lørdag 23. april 2022

Salme 106,4-5

Herre, kom meg i hug i din nåde mot folket ditt,
          kom til meg med di frelse.
          
   
  5 Då kan eg sjå kor godt det går dine utvalde,
          få del i gleda til folket ditt
          og prisa meg lukkeleg saman med dine.

Vers 4 er ei sterk og vakker bøn om nåde og frelse. Den vil eg gjerne be. Bak Guds frelse ligg alltid Guds nåde. Han frelser oss fordi han i sitt vesen, sin karakter og natur er nådig. Han ser bort frå syndene våre, og handlar med oss ut frå sin reine og evige kjærleik. 

Når me les om frelse tenkjer me oftast på frelse frå synd, skuld og dom. Men det er eit omgrep som femnar mykje vidare. Det kan handla både om utfriing av vanskelege situasjonar som me kan koma oppi her i livet, freistingar og prøvingar som me møter og om lækjedom frå alvorleg sjukdom. 

Bibelen lærer oss at Gud er ein frelsar. Han driv på med dette heile tida. Han kallar folk til tru på Jesus, han grip inn i liva våre når alt låser seg, og han lækjer oss frå sjukdomar når me bed, og mange gongar utan at me ber. Her ein søndag opplevde me at ei kvinne vart lækt på gudstenesta vår då eg lyste velsigninga over kyrkjelyden. 

Vers 5 handlar om den kristne fellesskapen, om kyrkja. Det greske ordet som ofte vert nytta om kyrkja er ekklesia som tyder dei utvalde, akkurat det ordet som salmisten nyttar her. Dette er eit folk prega av glede. Kvifor er dei så glade? Fordi dei har erfart Guds nåde og frelse, noko som skaper ein enorm glede og ei sterk fellesskapsånd. Alle som erfarer Gud, søkjer saman med andre som elskar Gud. Me er ein lukkeleg familie som alltid ønskjer å bli større, og difor kallar me folk til omvending og tru slik at dei også kan erfara at Gud er ein nådig Gud som frelser både frå synd og alt mogeleg anna som trugar med å øydeleggja oss. 

Ingen kommentarer: