søndag 7. november 2021

Salme 102,18-21

 Han lyttar når den nakne bed,

          han foraktar ikkje deira bøn.
          
   
 19 Dette skal skrivast ned for den komande slekt,
          eit nyskapt folk skal prisa Herren.
          
   
 20 Han ser ned frå si heilage høgd.
          Frå himmelen ser Herren mot jorda
          
   
 21 for å høyra sukket frå fangane,
          løysa dei som var dømde til døden.

 Å lesa desse versa er å bevega seg på heilag grunn. Kven er dei nakne? Det er dei som manglar det livsnødvendige. Det er mange av dei i vår tid, og det har det forresten alltid vore. Mange, mange stenger hjarto sine for dei nakne. Men Jesus identifiserer seg med dei, og på domedag skal han seia til dei på si høgre side, dei som i livet hadde kome i et rett forhold til han: Kom hit, de som er velsigna av Far min, og ta i arv det riket som er gjort i stand til dykk frå verda vart grunnlagd. 35 For eg var svolten, og de gav meg mat; eg var tørst, og de gav meg drikke; eg var framand, og de tok imot meg; 36 eg var naken, og de kledde meg; eg var sjuk, og de såg til meg; eg var i fengsel, og de vitja meg.’

Når dei som ingenting har bed til Gud, er hjelpa nær. Difor er det viktig at dei lærer seg å kalla på Herrens namn og leggja saka si fram for han. Då sender han hjelp, og gjerne gjennom sine barn, dei han har fylt med sin kjærleik og medkjensle

v.19 syner at denne salma er profetisk. Ho er skriven for komande slekter, for det nyskapte folket som stod fram på verdas arena etter pinsedagen, det folket som har si glede i å prisa Herren, for oss som trur på Jesus og har borgarskap i hans rike. Me er eit folk, ein nasjon som prisar Herren. Det er vårt varemerke. 

v.20 syner kva Gud er oppteken av i sin herlegdom: Han er oppteken av OSS. Han ser konstant ned på jorda, levande oppteken av stort og smått i liva våre. Han vaker over oss med den største merksemd. Han overser ingen, ingen mennesker, ingen dyr, ingen kryp, ikkje noko levande vesen. Hans omsorgsfulle farsauga får alt med seg. Fantastisk. 

v.21 Og han høyrer sukket frå fangane, her er det nok tenkt på dei bortførte israelittane, krigsfangane, og me som tilhøyrer det nyskapte folket kan utvida med dei som sit i fengsel for trua si, og som er urettferdig dømde. Herren hatar dette. Så er han hos alle som på ein eller annan måte sit i fysisk eller psykisk fengsel, og trøystar dei og styrker dei med sitt nærvær, og det store er: Når som helst kan han sprenga desse lenkene sund, og det skjer i den rette tid, den tid som han i sin visdom ser er den rette. 

Men uansett korleis du har det: Pris han for full hals. Det er det god hjelp i. Han elskar deg, du lever i nåden hans, du har framtid og håp, og den dagen han tek deg heim, tenkjer du aldri eit fnugg på dei vanskane som la hindringar i vegen for deg i dette livet. Alt blir for ingenting å rekna.