torsdag 3. september 2009

Salme 11,1-4

v.1: Salmisten stolar på Herren. Herren er nær hos han og gjev han det aller beste vernet akkurat der han er. Difor er tanken på å flykta frå problema heilt fjern. Herren hjelper den anfekta der han er. Å flykta ville vore utslag av vantru. Slik er det også for deg som les dette: Gud vil hjelpa deg der du er . Du skal stola på det og roa deg ned.

v.2: Men fåren er overhengande. Dei vonde spenner bogen og gjer seg klåre til åtak, og den truande veit ikkje kor det kjem frå eller kven fienden er. Pilene er bilete på klagemål som vert retta mot den truande for å fella han.

v.3: Og det er ikkje så mykje han kan gjera med det, for når tvilen er sådd, vert grunnvollen (tillit og sanning) feid bort, og då hjelper det ikkje kva den anklaga gjer. Alt vert til hans eigen bane. Han er hamna i ein forferdeleg situasjon, og angsten er nær. Dette veit alle som har gjennomlevd slike ting som dette.

v.4: Då må han retta blikket mot det faste punktet som trass alt eksisterer om alt elles flyt: GUD. Han er i sitt tempel, les me. Guds tempel er ein metafor for Guds nådige nærvær på jorda. Når me vender hjarto våre mot Herren og kallar på hans namn, går me inn i hans tempel. Og der møter me ein som elskar oss og forstår oss til botnars. Ein som ikkje tilreknar oss våre misgjerningar, men som forløyser oss og som er interessert i vårt sanne vel. Det er alltid lækjande å vera hos Gud, og særleg i slike tider då me ikkje finn fotfeste nokon annan plass.

Men har sit også på truna si i himmelen. Det er eit dommarsete. Der dømmer han alle som går til åtak på dei som han elskar og som har late seg frelsa. Gud er ein hemnar, og han har til hensikt å hemna all urett gjort mot sine vener. Det skal me tenkja seriøst over.