7 ד Ver still for Herren og vent på han!
Harmast ikkje over den som lukkast med sin veg,
den som set i verk vonde planar!
8 ה Gjev slepp på vreiden, lat harmen liggja!
Bli ikkje arg, det fører til det vonde.
9 For valdsmenn skal ryddast ut,
men dei som ventar på Herren, skal arva landet.
10 ו Om ei lita stund er den lovlause borte.
Ser du etter han der han var, er han ikkje der.
11 Men dei hjelpelause skal arva landet
og gleda seg over varig fred.
Vers 7: Å venta på at noko godt skal skje, er ikkje lett. Me vil helst ha ting løyst her og no. Men Gud har betre tid. Han let oss gjerne stå i problema våre ei stund, og så utfordrar han oss til å venta. Å venta på Gud er eit aspekt ved det å tru på han. Det kan vera veldig utfordrande. Men når tida er inne, skjer det under, og Gud får stor ære.
Dei vonde menneska, dei som ikkje reknar med Gud, men som mel si eiga kake på bekostning av andre, ventar aldri på noko som helst. Dei tek saka i eigne hender og "ordnar opp" på sitt vis utan å skjegla korkje til høgre eller venstre. Men dei har skaffa seg ein mektig motstandar i Gud, og til slutt går dei under. Den "lovlause", den som ikkje bryr seg om Guds ord og vilje, går under, dei vert ikkje meir å sjå (vers 10)
Difor skal ikkje nokon bli sinte på gudlause som har suksess, men heller tykkja synd i dei. Blir me sinte og tillet oss å dyrka sinnet, blir me fort vonde, og då går me på same vegen som dei me kritiserer, og endar opp på same trasige plassen som dei (vers 8).
"Valdsmannen skal ryddast ut," les me. Det er godt å vita i våre dagar då valden flamma opp over alt, ikkje minst gjennom oppblomstringa av islamistiske rørsler og mafiagrupper. Desse skal ikkje sigra. Dei utfordrar Gud, og det er nederlagets veg.
Det er dei som ventar på Herren som skal sigra og arva landet. "Landet" er menneska som bur i landet. Det er dei me skal arva. Dei er røva av djevelen, men tilhøyrer oss, og dersom me ventar på at Gud skal gripa inn og senda oss vekking, vil me erfara at så skjer. Det at me ventar på Gud, er den trua som løyser ut hans aksjon.
Utan Han kan me ingenting gjera. Me er hjelpelause i oss sjølve, kan ikkje skapa vekking eller noko av varig åndeleg verdi. Men Gud kan, og han gjer det når me erkjenner hjelpeløysa og koplar oss til han som har den rette hjelp å gje.
Ein dag skal me gleda oss over "varig fred". Det skjer når Jesus kjem attende. Det ventar me også på. Når kjem han? Når evangeliet er forkynt som eit vitnemål for alle folkeslag.
Det å venta på Herren er difor ikkje ein passiv sak. Me ventar AKTIVT på Jesus ved at me gjer alt me kan for å bringa hans nåde og kjærleik ut til alle avkrokar og verdshjørner.
På denne bloggen vil eg gå gjennom og kommentera ein del bibelske tekstar vers for vers. Bibelen er basis for den kristne trua, og det kristne livet, og alt me tenkjer, gjer og besluttar må målast på det som står der. Ver med meg på denne reisa og lat deg inspirera.
Viser innlegg med etiketten venta. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten venta. Vis alle innlegg
fredag 4. oktober 2013
torsdag 28. mars 2013
Salme 33,16-22
16 Kongen blir ikkje redda av stor styrke,
stridsmannen blir ikkje berga av stor kraft.
17 Hesten gjev falske voner om hjelp,
med sin store styrke bergar han ingen.
18 Men Herrens auge kviler på dei
som fryktar han og ventar på hans miskunn,
19 så han kan fria dei frå døden
og halda dei i live gjennom hungersnaud.
20 Vår sjel ventar på Herren;
han er vår hjelp og vårt skjold.
21 Vårt hjarte gleder seg i han,
vi set vår lit til hans heilage namn.
22 Lat di miskunn vera over oss, Herre!
Det er deg vi ventar på.
v.16-17 handlar om krig. Israel kunne ikkje stola på si militære slagkraft med tanke på siger. Dersom ikkje Herren slost for dei, var dei fortapte. I vår kontekst, i den nye pakt, handlar det om den kosmiske åndelege konflikten me står i mellom Gud og djevelen. For livet med Herren er eit liv i felt. Den som vil vera kristen utan å vilja strida for og saman med Jesus, har hamna feil. Kristenlivet er ein krig mot djevelen der målet er å frigjera menneske som han har fanga i si makt. Men i denne striden duger ikkje vår eiga kraft og kløkt. Stolar me på oss sjølve, på våre eigen kapasitet, på våre eigne strategiar og verkemidlar, kjem me fort på vikande front.
Korleis skal me så kjempa? Svar: I tru. Korleis gjer me det? vers 18, 20 og 22 svarar: ved å venta på han. I Jesaja 28,16 les me at "den som trur har inga hast."
Å venta på Herren er ingen usikker sak. Han er trufast og kjem til oss med den hjelp me treng til rette tid. Korleir ventar me på han? Me ventar aktivt ved å lova og prisa han, og ved å be til han. Dette er demonstrert i Apostelgjerningane 1. Jesus hadde sagt at apostlane og dei første truande kirstne skulle venta på Guds kraft frå himmelen før dei starta med å forkynna evangeliet for alle. Då samla dei seg kvar dag på "øvresalen" i Jerusalem til lovsong og bøn, og etter 10 dagar fall Anden på dei.
Slik skal me også venta AKTIVT på at Gud skal koma og føra striden for oss med si kraft, og då samlar me oss for å prisa og takka han og vera glade saman, og be om at hans miskunn skal vera over oss og at Andens kraft skal koma over oss. Så vil det skje.
Å tena Gud i hans kraft og å gjera det i eiga kraft er som dag og natt. Det er to ulike fenomen. Det vil den merka som har vore med på begge deler.
Etiketter:
Andens kraft,
Israel,
krig,
venta,
øvresalen
fredag 23. januar 2009
Salme 5,1-7
Vers 2-4: Dette er ei morgonbøn. Alle truande gjennom alle tider har vendt seg til Gud om morgonen. Det er naturleg. David var tidleg opp for å be, les me. Nett som Jesus var det seinare. David vender seg til Gud og ventar. Det finst mange uttrykk for tru i Bibelen. Det å venta på Gud er eitt av dei. Moderne menneske har vanskeleg for å venta. Dei må ha tinga med ein gong. Men det får menneske ikkje alltid hos Gud. Han testar og styrkjer trua vår med venting. Han ber oss jo ein plass om å vera uthaldande i bøn, og det kan me ikkje læra dersom me får det me ber om i same rennet som me ber.
v.5: Gud toler ikkje vondskap. Det bør alle mennneske merka seg. Vonde menneske får ikkje koma til Gud. Kva er vondskap? Det er å leva for seg sjølv, og ikkje for Gud og nesten. Den vonde frårøvar Gud det som er hans: livet og engasjementet. Ein særleg form for vondskap er vilje til å skada andre fysisk, psykisk eller sosialt. Menneske som gjer det er utestengde frå Guds familie.
v.6: Hovmod kan me definera som å hevda seg sjølv innfor Gud. Den hovmodige manglar vilje til å bøya seg for Gud og vedkjenne seg sin eigen veikskap og avhengighet. Det ligg også hovmot i det sjå på seg sjølv som overlegen i høve til sine medmenneske og å handsama andre menneske på ein nedlatande måte. Det er vondskap. Menneske som lever slik får ikkje koma til Gud.
v.7: Gud gjer ende på lygnarar, og tek avstand frå drapsmenn og svikarar. Verda er full av slike menneske. Lygn, mord og svik bryt ned menneskelivet og Guds plan med oss menneske. Difor vil lygnarar, mordarar og svikarar bli dømt av Gud både i tida og æva.
v.5: Gud toler ikkje vondskap. Det bør alle mennneske merka seg. Vonde menneske får ikkje koma til Gud. Kva er vondskap? Det er å leva for seg sjølv, og ikkje for Gud og nesten. Den vonde frårøvar Gud det som er hans: livet og engasjementet. Ein særleg form for vondskap er vilje til å skada andre fysisk, psykisk eller sosialt. Menneske som gjer det er utestengde frå Guds familie.
v.6: Hovmod kan me definera som å hevda seg sjølv innfor Gud. Den hovmodige manglar vilje til å bøya seg for Gud og vedkjenne seg sin eigen veikskap og avhengighet. Det ligg også hovmot i det sjå på seg sjølv som overlegen i høve til sine medmenneske og å handsama andre menneske på ein nedlatande måte. Det er vondskap. Menneske som lever slik får ikkje koma til Gud.
v.7: Gud gjer ende på lygnarar, og tek avstand frå drapsmenn og svikarar. Verda er full av slike menneske. Lygn, mord og svik bryt ned menneskelivet og Guds plan med oss menneske. Difor vil lygnarar, mordarar og svikarar bli dømt av Gud både i tida og æva.
Abonner på:
Innlegg (Atom)