tirsdag 5. desember 2023

Salme 119,153-160

 Vers 153 er ei bøn om utfriing, og salmisten meiner Gud må tilgodesjå han med dette fordi han ikkje har gløymt lova hans. Det betyr ikkje at han har halde lova hans slik denne skal haldast, men at han har anerkjent lova som rett og god, at han har forkynt lova som rett og god og at han har prøvd livet sitt på denne lova. Han hadde Guds gode lov som ein absolutt målestokk på rett og galt, godt og vondt, også i sitt eige liv. Kva vil han så friast ut frå? Frå den skuld han har pådrege seg kvar gong han har brote denne lova, og difor ber han i vers 154 om at Herren må føra hans sak og kjøpa han fri. Salmisten kan ikkje betala for seg sjølv. Det veit han. Berre Herren kan betala skulda hans. Såg han for seg korleis dette skulle bli? Det han ber om er jo at Gud sjølv må koma og og bera fram ei betaling, eit offer som duger, eit offer han kunne støtta seg 100% til. Svaret på denne bøna låg 1000 år fram i tid. Men det kom. Jesus kom. Og me som lever no kan berre jubla mot Gud og seia: "Du har ført mi sak og kjøpt meg fri, slik du lova gjennom Dei heilage skriftene at du ville gjera." Alt var "etter hans ord". 

v.155 markerer at dei lovlause, dei som ikkje anerkjenner Guds lover som gyldige, kan ikkje frelsast, ikkje før dei begynner å spørja etter Herren sine forskrifter. 

I v. 156 appellerer han til Herrens miskunn, hans store medkjensle og sympati, og han ber om å få del i det evige livet, det livet som er i Gud og som ikkje endar når eit menneske døyr. I dette verset må me forstå ordet "lover" som Guds openberring, som noko Gud har lova. I dag er nok denne salmisten godt forvart i himmelen hos Gud som eit svar m.a. på denne bøna. 

I vers 157 fortel han nok ein gong at han blir forfølgt og jaga fordi han står fast og forkynner Guds lover for folk som for lengst har avskrive Gud og alt han står for. Det skjer til alle tider. Ikkje minst i vår tid. 

I vers 158 finn me ein god definisjon på truløyse, det er ikkje å ta vare på Herrens ord. Kva skal me seia til dette?  Kyrie Eleison. 

Vers 159-160. Men salmisten sjølv veit med seg sjølv at han ikkje har vore med på å avsetja Gud og devaluera Guds ord. Han elskar jo kvar prikk i lova. Likevel veit at han det evige livet ligg i Guds miskunn åleine, og at det er SUMMEN av Guds ord som er sanning, Herrens rettferdige lover saman med alt han har skrive om Guds miskunn mot falne og angrande syndarar.  Og då er me midt inne i det reformatoriske grunnprinsippet som seier at Guds ord er lov og evangelium. Lova arresterer oss, og evangeliet om Jesus Kristus set oss fri frå all den skuld me påfører oss ved å synda mot Herrens lov. 

Men når Herrens lover ikkje lenger får lyda frå talarstolane, blir det inga skuld å bli kvitt, og folk ser ikkje noko behov for å søkja frelse hos Gud.