fredag 21. februar 2025

Salme 130,1-4

Ein song til festreisene.

Frå djupet ropar eg til deg, Herre.

2 Herre, høyr mi røyst!

Vend øyret til mitt rop om nåde.

3 Dersom du, Herre, vil gøyma på synder,

Herre, kven kan då bli ståande?

4 Men hos deg er tilgjeving,

så vi skal frykta deg.

Vers 1-2

Salmisten ropar til Gud frå djupet. Og då tenkjer eg på Jesus. Hans kamp i Getsemane, og ropet hans frå krossen: Min Gud, min Gud, kvifor har du forlate meg. 

I dag sit det titusenvis av kristne menneske i skitne, fuktige og kummarlege fengselsceller og ropar til Gud frå ein svært djup plass i liva sine, som tilfelle var også for Josef, Jeremia, Peter, Paulus, Johannes, Savonarola, Johan Huss, William Tyndale, John Bunyan, Hans Nielsen Hauge, Georgij Vins, Richard Wumbrand, og i skrivande stund: Malihe Nazari, Joseph Shahbazian og Mina Kahjavi i Iran 

Og så blir kristne råka av alvorlege sjukdomar, og frå djupet ropar dei til Herren om nåde og hjelp. 

Djupet er den plassen i livet som du ikkje kan koma deg ut av med eigne krefter. Du må frelsast ut. 

Det er det salmisten ber om her når han ber om nåde. 

Vers 3

Ingen menneske kan bli ståande om Gud skulle handsama oss etter våre synder. Dersom Gud skulle samla på syndene våre og døma oss etter dei, ville alle gått fortapt. 

Vers 4

Dette verset er triumferande og fullt av trøyst. Kva finn me hos Herren når me kjem til han? Tilgjeving. Gud er ei uuttømmeleg kjelde av tilgjeving. Og for oss som lever i den nye pakts tid: Denne enorme rikdomen har Jesus betalt for, og me får nåde og tilgjeving gratis hos Gud for Jesu skuld. 

Og kvifor gjev Gud oss nåde? Kvifor gav han sonen sin som ei soning for våre synder? Forat me skal frykta han. Gudsfrykt er ein udelt positiv sak i Bibelen. Det er det nye sinnet, den nye innstilling og mentalitet som me får hos Gud når me kjem til han for å få nåde. For nåden er to ting: Tilgjeving og ein ny natur. Peter kallar det guddommeleg natur, og den syner seg på den måten at me anerkjenner og beundrar Gud som den Høgste, at me lyder han, elskar det han elskar og hatar det han hatar. Det er gudsfrykt, og gudsfrykt er målet for frelsa.