tirsdag 26. april 2022

Salme 106,16-23

 v. 16-18. Misunning og sjalusi er grunnsynder som rir heile menneskelekta som ei mare. I Edens hage planta slangen løgner i Evas sinn, og ei av dei var denne: "Gud veit at den dagen de et av frukta på treet skal de bli som han og kunna dømma mellom godt og vondt!" Underforstått: Gud er kjip og kan nyta goder han ikkje ønskjer å dela med dykk. Difor har han forbode dykk å eta av dette treet, men de har ein sjanse til å få tak i desse godene utan å gå om Gud, de kan jo berre å forsyna dykk. Kvifor gjer det ikkje det? Og Eva vart forvirra og tenkte, ja, kvifor ikkje? Det kan jo ikkje skada å eta ei frukt, og skal me fram og opp her i verda, må me våga å sprenga nokre grenser. Så gjorde ho det. Ho åt av treet, og ho lokka Adam til å eta. Syndefallet var eit faktum, og misunning og sjalusi vart sementert i slekta som arvesynd. Abiram og Datan fekk folket til å tru at Moses og Aron nytte goder som dei andre ikkje kunne nyta. Israelittane gjorde difor opprør mot leiarane sine, og Gud måtte gripa inn med straffedom for å stoppa galskapen. 

v.19-23 handlar om gullkalven folket tvinga Aron å laga ved Horeb. I egyptisk religion var tilbeding av dyr vanleg. Israelitane må ha praktisert dette før Moses kom for å føra dei ut av slaveriet, og då han var på fjellet for å ta imot Guds ord, fall dei attende til gamle syndige vanar og brukte store deler av gullbehaldninga (som skulle brukast på utsmykking av tabernaklet) til å laga denne kalven. Dei kasta JHVH ut av liva sine, og fall på kne for demoniske makter. Dei"bytte bort ære med skam", for å sitera frå Rom. 1. 

Gud ville utsletta dei totalt, men Moses gjekk i mellom og sa at han heller ville at Gud skulle drepa han og spara folket, ikkje fordi han støtta folket i det dei hadde gjort, men fordi han elska dei, og fordi han ikkje ville at Guds namn skulle vanærast mellom dei andre folka. 

Moses hadde utvikla ein Kristuskarakter i sin omgang med Herren. 



mandag 25. april 2022

Salme 106,6-15

Vers 6-7 lærer at det er synd å ikkje tenkja på Guds under og å gløyma hans miskunn mot oss. Å mistru Gud er trass, og trass er synd. 

v.8-12 lærer oss at Gud frelste Israel trass i deira trass. Han gjorde det for sitt namn skuld. 
Når Gud frelser, gjer han det fordi me treng at han gjer det, og for at hans store namn skal få ære. 
I denne teksten frelste Gud folket frå ytre fiendar. Men hans frelse går så mykje lenger. I Kristus frelser han oss frå vår synd og skuld og trass og vantru. 
Egyptarane drukna i Raudehavet, medan israelittane gjekk tørrskodde over. Det var ei overraskande og mektig berging. Dette gav trua deira ein kraftig boost, og under Mirjams leiing song dei ein mektig lovsong til Gud, og dei dansa for han, så glade var dei. 
v.13 Men trua må alltid fornyast. Det skjer gjennom evige repetisjonar av Guds velgjeringar. Skjer ikkje det, blir alt gløymt, og trua blir borte. Folk slutta å kommunisera med Gud, og spør ikkje etter råd frå han. 
v.14 Når trua vert borte, blir folk griske, for då tenkjer dei lett at kvar fint må sørga for seg sjølv, og blir det knapt, kjem krigen om godene. 
Når trua forsvinn, klagar folk på Gud. Det gjorde israelittan i ørkenen, dei sette Gud på prøve. Då gav han dei manna og vaktlar å eta, men ikkje med glede, vart dei også råka av sjukdomar som tærte dei bort. Her ligg det eit sterkt element av straffe

lørdag 23. april 2022

Salme 106,4-5

Herre, kom meg i hug i din nåde mot folket ditt,
          kom til meg med di frelse.
          
   
  5 Då kan eg sjå kor godt det går dine utvalde,
          få del i gleda til folket ditt
          og prisa meg lukkeleg saman med dine.

Vers 4 er ei sterk og vakker bøn om nåde og frelse. Den vil eg gjerne be. Bak Guds frelse ligg alltid Guds nåde. Han frelser oss fordi han i sitt vesen, sin karakter og natur er nådig. Han ser bort frå syndene våre, og handlar med oss ut frå sin reine og evige kjærleik. 

Når me les om frelse tenkjer me oftast på frelse frå synd, skuld og dom. Men det er eit omgrep som femnar mykje vidare. Det kan handla både om utfriing av vanskelege situasjonar som me kan koma oppi her i livet, freistingar og prøvingar som me møter og om lækjedom frå alvorleg sjukdom. 

Bibelen lærer oss at Gud er ein frelsar. Han driv på med dette heile tida. Han kallar folk til tru på Jesus, han grip inn i liva våre når alt låser seg, og han lækjer oss frå sjukdomar når me bed, og mange gongar utan at me ber. Her ein søndag opplevde me at ei kvinne vart lækt på gudstenesta vår då eg lyste velsigninga over kyrkjelyden. 

Vers 5 handlar om den kristne fellesskapen, om kyrkja. Det greske ordet som ofte vert nytta om kyrkja er ekklesia som tyder dei utvalde, akkurat det ordet som salmisten nyttar her. Dette er eit folk prega av glede. Kvifor er dei så glade? Fordi dei har erfart Guds nåde og frelse, noko som skaper ein enorm glede og ei sterk fellesskapsånd. Alle som erfarer Gud, søkjer saman med andre som elskar Gud. Me er ein lukkeleg familie som alltid ønskjer å bli større, og difor kallar me folk til omvending og tru slik at dei også kan erfara at Gud er ein nådig Gud som frelser både frå synd og alt mogeleg anna som trugar med å øydeleggja oss. 

onsdag 13. april 2022

Salme 106,1-3

Halleluja!
          Takk Herren, for han er god,
          evig varer hans miskunn.
          
   
  2 Kven kan nemna alle Herrens storverk,
          fortelja om det herlege han har gjort?
          
   
  3 Sæle er dei som tek vare på retten
          og alltid fremjar rettferd.
          
   
  4 Herre, kom meg i hug i din nåde mot folket ditt,

          kom til meg med di frelse.

 Salme 105, 106 og 107 er i same sjanger. Det er historiske salmer i den forstand at dei på ulike vis går gjennom Israels historie med vekt på Guds omsorg i møte med Israels utruskap. 

v.1 Salmisten startar med å lova Herren, og oppfordra alle andre til det same rett og slett fordi Gud er så innmari god og miskunnsam. 

v.2 Spørsmålet er retorisk. Ingen kan nemna alle Herrens storverk, dei er for mange. Ingen kan fortelja om  alt det herlege han har gjort. Ingen har full oversikt, men noko av det kan me snakka om, både det som står i Bibelen, og det som me har erfart i våre eigne liv. 

v.3 Å ta vare på retten er å la Guds lover få gjelda, og sjølv innretta seg etter dei. Dei som gjer det er sæle, eller velsigna. 

v.4 er ei bøn om å bli hugsa i tider då Gud gjer godt mot folket sitt. Når salmisten ber om frelse, tenkjer han på å få å ikkje bli ekskludert når Gud gjer gode ting mot folket sitt.