,
          det er tid for å visa henne nåde,
          timen er komen.
          
  
I vers 13 endrar salma seg frå klage til tillit. Alle klagesalmer har dette vendepunktet bortsett frå Salme 89.

v.13 er ein fantastisk proklamasjon om at Herren regjerer suverent midt i den djupaste smerte. Det er ei enorm trøyst for einkvar lidande kristen, og om han blir ribba for alt, kan ingen ta Herrens namn frå han, den største av alle rikdomar. For tenk på det: ein kristen er døypt til dette namnet, og som ein son eller ei dotter ber faren sitt namn, som ei brur får brudgomens namn, slik får eit døypt menneske lov å smykka seg med Jesu namn, og ved å vera ein berar av dette namnet, har han/ho medlemskap i Guds familie, eller borgarskap i Guds rike, om du vil. 

v.14 er berre så bra. Ikkje noko folk er gjennom historia blitt plaga og pint som Guds utvalde folk, Israel. Verst var det som hende under andre verdskrigen, men alltid er det ein skokk med folk og nasjonar som hatar og vil knusa jødefolket. Men ein gong kjem Jesus, Israels sanne konge,  til å reisa seg og seia: Nok er nok. Då vil han tala mildt til dette folket og syna det nåde og frelsa det inn i sitt evige rike. 

I Det nye testamentet representerer Sion meir enn noko anna det nye Jesusfolket som består både av jødar og heidningar. For det skal vera visst. Denne kyrkja har sanneleg måtta gjennomgå opp gjennom historia. Det har vore massive forfølgingar som har produsert millionar av martyrar. Og vår tid er ikkje noko unnatak i så måte. Men når tida er inne reiser Herren seg frå truna si, og seier at no får nok vera nok. Då kjem han rett og slett tilbake for å forløysa brura si, tala mildt til henne og visa henne den endelege nåden som tek henne for evig inn i hans nærleik. 

Men så kan det henda at du, min kjære kristne ven, er inne i ei vond tid. Det kan vera sjukdom og smerte, ei stor sorg,  eit svik, eit vonbrot, eit økonomisk havari, Gud veit kva det handlar om, og du lurer på kor lenge du skal måtta vera i dette. Her er eit ord til deg. Ein dag reiser Gud seg for deg og seier: Nok er nok. Så kjem han til deg, talar mildt til deg og løyser deg ut. Ta dette til deg i dag. For slik er din Gud. Han er håpets Gud. 

fredag 29. oktober 2021

Salme 102,1-12

 Ei bøn for den hjelpelause når han veiknar og vil ausa ut si klage for Herren.

          
   
  2 Herre, høyr mi bøn,
          lat mitt rop nå fram til deg!
          
   
  3 Løyn ikkje andletet når eg er i naud.
          Vend øyret til meg,
          skund deg, svar når eg ropar!
          
   
  4 For dagane mine kverv som røyk,
          knoklane brenn som eld.
          
   
  5 Hjartet er som gras, solsvidd og visna,
          eg har gløymt å eta mitt brød.
          
   
  6 Eg sukkar og stønnar,
          eg er berre skinn og bein.
          
   
  7 Eg liknar pelikanen i ørkenen,
          eg er som ei ugle blant ruinar.
          
   
  8 Eg ligg vaken,
          eg er som ein einsleg fugl på taket.
          
   
  9 Fienden spottar meg heile dagen.
          Dei som gjer narr av meg,
          bruker namnet mitt til forbanning.
          
   
 10 Eg et oske som brød
          og blandar drikken min med tårer,
          
   
 11 for du er harm og vreid på meg.
          Du tok meg og kasta meg bort.
          
   
 12 Dagane mine er på hell, skuggane blir lange,
          eg visnar bort som gras.

Dei 12 første versa i denne salmen er ein klage. Salmisten er i ein situasjon der han langsamt visnar bort, og døden står for døra. Det verkar som om sjela hans er rysta på ein slik måte at han totalt har mista matlysta, at næringsinntaket meir eller mindre har stoppa opp, at han er blitt mager, berre skinn og bein, og at han har store smerter i skjelett og i bryst.  Dessutan har han søvnvanskar, er einsam, forfølgt av fiendar og mobba. Korleis er han komen i ein slik situasjon? Svaret finn me i vers 11: Guds vreide og dom hadde råka han. Han var blitt forkasta av Gud. Kven var han? Jesus Kristus. På krossen ropa Jesus ut: "Min Gud, min Gud, kvifor har du forlate meg?" Einsemda Jesus erfarte der var total, og fiendane spotta og mobba han så godt dei kunne, og han må ha ropt til Gud sin Far om ikkje å bli forlatt, om å bli høyrt, om å få hjelp. Men først måtte han gjennom dette helvete. For berre slik kunne han frelsa oss som han elska så høgt. Du forstår: Våre synder er av ein slik art at det kravde universets høgaste pris for å kjøpa oss fri frå dei: nemleg Guds eige liv og blod. Og Jesus, sann Gud og sant menneske,  tolte å stå i det. Han fullførte verket, og alle som vil kan no ta imot Guds frelse med takk og bli hans barn av nåde. Ære vere Jesus for det! 

torsdag 28. oktober 2021

Salme 101,5-8

 Den som baktalar sin neste, vil eg gjera ende på.

          Stolte auge og eit hovmodig hjarte kan eg ikkje tola.
          
   
  6 Auga mine ser til dei trufaste i landet, dei får bu hos meg.
          Den som går den fullkomne vegen, skal tena meg.
          
   
  7 Den som fer med svik, får ikkje bu i mitt hus.
          Den som talar løgn, kan ikkje bli ståande for mine auge.
          
   
  8 Kvar morgon gjer eg ende på dei urettferdige i landet.
          Alle som gjer urett, ryddar eg ut av Herrens by.

v.5. Kongen vil gjera ende på den som baktalar nesten sin. Kongar har tradisjonelt vore ganske eineveldige, maktfordelingsprinsippet kom først på 1700-talet. Lovgjevande, utøvande og dømmande makt var i kongens hender. 
Baktale er ei alvorleg synd. Me tenkjer ikkje på det som så alvorleg. Men Gud tenkjer annleis. Djevelen er den store baktalaren, og alle som baktalar andre er hans tenarar. Og då forstår me dimensjonane med denne synda. Baktale er vondskap, og kan gjera ufatteleg stor skade. 
Stolte augo og hovmodige tankar er i same kategori. Det skriv seg frå djevelen det også. I Bibelen vert han omtala som ein tronpretendent, ein som hadde altfor høge tankar om seg sjølv, og ville opphøgja seg til gud, og innta Guds plass i tilværet, og då tenkjer eg særleg på Sonen sin plass i guddommen. Og fordi han hadde dette begjæret, vart han utstøtt frå himmelen og kasta ned på jorda der han vasar rundt dag og natt for å myrda, stela og øydeleggja. Det avgjerande viktige for oss er at me ikkje melder oss på laget hans, men at me er på lag med Jesus som kom for å gje liv, og det i overflod. 

søndag 24. oktober 2021

Salme 101, 1-4

 Av David. Ein salme.

        
          Eg vil syngja om miskunn og rett,
           Herre, for deg vil eg syngja og spela.
          
   
  2 Eg vil læra meg den fullkomne vegen.
          Når vil du koma til meg?
          Med heilt hjarte vil eg vandra i mitt hus.
          
   
  3 Vondskap vil eg ikkje ha for auge, urett hatar eg,
          slikt held eg meg borte frå.
          
   
  4 Svikefullt hjarte skal vika frå meg.
          Eg vil ikkje vita av det vonde.

David vil syngja om miskunn og rett
Oss menneske i mellom er det slik at ingenting blir rett dersom ikkje retten er kopla saman med nåden. 
Det kan vera heilt rett at ein mann ikkje har betalt husleiga si på nokre månader. Men dersom dette fører til at mannen og familien blir kasta på gata ein kald vinterdag, blir alt feil fordi dei som handhevar retten manglar miskunn. 
Me ser det også i norsk asylpolitikk. Med lova i hand kan samfunnet utvisa barn til foreldra sine heimland så snart dei fyller 18 år, trass i at dei aldri tidlegare har sett sine bein der. Juridisk er det rett. Moralsk er det feil fordi det er heilt nådelaust og umenneskeleg. Ingen av oss skulle ønskja ei slik handsaming. 
Men teologisk går dette mykje djupare. Det var Guds nåde mot menneskeslekta som dreiv Jesus Kristus til Golgata kross, og der møtte han Guds rettferdige dom over våre synder. 
Dette visste David ville koma, og det var dette han ville syngja om. Hans song om rettferd og miskunn var nemleg ein song for Herren. 
Vers 2. Dette var den fullkomne vegen han ville læra seg og få eit djupare innsikt i. Tenk på det. Profetane i GT lengta og higa etter å forstå dette. Men dei fekk berre sjå det på avstand. Men dei såg nok til å kunna tru og bli frelst, og dei mottok herlege profetord frå Gud som dei skreiv ned for ettertida, ord fulle av ånd, liv og kraft, ord som me kan fordupa oss i og bada sjelene våre i, ord som skaper det dei nemner, ord som betyr mykje, mykje meir enn det som profetane forstod. Men for oss som lever i dag har sola gått opp: Me har møtt Guds eige lys i Jesus Kristus.  Å kor heldige me er. Å pur nåde har han løfta oss opp over alle høgder og gjeve oss ei openberring av seg sjølv som kan få oss til å ta heilt av om me berre giddar å sjå lenge nok på Jesus, den krossfesta og oppstadne frelsaren vår full av nåde og sanning. 
Og David spør: Når vil du koma til meg? Han lengta etter at Herren skulle koma til han og berre vera nær han heile tida. 
1000 år etter denne salma vart skriven, då kom Jesus, han som var Davids son og Davids herre, han som var sann Gud kom som eit sant menneske for å forsona Gud med menneskeslekta og menneskeslekta med Gud. 
David ville vandra med heilt hjarta i sitt hus. Han ville vera ein familiemann med ein fast og urokkeleg karakter, og han vona kanskje at dette ville vera eit fortrinn med tanke på å få besøk av den levande Gud i heimen. Vel, det kom jo ikkje til å gå slik som han vona. Nederlaget og sviket hans har aldri gått i gløymeboka. Men det har heller ikkje nåden han fekk då han vende om frå sine synder. 
Med dette bakteppet er det underleg å lesa vers 3 og 4. Ambisjonane hans var gode, og dei er det heilt flott å adoptera som våre eigne. Men me må berre hugsa at ambisjonane våre ikkje er heile sanninga om oss. Me går og ber på ein gamal egoistisk heidning i brystet som lett overtek styringa om han får nok mat. Difor er det godt for oss kvar dag å bestemma oss for å følgja Jesus, og bestemma oss for å snu ryggen til vondskap, urett og svik. Det er ein kamp mot oss sjølve like mykje som ein kamp mot verdas påverknad og djevelens listige åtak. Kva har me å hjelpa oss med? Guds ord, det kristne fellesskapet, bønna, lovsongen, nattverden osv. osv. 

          

søndag 17. oktober 2021

Salme 100,4-5

 Kom gjennom portane hans med takkesong,

          inn i føregardane med lovsong!
          Lov han, velsign hans namn!
          
   
  5 Herren er god, evig er hans miskunn,
          hans truskap varer frå slekt til slekt.

Dette verset er ein invitasjon til alle om å koma inn i Guds rike, og det med lov og takk. 
"Vend deg om i glede" var tittelen på ei bok av Edin Løvås som kom ut for nokre år sidan. 
Du forstår: omvending er inga tungsindig sak, men ei gledefull erfaring og oppleving. Jesus forkynte: "Vend om, for himmelriket er kome nær!" Det er flott. Motivasjonen for omvending ligg ikkje i Guds dom, sjølv om Guds dom er ein meir enn god nok grunn til å venda om, men hovudgrunngjevinga ligg i Guds evangelium. Portane til Guds rike er opne. Dei er opna av Jesus. Det er berre å koma seg inn og sleppa gleda og lovsongen laus. 
For Herren er god. Han er generøs. Han er positivt innstilt til deg. Alt han gjer i livet ditt er godt. Det som skjer som ikkje er godt, som ikkje byggjer deg opp, kjem ikkje frå han. For han er berre god. Hans miskunn varer evig, les me. Den tek aldri slutt. Heller ikkje for deg, min ven. Trufast tilgjev han deg alle dine synder, han bryt aldri pakta si med deg som seier at så lenge du trur på Jesus så er du eit tilgjeve menneske. Han hegnar om deg og  passar på deg heile livet til du kjem heim til han i himmellandet der lovsongen vil tona mot deg med enorm kraft, og du blir reven med i hyllesten av han som var og som er og som kjem. 

fredag 15. oktober 2021

Salme 100,1-3

 Rop med jubel for Herren, all jorda!

          
   
  2 Ten Herren med glede,
          kom fram for han med jubel!
          
   
  3 Kjenn at Herren er Gud!
          Han har skapt oss, vi er hans,
          vi er hans folk og den flokken han gjeter.
          
   
  4 Kom gjennom portane hans med takkesong,
          inn i føregardane med lovsong!
          Lov han, velsign hans namn!
          
   
  5 Herren er god, evig er hans miskunn,
          hans truskap varer frå slekt til slekt.

Vers 1 repeterer oppfordringa til alle menneske om å ropa av jubel for Herren. Kva jublar folk over i våre dagar? Vel, mest jublar dei på tribunen når favorittfotballaget deira skårar mål eller vinn ein kamp. Då står dei gjerne i baris og skrik for full hals av glede. Hermes, den greske idrettsguden, er, ved sida av Mammon, pengeguden, blitt vår tids gud. Men han er ein avgud. Kven er det så som ropar av jubel for Herren? Dei som elskar Jesus av hjarta. Kvifor ropar dei av jubel? Fordi dei er blitt frelst ut av synda, døden og domen, fordi dei er blitt sameint med Gud, sin Far, fordi dei har fått ei sikker framtid og eit trygt håp. "Difor kan de jubla av glede," skriv Peter i sitt første brev kap 1 vers 6, "sjølv om de no ei lita stund, om så må vera, har det tungt i mange slags prøvingar." 
v.2 oppfordrar oss til å tena Herren med glede, ikkje med sorg og sukk. Tenesta for Jesus er nemleg ei gåve frå Gud, ei gåve som gjer oss rike og betydningsfulle. Nokre opplever det som eit offer å vigsla seg til kristen teneste. Det er det ikkje. Det er eit privilegium å få lov å tena ein slik stor og kjærleg konge som Jesus, og ikkje minst: få gå i tospann med han som vår sjel elskar over alt på jorda. 
Kva er det å tena Jesus? Det er nettopp å koma fram for han med jubel. Ser du det? Å tena Jesus er å lova og takka han frå sola står opp til ho går ned. Lovsongen og takken er den grunnleggjande kristne tenesta. Alt anna spring ut frå dette.  Jesus elskar å høyra stemmene våre, og han elskar hjartekontakten som me gjev han. 
v.3. Og der, i dette nære fellesskapet med Jesus kjenner me at han er Gud, og at hans liv strøymer inn i oss, for det guddommelege livet definerer han sjølv som å kjenna han. Joh. 17,3. Då blir me også kjende med oss sjølve, me kjenner at me tilhøyrer han, at han elskar oss så ufatteleg høgt som han gjer. Og ikkje berre det, me forstår at me ikkje er åleine, me er eit folk, ein familie, ein kyrkjelyd, det folket han gjeter. 
Bilde av Jesus som gjetaren vår er eit av dei kjæraste me har av han. Det andar av omsorg, beskyttelse og sant leiarskap. 
Me rosar oss av Jesus. Han er vår gjetar, den gode gjetaren som gav livet sitt for sauene. Han bar våre synder med seg opp på treet, slik at me skal døy bort frå dei og leva for rettferda, leva for HAN. 

mandag 11. oktober 2021

Salme 99,4-9

 Mektig er kongen, han elskar det rette.

          Det er du som grunnfester rettvise,
          du gjer rett og rettferd i Jakob.
          
   
  5 Opphøg Herren vår Gud,
          bøy dykk ned for hans fotskammel!
          Heilag er han.
          
   
  6 Moses og Aron var blant hans prestar,
          Samuel blant dei som kalla på hans namn.
          Dei ropa til Herren, og han svara dei,
          
   
  7 i skysøyla tala han til dei.
          Dei heldt hans bod og lova han gav.
          
   
  8 Herre, vår Gud, du svara dei.
          Du var ein Gud som tilgav dei,
          men som òg hemna deira gjerningar.
          
   
  9 Opphøg Herren vår Gud,
          bøy dykk mot hans heilage fjell.
          Heilag er Herren vår Gud.  (https://bibel.no)

v.4. Kongen her er Gud. Han elskar det som er rett, og hatar alt som er galt. Kva er rett? Det som Gud seier er rett, er rett. For det er HAN som definerer kva som er rett og kva som er galt. Han har mynde til det. Og det han definerer som rett, vil finna ein djup resonans i alle menneske, for me er skapte i hans bilete, og me forstår Paulus når han skriv i Fil.4,8:  "Alt som er sant, og alt som er ære verdt, alt som er rett, og alt som er reint, alt som er verdt å elska, og alt som er verdt å akta, ja, alt som er til glede og alt som fortener ros...." det er rett. For å seia det eneklt: Trur du på Jesus Kristus og innrettar du livet ditt etter dei ti boda, det doble kjærleiksbodet og den gylne regel då er du på trygg grunn med livet ditt. Då vil det gå bra med deg. 

I v.5 får me ei ny oppfordring om å løfta Herren opp, det er som før nemnt vårt livskall, og det gjer me best ved audmjuka oss for han. Å bøya seg for Gud er å bøya seg for hans ord og gje han rett i alt han talar til oss både gjennom lov og evangelium. Dei som opponerer mot Guds ord, opponerer mot Gud og løftar seg sjølv over han. Det er den menneskelege grunnsynd. Ingen som set seg sjølv over Guds ord kan stå seg for Guds dom, for Herren er heilag. Han vil dømma alle etter sin eigen standard, og den har han openberra for oss. Det handlar om å tru på Jesus og lyda hans ord. 

v.6-7. Moses, Aron og Samuel gjorde akkurat det, og Herren løna dei ved å svara på bønene deira. Mange ber og ber, men får ikkje det dei ber om. Kan svaret på dette dilemmaet liggja her? Eg berre spør. 

v.8 Å vera kristen er å leva under Guds nådes paraply, under hans tilgjeving, den som me har i Jesus Kristus. Men det er også å leva under Guds oppseding. Når me vik av frå Guds lover, må han disiplinera oss for å få oss attende på den rette og trygge vegen. Eg trur det er slik me må forstå dette at han "hemna deira gjerningar". Det er snakk om disiplinærstraff, som me også kjenner att frå vårt eige samfunn. 




søndag 10. oktober 2021

Salme 99,1-3

 Herren er konge, folka skjelv,

          han tronar over kjerubane, jorda bivrar.
          
   
  2 Stor er Herren på Sion,
          han er opphøgd over alle folk.
          
   
  3 Dei skal prisa ditt namn, det er stort og vekkjer frykt.
          Heilag er han.

Gjennomgangstonen i denne salma er at Gud er stor og heilag, to omgrep som høyrer tett saman i Bibelen. At Gud er stor betyr at han er over alle i makt og kraft, at han er heilag betyr at det er HAN som definerer rett og galt, godt og vondt her i verda. Dette hevar han over all menneskeleg dom, for menneska har ingen gyldige normer å dømma etter, og dei manglar makt til døma og kraft til å eksekvera noko dom. 

Salmisten startar med å slå fast at "Herren tronar over kjerubane", dei mektige englane som alltid står framfor Gud og ser hans åsyn. I Bibelen har me nokre døme på at folk møter englar, og når det skjer, blir dei redde, for englane er store og dei strålar kraftig av Guds herlegdom. Tenk då å få eit møte med den Gud som har skapt desse enorme skapningane, og som berre låner dei litt lys og kraft!! Ikkje løye av folk, med eller utan god grunn, skjelv av frykt då. Då forstår alle at det lønar seg å stå på godfot med ein slik Gud. Det forstod Paulus også då han møtte Jesus i eit syn utanfor Damaskus. Han bøygde seg straks og all opposisjon, den som hadde drive han til å forfølga dei kristne,  forsvant på under ein sekund.

v.2. For Herren er stor på Sion. Sion er tempelberget i Jerusalem der folket i GT samla seg for å lova og æra Gud, og der Gud openberra seg for folket sitt. Dei første kristne samla seg også der dagleg etter pinsedag for å æra den oppstadne Jesus, forkynna evangeliet både i ord og gjerning, og Sion kan i dag også brukast som eit uttrykk for Guds verdsvide kyrkje som forkynner Guds autoritet og overherredøme i alle folk og nasjonar. Der Kristi kyrkje, Guds ord og Guds heilage ande er, der er Sion. 
v.3 "Dei" er her nasjonane. Nasjonane skal prisa Herrens namn. Det er ei frukt av forkynninga av evangeliet, og det at kyrkja på ein kvar plass lovar og ærar Jesus, lækjer dei sjuke, vekkjer opp døde, set forgjorde fri og på den måten forkynner hans stordom. Forkynninga og Gudsrikegjerningane vekker frykt i heidningane slik at dei kastar frå seg sine gamle gudar og sine eigne tankar og idèar, kapitulerer overfor overmakta og overgjev seg til Israels Gud og hans Messias. 

lørdag 9. oktober 2021

Salme 98,4-9

 Rop av glede for Herren, all jorda!

          Bryt ut i jubel, syng og spel!
          
   
  5 Syng for Herren og spel på lyre,
          spel på lyre, lat songen tona,
          
   
  6 spel på trompetar, lat hornet klinga,
          rop av glede for kongens andlet,
          for Herren!
          
   
  7 Havet og alt som fyller det, skal brusa,
          jorda og dei som bur der.
          
   
  8 Elvane skal klappa i hender
          og fjella jubla i kor
          
   
  9 for Herrens andlet.
          For han kjem og skaper rett på jorda.
          Han skal dømma verda med rettferd
          og folka med rett.

I v.4 oppfordrar salmisten alle verdas folk å lova Herren, og det med glede. Ekte lovsong kan jo berre koma frå folk som har teke imot Guds frelse i Jesus Kristus, "den store gleda", som engelen forkynte for gjetarane julenatt, ei glede som ikkje berre er for Israel, men for alle verdas folk. 

Og englekoret på Betlehemsmarkene jubla over denne frelsa og gav Gud ære, og me vil jubla saman med dei og ropa: "Ære vere Gud i det høgste, fred på jorda og mellom menneske som Gud har glede i!" 

Og kven er desse menneska? Det er alle dei som har teke imot Jesus i hjarto sine, dei som ikkje kan leva utan Han.  

Så tek me fram instrumenta våre, og let oss fanga inn av den enorme gleda som strøymer fram og tilbake framfor Guds kongstol. For der er det berre glede. 

I v.7-8 flyttar me ut i naturen. Havet med sine bølgjer, store djup og merkelege skapningar, elvane med fossar og stryk og fjella med sine mektige formasjonar og alt som elles lever på jorda er eit enormt vitnemål om Skaparen, kor stor og mektig han er, kor god og kreativ han er og om kva han er god for i liva våre. For ein Gud me har!!

v.9 Og ein dag kjem han attende til jorda for å dømma alle menneske med rettferd. Akkurat no lever me i nådens tid då Gud er heilt oppslukt av å bringa frelse til alle menneske. Det er for så vidt også ein måte å skapa rett på, for det skjer noko veldig rett når eit menneske overgjev livet sitt til Gud. For Gud har rett på oss alle, vitterleg, både fordi han har skapt oss og fordi han har frelst oss. Og den dagen han kjem for å dømma verda, blir det akkurat ut frå om me har gjeve han det han har rett på, eller om me har levd som våre eigne gudar. Her handlar det om evig liv eller evig fortaping. 

lørdag 2. oktober 2021

Salme 98,1-3

 Ein salme.

        
          Syng ein ny song for Herren,
          for han har gjort under!
          Hans høgre hand og heilage arm
          har gjeve han siger.
          
   
  2 Herren har gjort si frelse kjend,
          openberra si rettferd for auga på folka.
          
   
  3 Han kjem i hug si miskunn,
          sin truskap mot Israels hus.
          Heile jorda har sett
          frelsa frå vår Gud.
Det er ei veldig profetisk kraft i desse versa. Kva under er det vers 1 syner til som er verd ein ny song? Jo, det at Herren har gjort si frelse kjend og openberra si rettferd for auga på folk, som me les i vers 2. Den kristne verdsmisjon er det største av alle mirakel under himmelen. For det første er det eit stort under at misjon i mogeleg. Det kosta Jesus livet å gjera himmelen tilgjengeleg for alle menneske. Utan hans død og oppstode hadde det ikkje vore noko kristent evangelium å forkynna for verda. Ingen andre enn Jesus kunne opna himmelen for oss. Og han gjorde det då han døydde for våre synder på krossen, og hans sigerrike oppstode står som eit vendepunkt i historia. Det var den oppstadne Kristus som gav læresveinane sine misjonsoppdraget. Hans død omfatta alle, og Guds frelse er ei gåve som skal rekkast ut til alle menneske i alle nasjonar, og berre slik kan hans rettferd bli openberra for auga på folka. Og salma ser lenger fram. Det er litt av eit "statement" når salmisten skriv at Herren har gjort si frelse kjend for jordas mange folk. Det er som om han ser fram mot den tid då det kristne evangelium har nådd fram til alle avkrokar på jorda. Det er mektig. Og i dette universelle bilete har Israels hus ein sentral plass. For det er ingen tvil: Gud ser på verda som ein todelt storleik: Israel og nasjonane, og sjølve misjonshistoria er eit uttrykk for Guds truskap mot Israels hus. Korleis det? Jo, Israels kall var å bringa Guds velsigning til folkeslaga. Men då dei valde bort Jesus, hadde dei ikkje lenger noko bodskap å forkynna eller noko velsigning å dela. Men i sin truskap mot Israel let Herren oppdraget gå vidare til truande frå alle nasjonar slik at oppdraget likevel skulle gjennomførast. Og me må sjå det slik: Heile Bibelen er ei jødisk bok, og gjennom kyrkja blir denne velsigninga frå Israel forkynt for folkeslaga. Det er ein mektig visjon. Men i siste fase av dette løpet skal heile Israel bli frelst, og det er det me ser konturane av akkurat i skrivande stund. Herren samlar folket sitt på Israels fjell for å frelsa og lækja dei etter 2000 år i diaspora.