tirsdag 27. januar 2009

Salme 5,8-13

v.8: Det er berre Guds miskunn som gjev oss tilgang til Guds hus. Gud har i sin godleik opna huset sitt for oss, ikkje berre forat me kan koma på besøk, men slik at me kan flytta inn hos han, bli hans barn og familie.
David kastar seg ned for Gud. Guds stordom overveldar han, og han overgjev heile seg ved å kasta seg ned.
v.9: Han ber om at Gud leider han i si rettferd. Det er ei god bøn. David vil gjerne leva rett, og han ynskjer siger over fiendane sine. Difor ber han Gud om å jamna vegen for han slik at han ikkje møter hindringar og slik at han kan vandra lett.
v.10: Fiendane hans er svært lygnaktige. Det er tydeleg ei plage for han. Folk som lyg er jo farlege, for det er alltid nokre som trur på dei.
v.11 Og David ber Gud om å avsløra lygnhalsane og dømma dei frå gard og grunn, for med lygnene sine har dei strengt tatt sett seg opp mot Gud sjølv.

fredag 23. januar 2009

Salme 5,1-7

Vers 2-4: Dette er ei morgonbøn. Alle truande gjennom alle tider har vendt seg til Gud om morgonen. Det er naturleg. David var tidleg opp for å be, les me. Nett som Jesus var det seinare. David vender seg til Gud og ventar. Det finst mange uttrykk for tru i Bibelen. Det å venta på Gud er eitt av dei. Moderne menneske har vanskeleg for å venta. Dei må ha tinga med ein gong. Men det får menneske ikkje alltid hos Gud. Han testar og styrkjer trua vår med venting. Han ber oss jo ein plass om å vera uthaldande i bøn, og det kan me ikkje læra dersom me får det me ber om i same rennet som me ber.

v.5: Gud toler ikkje vondskap. Det bør alle mennneske merka seg. Vonde menneske får ikkje koma til Gud. Kva er vondskap? Det er å leva for seg sjølv, og ikkje for Gud og nesten. Den vonde frårøvar Gud det som er hans: livet og engasjementet. Ein særleg form for vondskap er vilje til å skada andre fysisk, psykisk eller sosialt. Menneske som gjer det er utestengde frå Guds familie.

v.6: Hovmod kan me definera som å hevda seg sjølv innfor Gud. Den hovmodige manglar vilje til å bøya seg for Gud og vedkjenne seg sin eigen veikskap og avhengighet. Det ligg også hovmot i det sjå på seg sjølv som overlegen i høve til sine medmenneske og å handsama andre menneske på ein nedlatande måte. Det er vondskap. Menneske som lever slik får ikkje koma til Gud.

v.7: Gud gjer ende på lygnarar, og tek avstand frå drapsmenn og svikarar. Verda er full av slike menneske. Lygn, mord og svik bryt ned menneskelivet og Guds plan med oss menneske. Difor vil lygnarar, mordarar og svikarar bli dømt av Gud både i tida og æva.

onsdag 14. januar 2009

Salme 4

v.2: David ber Gud om positivt svar på bøna si. Alle bedarar er avhengige av det. Dersom Gud ikkje svarer på bønene våre, er det fåfengt å be. Dersom Gud ikkje bryr seg om oss og grip inn i liva våre, er han ikkje Gud. Men David har erfart Guds hjelp mange gonger når situasjonen har vore umogeleg, og han kjenner Gud som si rettferd, dvs som den Gud som elskar, tilgjev og gjerne hjelper.

I ljos av Det nye testamente veit me at det er Jesus som er vår rettferd. Han sonte våre synder og gav oss si rettferd i gåve. I han er me fullkomne for Gud, me er rettferdiggjort av Gud sjølv.

David appellerer til Guds nåde. At Gud er ein nådig Gud betyr at han elskar oss utan grunn i oss sjølve, og han svarer på bøn utelukkande fordi han elskar oss på denne måten.

v.3: Som Herrens tenar var David, som Jesus, ofte utsett for vanære mellom menneske. Aldri er livet så tungt som når dette skjer, særleg når det skjer frå menneske som står oss nært. Ordet svik tyder på at det er nærskulde fiendar det her er snakk om. Og når menneska vil oss til livs, vert dei sanneleg veldig omtrentlege med sanninga, og det hender at dei jagar etter lygn og svik for å nå sine mål. I v.2-5 åtvarar David dei mot slik framferd.

v.4: Her slår han fast at Herren gjer under for dei som er trufaste mot han, og at David sine fiendar må forstå at når dei går til åtak på han, går dei til åtak på Gud, for Gud er på David si side. Han minnar dei på at Gud høyrer når han bed, at han er ein far som kjem raskt til hjelp når han ropar på han.

v.5: Difor bør motstandarane skjelva av redsle, tenkja seg grundig om og slutta med denne vondskapen (Gud er ikkje til å spøka med)...

v.6: ...og bera fram dei rette offer, dvs overgje hjarto sine til Gud og læra seg å stola på han i staden for å fremja sine eigne saker ved å fornedra andre. Slikt er ikkje berre synd, det er vondskap. Vondskap er nemleg synd som tek sikte på å skada andre menneske og ikkje berre å sikra seg føremuner på uærleg eller ulovleg vis.

v.7-9 er del 2 av denne salma, og ikkje direkte knytt til v.1-6.

v.7: er ei bøn om lukke og Guds nærvær. Tanken er: sann lukke ligg i det å leva i ljoset frå Gud og i det å ha nærkontakt (stadig "blikkontakt") med han.

v.8: Den som lever i dette, har større lukke og glede enn det rikaste menneske i verda

v.9: og kan leggja seg trygt om kvelden og sova godt. Gud vaker trufast og passar på.