søndag 8. januar 2023

Salme 119,36-37

 36 Bøy mitt hjarte mot dine lovbod

          og ikkje mot eiga vinning!
          
   
 37 Vend blikket mitt bort frå det som er tomt,
          gjev meg liv på din veg!

v. 36 Vår syndige menneskelege natur har ein sterk tendens til å bøya seg mot eiga vinning, me jaktar på fordeler.  Det er ei tyngdekraft som me ikkje kan koma oss unna, ei kraft som forsimplar liva våre når me ser det i lys av kva me eigentleg skulle ha vore, og korleis me skulle ha levd. For Guds plan var at me skulle elska han av heile vårt hjarta, og vår neste som oss sjølv. Men når me ser på liva våre, innser me fort at det eigentleg ikkje er slik, men at me er oss sjølve nok og nærast som det heiter. 

Skal det bli ei endring, må det koma ei motkraft inn i liva våre, ei kraft frå Gud, Andens kraft, ei kraft som er sterkare enn egoismen, sterkare enn trongen etter nyting, rikdom, anerkjenning og makt, ei kraft som bøyer oss mot det Gud vil, det gode, usjølviske og rette. 

v.37 Det er viktig for oss kristne at me har rett fokus. Det er lett å bli distrahert, utan det er så farleg. Me lever som skapningar i eit skaparverk, og det krev tankane våre mykje. Me har alle oppgåver å utføra, utfordringar å løysa. Ting som skal lærast. Ting som skal gjerast. Men når me begynner å fokusera dei tomme tinga, når det som som kan skaffa oss rikdom, makt og underhaldning, det som Bibelen definerer som tomme ting, blir vårt fokus, då står me i fare for å tapa dei høgaste og viktigaste verdiane: Gud, Guds kjærleik, Guds frelse, Guds rike, Guds kyrkje og Guds misjon. Salmisten veit dette, difor ber han om Guds hjelp til å halda rett fokus slik at han ikkje driv bort frå Gud som er det evige livs kjelde, eit liv me fekk då me kom til tru på Jesus, vart døypte og som me kvar dag tek imot gjennom Guds ord og kvar veke kanskje gjennom Herrens nattverd. Skal me ha Guds liv i oss, og veksa, trivast og utvikla oss, må me ikkje forsømma disse tinga. 

Ingen kommentarer: