tirsdag 19. mai 2026

Salme 145

 "Det er umogeleg at eit menneske som ber denne salma tre gonger dagleg kan gå fortapt," var det ein jødisk lærd som sa.

Salma er atrostisk.

Vers 1-2: Å lovsynga Gud er noko David gjer fordi han vil, ikkje fordi han føler for det. Han bestemmer seg for å lovsynga Herren, fordi det er rett, og det vil han halda på med til evig tid. David er på veg mot himmellandet, og han startar med denne himmelske aktiviteten allereide her på jorda. På ein måte plasserte lovsongen han allereide i den komande verda.  Det same skjer med oss som lever i dag. 

Å opphøgja Herren er å gjera Gud synleg og attraktiv for menneska. Det er kyrkja sitt kall i verda. 

Vers 3 seier at Herren er verdig all lov og pris. Som skapar og frelsar fortener han verkeleg applaus. Hans stordom kan ingen granska. Mange krev å forstå Gud før dei kan tru. Men korleis kan nokon forstå Gud når dei ikkje ein gong kan forstå meir enn ein liten promille av det han har skapt? Men å granska Gud i Skriftene er ein god ting, for der lærer han oss alt om seg sjølv som me treng å vita for å bli frelst. 

Vers 4. Det vil aldri eksistera ei slekt som er heilt utan kunnskap om Gud og hans gjerningar. I alle generasjonar vil det vera nokon som kjenner og elskar Gud, som prisar han og forkynner hans ord. Desse menneska er slektene si von. 

Vers 5. David grunda på Guds herlegdom og æra, og på hans underfulle ord. Han tenkte nøye over ting, lukka andre inntrykk ute og lot tankane kvila i Guds ord over tid. Mange plassar i Bibelen blir me oppfordra til dette for å koma i skikkeleg god kontakt med Gud. 

Vers 6. "Dei" her er dei som har erfart Guds herlegdom i ære i liva sine. Dei kan ikkje anna enn å snakka om det dei har sett og høyrt, som Peter og Johannes sa til dei jødiske religiøse leiarane i Apg 3. At Guds gjerningar er skremmande har samanheng med dei enorme dimensjonane og kreftene som utfaldar seg i Guds skaparverk. Du utfordrar ikkje eit fossefall, ein tornado, ein krokodille. Og tenk på alt som finst av energi i universets mange stjerner og galaksar. Det er skremmande for oss små menneske. Dårskapen i dette er at dei fleste menneske faktisk utfordrar Gud som står bak alt det som menneske ikkje torer utfordra. 

Vers 7. Guds vener spreier gode rykter om Gud heile tida, og dei jublar over hans rettferd, dvs hans frelse. At Gud er rettferdig betyr at han plasserer oss i eit rett høve til seg sjølv, at han gjer oss til sine barn ved tru og dåp. Det borgar for jubel, ein jubel eg lengtar etter å høyra meir av, og som Gud lengtar etter å høyra meir av. 

Vers 8 skildrar Guds karakter. Han er nådig, mild, rik på miskunn og uendeleg tolmodig. At han er rik på miskunn betyr at han yt omsorg til alle som ber utan å skjegla til om me har fortent det eller ikkje. 

Vers 9 er ei understreking av vers 8, og forsikrar oss om at hans godleik omfattar alle menneske, ja, alt det skapte. Det er godt av Gud er slik. 

Vers 10: Fordi Gud er så uendeleg god, responderer hans trugne vener med lovprisning, og fortel villig til høg og låg om Guds kongsmakt (vers 11). Det er lovsangarane som har sterkast vitnetrang. Det er naturleg. Å fortelja om Herrens kongsmakt samsvarar med Jesu forkynning om at Guds rike var kome nær slik at dei kunne venda om og slutta seg til dette riket. "Guds velde" er eit anna uttrykk for Guds rike. 

Vers 12: Gjennom at kristne vitnar om Jesus og praktiserer hans lære, blir folk kjent med Gud gjennom erfaring. For evangeliet blir ikkje berre forkynt med ord, men i Ande og kraft, med under og teikn og store under. For dette er Guds velde slik det kom til uttrykk gjennom Jesus og apostlane sine liv.

Vers 13 fortel oss at Gud og hans rike aldri tek slutt. Det er evig. Og verset markerer også at Gud og Bibelen er til å stola på. 

Vers 14. Det hender at kristne fell. Dei kan seigna under ei bør av sorg og sut, eller dei kan falla i synd. Då er Gud hos dei, som Jesus hos Peter då han begynte å søkkja på Genesaretsjøen. Herren støttar og frelser dei. 

Vers 15 lærer oss litt om bøn. Det er å venda augo ventande mot Gud i tillit til at han vil gje dei mat i rett tid. Mat står her som representant for alt som folk ber om som dei verkeleg treng for liva sine. 

Vers 16. For Herren held ingenting tilbake av det som er naudsynt til dei som ber. Han opnar handa si og mettar dei med glede. 

Vers 17. Herrens rettferd har me snakka om tidlegare. Dersom Gud ikkje hadde vore trufast heilt gjennom, kunne ingen trudd på han. Men det kan me, for han sviktar oss aldri, og held fast på alle sine lovnader. 

Vers 18 handlar også om bøn. Å kalla på Herren er å kalla på Jesus. At Herren er nær hos dei som kallar på han, betyr at han er tilgjengeleg for dei, og at han responderer raskt som ein god far når barna ropar på han. Å ropa på Gud "i sanning" betyr å be med ærlege motiv, be for å få hjelp i naud eller be for å få svar på eitt eller anna viktig spørsmål. 

Vers 19 er overveldande. Herren oppfyller den gudfryktige sine ønskjer, og frelser han ut av einkvar umogeleg situasjon. Å veraz gudfryktig betyr rett og slett å vera eit truande menneske som elskar Gud, som gjer det han ber oss om, og som unnlet å gjera det han forbyr oss. 

Desse beskyttar han effektivt (vers 20), men "dei lovlause", dei som som set Guds lover til sides og seier ja der Gud seier nei, og nei der han seier ja, Desse har inga framtid saman med Gud, og går til grunne. 

David avsluttar salma med at han vil lovprisa Herren, og ser i si ånd at ein dag vil alle levande skapningar velsigna Herrens namn, dvs takka, lova og tala vel om Herren.