søndag 7. juni 2026

Salme 150

 Denne salma er berre eit mektig crecendo som avsluttar heile salmeboka. Salmisten oppfordrar himmel og jord å lovsynga Gud for hans store verk, og då tenkjer han både på skaping og forløysing. 

I vers 3-5 blir alle slags instrument kopla inn i lovsongen. Her er det fullt orkester. 

Vers 6 avsluttar salmane med at alt og alle som pustar skal lova Herren. 

Grunntonen i Salmane er tilbeding og lovsong, og det einaste ordet som høver som sisteord i denne boka er HALLELUJA.

Og med dette er mi gjennomgang av denne boka koma til ein ende. Takk til alle som har vore med på reisa. 

Salme 149

 Vers 1: Oppfordring til å syngja ein ny song for Herren "der dei trugne samlast", altså i kyrkjelyden. Nye songar er naturleg i kristne fellesskap der Gud er aktiv. 

Israel er skapt av Gud, og kan gleda seg over sin spesielle historiske posisjon som Guds utvalde folk, og det kan også me gjera som gjennom Jesus Kristus er påkopla dette folket. 

Vers 2 er ein parallellisme der den andre strofa er lik den første berre  uttrykt med andre ord. Vers 3 rettferdiggjer lovsongsdans og bruk av rytmeinstrument i Guds forsamling. 

Vers 4 er vakkert. Gud har hugnad i dei som i si hjelpeløyse grip tak i han. Deira liv kronar han med siger. 

Vers 5 utvidar lovsongsmotivet. Her er det JUBEL og ROP. Det tek liksom litt av, kan du seia.

I vers 6 går me i krigen med lovsong i munnen og tvieggja sverd i handa. På salmistens tid var nok dette høgst konkret tenkt. Men i lys av Hebr, 4 kan me  for vår del godt tenkja oss dette som ein åndeleg erobringskrig der Jesu Kristi kyrkje går ut i verda med lovsong i munnen og Bibelen i handa. 

Som kristne forkynner me både lov og evangelium. Guds lov definerer rett og galt, vondt og godt, og refsar og bind kongar og folk i deira synd og dømmer hjartans tankar og planar. Det er kyrkja si ære å forkynna Guds ord uavgrensa, reint og uforfalska. 

torsdag 4. juni 2026

Salme 148

 Denne salma er ein kosmisk lovsong.

Heile skaparverket og alle englar tek del i lovsongen, og vert oppfordra til det. Dei lovar Herren for det er han som har skapt alt som finst, og han skal hæ ære for sitt vert frå sitt verk. 

Dette er både ei skapingssalme og ei lovsalme. Mange motiv, ord og uttrykk er henta frå 1.Mosebok kap. 1. 

Vers 14 er messiansk. "Eit horn til kraft" er eit uttrykk brukt om kongar, og den fremste av alle Israels kongar er Messias. Han er alle truande si ære, og pga hans liv, død og oppstode får hans folk stå han nært. I Kristus er alle hindringar mellom Gud og oss menneske fjerna, men berre i han.