tirsdag 20. oktober 2015

Salme 46

Til korleiaren. Av Korah-songarane. Etter «Alamot». Ein song.
    

Denne salma er ei tillitssalme.
v. 2: Israel har i si naud søkt tilflukt hos Gud, og han kom dei til hjelp. Det er ikkje slik at Gud gav dei styrke, men var deira styrke. Slik er det også for oss. Gud er vår styrke. Me skal sleppa å venta på at han skal gje oss kraft. Den har han gjeve oss gjennom dåpen og  trua på Jesus Kristus, og ved sin Ande er Han alltid nær oss. Det skal me få rekna med når dagane blir vanskelege. Også dette skal me gripa i tru.

v.3-4:
Difor treng me ikkje ein gong reddast når store jordskjelv oppstår på havbotnen og genererer tsunamiar. Det vil i aukande grad inntreffa i tida før Jesus kjem att i herlegdom. Men me møter alle naturkatasstrofar og andre rystingar saman med han som skapte himmel og jord. Det skulle gjera oss trygge. 

v.5: Guds by er Guds levande kyrkje. Elva er Den Heilage Ande som renn gjennom denne kyrkja. Ho har mange tilførselsbekker, historiske vekkjingar som me den dag i dag nyt godt av, men også  litteratur skrivne av Guds kvinner og menn som me kan leska oss på så mykje me vil. Men alt går saman til noko større som skal koma i den siste tida. Ingenting av det som hende før kan samaliknast med det som skal skje avslutningsvis. 
Elva er til glede for Guds by. Dei som bur i Guds by er glade menneske fordi dei er forløyste frå syndene sine og har fått fri tilgang til Gud, vår Far, og han er full av glede. Difor er gleda kristenlivet sin grunnstemning.  

v.6-8: Midt i byen er Gud. Difor står byen støtt. Det er ikkje kyrkja som held Gud oppe, men omvendt. Gud er midt i si kyrkje. Difor står ho støtt, også under dei store påkjenningane som djevelen og verda påfører henne.  Han vernar henne med sitt veldige ord, det ordet som får jorda til å skjelva og riker til å vakla. Også i vår tid har me sett dette skje.
Det kan sjå mørkt ut ofte for Guds barn i verda, forfølginga er så brutal mange stader.. Men det er forbigåande. Natta vil passera og ein ny dag gry. Det lovar Gud, han som også er med oss gjennom dei lange nattetimane. Då er han vår faste borg. Så lenge me held oss til han, tek han godt vare på oss.

I vers 9 endrar tematikken seg. No inviterer salmisten alle til å koma å sjå det Herren har gjort, store skremmande ting. Her talar evangelisten. Kyrkja sitt kall i verda er å invitera alle til å koma til Gud og sjå, dvs erfara Guds mektige gjerningar. I Johannes openberring kap 22 les me at "Anden og brura seier: Kom! Og den som høyrer det skal seia: Kom! Og den som kjem, skal drikka  gratis av Guds vasskjelder."  

v. 10 peikar framover mot tusenårsriket (jmt Openberringa 20) då Herren skal gjera slutt på krig over heile jorda, og alle våpen, som i dag utarmar jorderiket, skal øydeleggjast og omstøypast til plogjern (Jesaja 2). Då skal menneske gjer det dei er komne for: dyrka jorda og gjera henne til ein hage. 

v.11: Salmisten ber folk stoppa opp, teia still og kjenna litt etter. Då vil dei forstå at Herren er Gud. Folk er i farten med tusen prosjekt, og dei stoppar sjeldan opp for å lytta til Gud. Tankane surrar og munnen går. Ikkje lett for Gud å stoppa taleflaumen. Men dersom han lukkast, kan han tala til dei, syna dei stordomen sin (han står over alle, og det er hans ord som gjeld for alle)  og frelsa dei inn i sitt rike. Sjølve definisjonen på det evige livet er jo "å kjenna Gud" (Johannes 17,1-3)

V. 12: Herren Sebaot = Herren, han som er Gud over heile englehæren sin, er med oss. Det er ikkje småtteri. Me skal få rekna med englehjelp i den striden me står i som Guds medkrigarar. Å erfara Herren som Herren Sebaot er for dei som går ut i krigen med Gud for å erobra menneske for han.
Det er jo desse menneska som har bruk for ei fast borg når motåtaka kjem. Dei som ikkje slost for Gud, blir som regel spart for heftige åtak frå fienden. Han giddar knapt bruka tid og energi på slike kristne.