fredag 31. oktober 2008

Salme 1,3


v.3: Guds ord har ein forunderleg effekt på alle som les det, memorerer det og handlar på det: det framverkar dei herlagaste fruktene i liva våre som me kan tenkja oss. Me blir så like på Jesus. Dette Ordet får oss til å elska som han, spreia glede som han og skapa fred som han. Det gjer oss til milde, gode, rause og tolmodige menneske, slike som dreg andre til seg og som er gode å vera saman med. Fruktene som me ber er søte og nærande, difor vil folk oppsøka oss for å få del i denne rikdomen. Men dette er frukter som veks fram, det er ein prosess, ein mogning. Andens gåver vert gjerne gjevne i ein augneblink. Men Andens frukt derimot veks fram som foredla karktereigenskapar. Det er eit resultat av at Jesus, som er Guds Ord, bur i oss og at me gjev han rom. Andens gåver utan Andens frukt vert gjerne det som Paulus kallar "lydande malm og klingande bjeller." Det er ganske slitsomt og utåleleg. Men i kombinasjon verkar Andens gåver og Andens frukt til stor velsigning for menneska og til garantert vekst for Guds rike. Den kristne som lever i Ordet og som lever Ordet vil alltid vera eit frodig og "eviggrønt" menneske. Og alt han/ho gjer skal lukkast. Det var min santen ein dristig lovnad. Men sidan han står her, må det vel vera noko i det. Det må vel helst ha samanheng med at slike menneske gjer det som er Gud til hugnad, dei er i hans leiing med liva sine og dei gjer det Han vil. Og det Han vil, det velsignar han og han let det ha framgang. Så kan me bruka denne lovnaden når me er på jobben og gjer pliktene våre. Og me ber: "Herre, du veit at eg elskar ordet ditt og har mi glede av å følgja deg, og du har gjeve meg lovnad om at det eg gjer skal lukkast for meg. Så lat det skje. Lat meg lukkast i arbeidet mitt og lat det halda ein høg kvalitet osv.."

torsdag 30. oktober 2008

Salme 1,1-2

Salmane er truande sin kjæraste lesnad. Her møtest det guddommelege og det menneskelege på ein måte som ingen stad elles i skriftene. Salmistane løfter oss opp på dei høgste utsiktspunkt. I neste no deler dei med oss den svartaste fortviling.

Salmane er delt inn i 5 samlingar som alle vert avslutta med ei lovprisning, ein doksologi.
1. samling: Salme 1-42
2. samling: Salme 43-72
3. samling: Salme 73-89
4. samling: Salme 90-106
5. samling: Salme 107-150

Salme 1 må me oppfatta som ei overskrift for heile boka. Salme 150 som ein avsluttande doksologi for heile boka.

Salme 1
v.1 viser oss vegen til eit lukkeleg liv. Alle menneske jaktar på lukke. Slik har det vore til alle tider. Det er ein del av vårt menneskelege varemerke. Me vil ikkje berre vera mette og varme, me vil også vera lukkelege. Skal eit menneske oppnå lukke, må det for det første vera i godt selskap. Me er lett påverkelege. Difor må du velja deg vener som har god innflyting på livet ditt, dvs positive personar som elskar Gud og sin neste. Så må du studera Guds ord, læra det utanåt og grunda (meditera) på det, dvs. tenkja på det under bøn til Gud om at det skal opna seg. Å ha si glede i Herrens lov inneber sjølvsagt at ein har si glede i å følgja denne lova. Det kan ikkje noko menneske av seg sjølv. Det er Den Heilage Ande som fyller oss med kjærleik til Guds bod slik at me med glede gjer det Gud vil. Kva vil så Gud? At me elskar og stolar på han framfor alle andre. At me i alle ting representerer han og ikkje oss sjølve. At me elskar kvarandre som oss sjølve. At me viser styresmaktene respekt og lydnad. At me stør leiarane våre. At me lever i seksuell reinleik. At me gjev til dei fattige. At me investerer i misjon. At me er ærlege. At me ikkje flørtar med andre sin ektemake. At me tek godt vare på familiane våre. At me vernar vår neste og hans eigedom. At me forkynner evangeliet for fortapte. At me vernar vår nestes liv, for å nemna noko. Konklusjon: lukkeleg er den som har eit rett og godt høve til Gud og sin neste. Det altså eit spørsmål om tru og moral.

onsdag 29. oktober 2008

Filipparbrevet 4,14-23

v.14: Sjølv om Paulus var ein sjølvstendig kristen som støtta seg til Jesus i tjukt og tynt, og som hadde erfart at det på sett og vis var tilstrekkeleg, rosar han filipparane for å ha stått saman med han i dei vanskelege tidene. Det sosiale var også viktig for han, og han gledde seg når han kunne jobba i team. Det var det normale for Paulus.
v.15-16: Kyrkjelyden i Filippi hadde kvalietar som alltid har vore sjeldne mellom kristne: dei klarte å omrekna åndeleg opplæring og velsigning til kroner og ører. Dei hadde motteke dei evige verdiane av Paulus, og så det soleis som rett å dela pengane sine med han.
v.17: Sjølve pengegåva var ikkje så viktig for Paulus, men meir frukta av henne som filipparane sjølv ville hausta: Guds timelege velsigning. Den ville dei få i rikt monn.
v.18: Gåva var ikkje berre til glede for Paulus, men også til glede for Gud. Han blir tilfreds når kristne ofra og investerer i misjon, eller når me gjev til fattige. Så alle som ønskjer Gud godt, må vera rause med midlane sine.
v.19: Og når me så gjer, er Gud på vår side og fyller alle våre behov.
v.20: Så avsluttar han avsnittet med ein doksologi: Gud skal ha all ære i all æve. I ei tid då Gud nesten ikkje får ære i det heile, er det viktig at me som kristne løftar han opp i verda som den einaste kjelda til alt godt, og at me ærar og prisar han dagen lang.
v.21-22 er helsingar frå alle i krinsen rungt Paulus.
v.23 uttrykkjer eit ønskje om at Jesu nåde må vera ei levande kraft inni dei kristne i Filippi. Når vår ånd vert fylt av Jesu kjærleik, fungerer me godt som kristne. Då lever me i sann fornying.

tirsdag 7. oktober 2008

Filipparbrevet 4,10-13

v.10: Filipparane har hatt stor økonomisk framgang, og kunne difor no koma Paulus til hjelp.
Det kjem tider i kristne menneskes liv då ein ikkje har råd til å gje som før. No er det nok slik at nokre låner for mykje og viser for liten økonomisk varsemd, men om ein er varsam, kan det likevel skje ting som skapar hindringar for gjevartenesta. Det må alle ha respekt for. Men når tidene endrar seg positivt, attreiser ein gjevartenesta. Det er normalt. Filipparane var begynt å gje att. Dei hadde ikkje vorte fanga inn av den redlse for ikkje å ha nok som fattigdomen ofte fører folk inn i. Fattigdomen kan gjera nokre ekstremt materialistiske og gnitne.

v.11-13: Men Paulus har alltid hatt nok, sjølv om han ikkje alltid har hatt like mykje. Nokre gonger har han sogar hatt "tronge kår". Då må det ha vore ille. Men Jesus var med då også og gjorde han sterk, det erfarte han.
Det har forresten aldri vore noka endring på dette. For oss som lever i dag gjeld jo det som Jesus sa då han lova å vera "med oss alle dagar, ja like til verdas ende," og det vil han halda.

torsdag 2. oktober 2008

Filipparbrevet 4,8-9

v.8: Mykje i denne verda er bra og aktverdig. Kristne bør ta slikt til seg og læra av det. Nokre har ein tendens til å tenkja at kristne ikkja har noko å læra av ikkje-kristne. Andre går så langt at dei demoniserer alt som høyrer denne verda til, og utviklar kulturfientlege haldningar. Dermed går ein glipp av mykje godt. Alt i denne verda som er reint, sant, elskeleg, rettferdig, prisverdig og som har eit godt rykte skal ein kristen gje akt på og vera open for. Når det er sagt, må eg få leggja til at svært mykje i litteratur, film, musikk, biletkunst og scenekunst er besmitta og forgifta av synd, og slikt må me som kristne halda oss unna. Men å forkasta alt er berre dumt.

v.9: Men viktigare er det at me følgjer alt det Paulus har lært oss, både i teori og praksis. Då vil Guds fred vera med oss. Kristendom er eit "handverk". Det er noko som skal praktiserast, og praksis er alltid målet for teorien. Her har mange av oss mykje å henta.