45 Lat meg ferdast i ope land,
for eg spør etter dine påbod!Folk flest tenkjer at Guds bod set veldig tronge grenser for korleis eit menneske kan leva. Ein tenkjer at dersom ein blir kristen, blir fridomen kraftig innskrenka. Det motsette er tilfelle. Herrens bod fører oss inn i eit ope lende der himmelen er høg og utsynet vidt. Korleis kan det ha seg? Det er lett å svara på. Guds bod er gode, dei reflekterer det som er godt å halda på med, det byggjer opp fellesskap, og dei er spesiallaga av Gud for å føra oss menneske trygt gjennom dei utfordringane som livet i denne verda byr på. For Guds bod poengterer det ansvaret me har for kvarandre, og gjev ikkje så mykje plass til individualisme og sjølvrealisering. Gud ber oss om å fokusera på andre sine behov, og når me går inn og støttar og hjelper våre medmenneske, erfarer me ein enorm glede og fridom. Dessuten knyter me nye kontaktar og utvidar på den måten våre eigne liv. Guds bod fører oss ut i ope lende der me ser veldig mykje meir enn om me heile tida pukkar på at det er meg og min fridom til å disponera livet mitt etter eige ønskje det handlar om. Jesus seier: "Den som vil vinna livet, skal mista det. Men den som taper livet for mi skuld, han skal finna det." Her kan me jo tenkja oss at han tenkjer på det å bli martyr. Men eg trur det er å oppgje retten til å leva for seg sjølv, og så begynna å leva for Gud og nesten det handlar om.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar