1 Ein song til festreisene. Av David.
Herre, hjartet mitt er ikkje hovmodig,
auga mine er ikkje stolte.
Eg går ikkje med tankar
som er for store og underfulle for meg.
2 Nei, eg har fått mi sjel til å vera stille og roleg
som eit lite barn hos mor si.
Som det vesle barnet, slik er mi sjel i meg.
3 Israel, vent på Herren
frå no og til evig tid!
v.1-2. Å vera kristen er å vera eit enkelt barn av Gud. Det handlar ikkje om å vera mest kunnskapsrik eller flinkast i klassen. Det handlar ikkje om å kunna framvisa suksess. Det er lett å falla i den grøfta. Det handlar om å vera elska av Gud og å elska Gud, som det er når eit lite barn har funne roen hos mora si.
Denne salma er til alle stressa kristne som har lyst å bli sett, høyrt og anerkjent av andre som gjerne har gjort det betre i kristenlivet. Slutt med denne kavinga. Det betyr ingenting kva andre synst om deg. Det einaste som betyr noko er at Gud elskar deg, og han elskar deg nett like høgt som han gjer med dei som gjer det godt og som alltid er i rampelyset.
v.3 Du kan slappa heilt av, og har Gud større planar med di teneste for han enn dei du ser faldar seg ut i dag, kan du trygt venta på han og hans time. Du blir aldri noko meir enn barn av Gud uansett. Den største verdien har du allereide casha inn, min ven.