Denne salma er mellom dei mest kjende og brukte. Her blir det at Gud veit alt, har all makt og er full av kjærleik kombinert på ein nydeleg måte.
v.1. Herren ransakar oss heile tida. Ikkje for å dømma oss, men for sjå om det er kome noko inn i liva våre som ikkje skal vera der, ting som er stygge og skadelege. Alt slikt reinsar han ut for å ta vare på oss og på dei som me har rundt oss, at ikkje me skal utsetja dei for noko skadeleg.
v.2-12 skildrar Gud som ein gud som veit alt om oss, som omgjev oss på alle sider. Han er ikkje ein fjern gud som sit på ei høg trune og har eit litt distansert høve til oss jordbuarar. Nei, han er like nær oss som lufta me pustar i. Dette skildrar David her poetisk med sterke bilete.
v.13-18 skildrar Guds omsorg for menneske frå den augneblinken det blir avla i mors liv, og om ingen har sagt det før: Gud er fosterets Gud, og dei som tek livet av eit foster, ufordrar fosterets Gud på ein radikal måte. Han vil ikkje la slikt gå forbi ustraffa. For han har skapt det med ein stor plan for framtida. Gud set opp eit tal for dei dagane barnet skal leva. Dei som aborterer avbryt denne planen, forkortar fosteret sitt liv og frårøvar verda dei velsigningar som Gud hadde tenkt at dette nye menneske skulle bringa til mange, og ikkje berre det, men ei heil slektsgrein blir avhoggen i sin tidlege spirefase. For Guds plan er at det frå kvart nytt menneske skal det koma nye menneske, ein familie, ei slekt.
I vers 19 ønskjer David at Gud tek livet av den lovlause. og at drapsmannen må vika frå han. Går det an å be slik i vår tid? Er det kristeleg? Lat meg spørja slik: Er det nokon som ikkje skjønar at nokre kan be slik når tyrannar omsynslaust trugar eksistensen til heile nasjonar? Hadde det ikkje berre vore fint om dei døydde? Om Gud tok liva deira? Det er jo uansett han som rår for liv og død. Jo, me forstår godt at folk ber slik, og ikkje veit eg om det er feil heller. Det er i alle fall rett å fjerna morderiske tyrannar som trugar heile nasjonar og slekter.
Desse umoralske menneska talar også svikefullt om Gud. Sjølvsagt gjer dei det, for dei kan jo umogeleg kjenna han. Hitler proklamerte "Gott mit uns". Det var ei diger løgn, det. Men slik er det med mange som lever etter sine eigne idear, dei trur Gud er på deira side.
I vers 21 og 22 uttrykkjer David sitt grenselause hat mot dei gudlause, og det beste me kan seia om dette er at han er dønn ærleg. At han ikkje lever opp til standarden i Bergpreika må me forstå ut frå det enkle fakta at han levde tusen år før Jesus heldt Bergpreika.
I vers 23 og 24 vender han blikket mot seg sjølv. Kanskje føler han at han har uttrykt seg litt skarpt? I alle fall: Han er usikker på om han går på den rette vegen som fører til livet, eller på den vegen som fører han i fortaping, og bed om at Gud granskar han og leider han på den vegen som fører til evig liv. Ei bøn alle kan be.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar