søndag 29. januar 2023

Salme 119,45

   45 Lat meg ferdast i ope land,

          for eg spør etter dine påbod!

Folk flest tenkjer at Guds bod set veldig tronge grenser for korleis eit menneske kan leva. Ein tenkjer at dersom ein blir kristen, blir fridomen kraftig innskrenka. Det motsette er tilfelle. Herrens bod fører oss inn i eit ope lende der himmelen er høg og utsynet vidt. Korleis kan det ha seg? Det er lett å svara på. Guds bod er gode, dei reflekterer det som er godt å halda på med, det byggjer opp fellesskap, og dei er spesiallaga av Gud for å føra oss menneske trygt gjennom dei utfordringane som livet i denne verda byr på. For Guds bod poengterer det ansvaret me har for kvarandre, og gjev ikkje så mykje plass til individualisme og sjølvrealisering. Gud ber oss om å fokusera på andre sine behov, og når me går inn og støttar og hjelper våre medmenneske, erfarer me ein enorm glede og fridom. Dessuten knyter me nye kontaktar og utvidar på den måten våre eigne liv. Guds bod fører oss ut i ope lende der me ser veldig mykje meir enn om me heile tida pukkar på at det er meg og min fridom til å disponera livet mitt etter eige ønskje det handlar om. Jesus seier: "Den som vil vinna livet, skal mista det. Men den som taper livet for mi skuld, han skal finna det." Her kan me jo tenkja oss at han tenkjer på det å bli martyr. Men eg trur det er å oppgje retten til å leva for seg sjølv, og så begynna å leva for Gud og nesten det handlar om. 

mandag 23. januar 2023

Salme 119,41-44

 Herre, lat di miskunn koma til meg,

          og di frelse, slik du har sagt!
          
   
 42 Då kan eg gje spottaren svar,
          for eg lit på ditt ord.
          
   
 43 Riv ikkje sanningsordet ut or min munn,
          for eg ventar på dine lover.
          
   
 44 Då vil eg stadig halda di lov,
          for evig og alltid.

I vers 41 ber salmisten om at Guds miskunn og frelse må koma til han, slik som Gud har lova. Ordet frelse betyr i Bibelen både frelse frå synd og frå synda sine konsekvensar. Salmisten er sjølvsagt eit frelst menneske, men han er plaga av folk som vil han vondt (v.42). Han ber om å få ord å svara dei med som er så råkande at dei sluttar å plaga han. Det er lett å lesa Jesus inn i denne personen. Han fekk ord frå Den Heilage Ande når han trong dei, og motstandarane gjekk ofte slukørte bort frå han. Men då det stunda til den tid då han skulle døy for våre synder, var han stille. Han kunne lett ha avvæpna alle som gjekk til verbale åtak på han, men han tagde. Det var i kjærleik til meg og deg. 
I vers 43 ber han om å få vera ein ambassadør for sanninga, dvs Guds sanning. Salmisten forkynner Guds ord, men å forkynning er ferskvare. Me som forkynner Bibelen, gjer det i nært samarbeid med Den Heilage Ande. Han forklarar, levandegjer og aktualiserer Guds ord for oss slik at me kan formidla det vidare til menneskehjarto. Det tyngste ein forkynnar kan oppleva er at han ikkje lenger finn Guds sanningar, at dei er rivne ut or munnen hans. Då kan han like gjerne teia still. Det einaste som kan skapa tru og liv er dei orda som går ut frå Guds munn. Men dei vender til gjengjeld aldri tomme tilbake, men fullfører lukkeleg det dei er sende til å gjera. 
Vers 44 er heftig. Dersom Gud vil høyra han på dette, vil salmisten halda lova hans for evig og alltid.  Det er litt av ein lovnad å gje. Å halda lova slik lova lærer oss å leva, kunne berre Jesus. Men me andra kan halda ho på den måten at me held det som står der for sant og gyldig, ja, har Guds lover som mal for liva våre. Og kanskje er det slik me skal forstå salmisten her.  Og så vil han gjera dette for evig og alltid, noko som syner oss at også i Det gamle testamentet visste dei heilage om det evige livet. 

fredag 20. januar 2023

Salme 119,38-40

  Lat ditt ord til din tenar stå fast

          så eg kan frykta deg.
          
   
 39 Ta bort spotten eg fryktar,
          for dine lover er gode!
          
   
 40 
Sjå, eg lengtar etter dine påbod,
          gjev meg liv ved di rettferd!

          


v.38. Salmisten har tydelegvis fått ein personleg lovnad frå Gud, og han ber om at Gud rett og slett om å oppfylla denne. Det skulle vel ikkje vera naudsynt å be slik, men me gjer no det likevel. Ja, Jesaja oppfordrar oss faktisk til å minna Gud om løftene hans, ja, ikkje unna oss ro i så måte.  Så det må vera meir enn greitt. Og så er det jo slik at kvar gong Gud svarar på bønene våre, blir trua vår styrkt. Når salmisten her skriv: "så eg kan frykta deg", må me forstå at å frykta Herren er ikkje noko anna å tru på han og stola på han. 
 
v.39 heng saman med v.40. Når me fryktar Gud, fryktar me ikkje folks spott. Når me fryktar folks spott, kjem det nok av mangel på gudsfrykt. Det ser ut til at det er vanskeleg å unngå at folk spottar deg når du hevdar Guds meiningar, i alle fall i våre dagar då nesten alle vil opponera mot Gud og hans ord. Denne spotten er sur som berre det, så det er naturleg å be om å få sleppa dette. Det var vel noko av dette som også låg i Jesu bøn i Getsemane då han bad Far om å få sleppa å drikka det begeret som han fekk servert. Jo, hva kvidde seg nok til krossdøden, men også til det å bli håna av dei han elska. Knapt noko svir meir enn det. 

v.40. Salmisten lengtar etter Herrens påbod, dvs han lengtar etter at Herrens påbod skal bli respektert, verdsett og etterlevd av alle, han lengtar etter vekking. Han lengtar etter at alle dei som opponerer mot Gud skal måtta bøya seg, og gjera Guds lover gyldige for seg. Alle som gjer det vil oppleva, som salmisten, å få liv gjennom Guds rettferd, dvs gjennom Guds nåde og tilgjeving som for Kristi skuld dekker alle som vender om med sjel og sinn til Gud. Det er her verd å merka seg: ingen av dei som ikkje anerkjenner Guds lover, vil få nåde hos Gud. Nåden og livet er berre for dei som audmjukt bøyer seg for hans lover og tek dei inn over seg. 

søndag 8. januar 2023

Salme 119,36-37

 36 Bøy mitt hjarte mot dine lovbod

          og ikkje mot eiga vinning!
          
   
 37 Vend blikket mitt bort frå det som er tomt,
          gjev meg liv på din veg!

v. 36 Vår syndige menneskelege natur har ein sterk tendens til å bøya seg mot eiga vinning, me jaktar på fordeler.  Det er ei tyngdekraft som me ikkje kan koma oss unna, ei kraft som forsimplar liva våre når me ser det i lys av kva me eigentleg skulle ha vore, og korleis me skulle ha levd. For Guds plan var at me skulle elska han av heile vårt hjarta, og vår neste som oss sjølv. Men når me ser på liva våre, innser me fort at det eigentleg ikkje er slik, men at me er oss sjølve nok og nærast som det heiter. 

Skal det bli ei endring, må det koma ei motkraft inn i liva våre, ei kraft frå Gud, Andens kraft, ei kraft som er sterkare enn egoismen, sterkare enn trongen etter nyting, rikdom, anerkjenning og makt, ei kraft som bøyer oss mot det Gud vil, det gode, usjølviske og rette. 

v.37 Det er viktig for oss kristne at me har rett fokus. Det er lett å bli distrahert, utan det er så farleg. Me lever som skapningar i eit skaparverk, og det krev tankane våre mykje. Me har alle oppgåver å utføra, utfordringar å løysa. Ting som skal lærast. Ting som skal gjerast. Men når me begynner å fokusera dei tomme tinga, når det som som kan skaffa oss rikdom, makt og underhaldning, det som Bibelen definerer som tomme ting, blir vårt fokus, då står me i fare for å tapa dei høgaste og viktigaste verdiane: Gud, Guds kjærleik, Guds frelse, Guds rike, Guds kyrkje og Guds misjon. Salmisten veit dette, difor ber han om Guds hjelp til å halda rett fokus slik at han ikkje driv bort frå Gud som er det evige livs kjelde, eit liv me fekk då me kom til tru på Jesus, vart døypte og som me kvar dag tek imot gjennom Guds ord og kvar veke kanskje gjennom Herrens nattverd. Skal me ha Guds liv i oss, og veksa, trivast og utvikla oss, må me ikkje forsømma disse tinga. 

fredag 6. januar 2023

Salme 119,32

 32 Eg vil springa den vegen dine bod viser, for du gjer mitt hjarte stort.

For ein begeistring salmisten syner her for Guds veg. Han vil ikkje berre gå på han, nei han vil springa. Her er ein person som ikkje vil leva eit heilt vanleg bedageleg og komfortabelt kristenliv, nei han vil gje alt. Han er veldig motivert og ivrig. Ein skikkeleg friskus. 

Ja, me møter dei i ny og ne. Og då tenkjer eg ikkje på dei som spelar skodespel, hyklarane, for dei finst også, men eg tenkjer på dei som verkeleg har opplevd Gud, blitt fylt av hans kjærleik på ein slik måte at hjarta deira held på å sprikka av glede, håp og tru, ja det indre trykket har gjort hjarta deira stort. Herlege folk. Må det berre skje med oss alle saman. 

onsdag 4. januar 2023

Salme 119,25-30

   25 ד Eg ligg pressa mot støvet.

          Gjev meg liv slik du har sagt!
          
   
 26 Eg fortalde om mine vegar, og du svara meg.
          Lær meg dine forskrifter!
          
   
 27 Lat meg skjøna den vegen dine påbod viser!
          Eg vil grunda på dine under.
          
   
 28 Mi sjel græt av sorg.
          Reis meg opp slik du har sagt!
          
   
 29 Hald løgns veg borte frå meg,
          gjev meg i nåde di lov!
          
   
 30 Eg har valt truskaps veg,
          dine lover har eg for auge.

I vers 25 finn me ein salmist som er pressa mot støvet. Han ber på ei bør så tung at han fell saman utan å orka å gå vidare. 
Eg tenkjer på Jesus på veg opp mot Golgata berande på mine og dine synder. Midt på Via Dolorosa fall han til jorda, totalt ferdig. Han måtte ha fysisk hjelp for å koma seg vidare. Han går mot døden, medan han ber Far om nytt liv, og han vart bønhøyrt. Langfredag møtte han døden på våre vegne i det mørkaste mørke, påskedag stod han opp i eit hav av lys. 

Vers 26-27 må me forstå slik at salmisten har hatt eit ope, transparent og fortruleg høve til Gud, sin Far, og den som har det, opplever bønesvar. Når me forstår Herrens forskrifter med hjarta, og når Gud leier oss gjennom sitt ord, er det også mirakuløst. Difor er det viktig at me ber om å få forståing for Guds ord før og når me les, og at me tek oss tid til å la ordet søkka i oss. Det er mange måtar å lesa Ordet på. Viktigast er det å lesa sakte medan du mediterer. Slik som me gjer her. '

v.28. Kristenlivet kan by på sorg og gråt. Alle menneske møter dette. Men kristne sørger ikkje berre over dei tap som livet påfører oss menneske, men i tillegg over alle som ikkje kjenner Gud, eller som står han i mot. Dei sørger også over seg sjølv som ofte ikkje klarar å leva opp til den standarden som Guds ord set for kristent liv og teneste, over motstand og forfølging for Jesu ords skuld, og over ei kyrkje som går på kompromiss med Guds ord for å sleppa denne motstanden, for å sleppa å ta opp krossen sin og følgja Jesus.  

I Jesu lidingssoge ser me ein mann som sørger og gret over motstanden han får frå folk han elskar, og over å måtta bera verdas syndepøl inn under Guds vreide. Han gjorde det, og vart oppreist frå dei døde slik Far hadde sagt han at han ville gjera. 

I vers 29 ber han om å bli bevart frå å gå på løgna sin veg, dvs skaffa seg eit livssyn og ei tru basert på løgn, kompromisser og usanningar. Alle som ikkje trur på Jesus lever i løgn. Alle som vik av frå Guds ord likeeins, for det er summen av Guds ord som er sanning. Sanningsvegen er smal. Få går på den. Løgnvegen er brei. Dei fleste går på den. 

Folk flest trur dei kan koma til Gud utan gjennom Jesus. Det er ein illusjon. Ateistane trur ikkje at det finst ein Gud, ei heller ein dom. Men det gjer det, og dei blir alle ein dag innhenta. For mange sitt tilfelle altfor seint. 

Salmisten ber om å få nåde i Herrens lov. Det verkar som ei sjølvmotseiing. Kan ei lov gje nåde? Det nådefulle her er at Gud vernar oss mot åndelege farar dersom me let lova hans gjelda for oss. Det er stor nåde, det. Lova er ein tuktemeister til Kristus, og på den måten er det stor nåde at Gud gav oss lovene sine. 

I vers 30 bedyrar salmisten at han har valt truskaps veg. Han har vore tru mot Gud, mot Guds ord og mot dei menneska han har rundt seg. Lite er i Bibelen vurdert så høgt som truskap, og dette er då også ein av Guds kjerneverdiar. Men truskapen hos oss kjem ikkje av seg sjølv. Nokre har nok ein karakter som gjer det naturleg å vera trufast. Men alle får hjelp frå Guds ord dersom ein held augo festa på det, dvs. både les det flittig og siterer det for seg sjølv etter minnet.