mandag 30. april 2012

Salme 21,1-8

Til korleiaren. Ein salme av David.
         
   
 2 Herre! Kongen gler seg over di makt.
          Høgt jublar han over di frelse.
         
   
 3 Det hans hjarte ønskte, har du gjeve han,
          du har ikkje nekta han det hans lepper bad om.
         
   
 4 Du møter og velsignar han med det som godt er,
          og set ei krone av reint gull på hans hovud.
         
   
 5 Han bad deg om liv,
          du gav han levedagar som aldri tek slutt.
         
   
 6 Stor er hans ære, for du frelser han,
          høgd og herlegdom gjev du han.
         
   
 7 Frå deg får han evig velsigning,
          du fyller han med fryd når du er nær.
         
   
 8 For kongen set si lit til Herren.
          Han vaklar ikkje, for Den høgste er trufast.


Dette er også ei kongesalme, dvs ei salme om Messias, om Jesus.
v.2. Messias gleder seg over Guds makt. Gud utøver alltid si makt i kjærleik. Det skal me vera glade for. Men det er ikkje mange menneske i dag som gleder seg over Guds makt. Mange meiner at han ikkje har makt, og dei er fornøgd med det. Men Gud har makt. Og denne makta har han gjeve Jesus. Og han er den einaste som har makt til å tilgje oss våre synder og reisa oss opp frå dei døde, så me skal alle gleda oss over Guds makt. Det skal vera visst.

 v.3: Jesus fekk alltid det han bad om. Då han sto utanfor grava til Lasarus, bad han og sa: "Far, takk for at du alltid gjev meg det eg bed deg om..." Så vekta han Lasarus opp frå dei døde. Jesus var ein stor bedar, og det kan du og eg bli også. Jesus vil læra oss det. Men bøn er ikkje ein teknikk eller noko sånt. Det er fortruleg samtale med Gud, og han ser kva bønesvar me er i stand til å bera.

v. 4 Jesus vart krona til konge då han 40 dagar etter påske vart teken opp til himmelen. I 33 år hadde Meisteren levd i fornedring, og møtte til sist den reine vondskapen. I himmelen vart han møtt med velsigning og det som godt er. 


v.5. Jesus bad Far om liv, og han fekk levedagar som aldri tek ende. Etter at Jesus sto opp frå dei døde, kan han aldri meir døy, og det gjeld også for alle som trur på han.


v.6: Jesu ære er stor, og det skal me visa ved å syngja for han, be til han, takka han og følgja han. Då Jesus fòr opp til himmelen fekk han høgd og herlegdom, dvs både autoritet og kraft til å setja det han bestemmer ut i live.
v.7: Jesus levde alltid nær Far, og det fylte han med glede. Gjennom Jesus får me også leva nær inntil Gud og erfara den same gleda som Jesus lever i. 
v.8: Jesus sette si lit til Gud, og vakla ikkje. Sjølv då alle var imot han og dei spotta, slo og drap han beheldt han fatninga. Dersom me set vår lit til Herren, vil heller ikkje me vakla, med stå fast i dei tyngste prøvingar og freistingar.

lørdag 28. april 2012

Salme 20,4-6

Måtte han minnast alle dine gåver
og ta imot ditt brennoffer. Måtte han gje deg det hjartet ditt ønskjer,
og oppfylla alle dine planar,          
så vi kan jubla over di frelse
og lyfta banneret i vår Guds namn.
Måtte Herren oppfylla alle dine bøner!

Salmisten ber om at Herren må minnast Messias sine gåver og ta imot offeret hans. 
Jesus bar fram eit fullkome offer for synd, og dette vart fullt ut mottatt og akseptert av Gud som godt nok for alle menneske. 

Så ber han om at Herren må gje Messias det han ønsker, og oppfylla planane hans.
Kva ønskjer Jesus? At alle skal bli frelst og bli kjent med sanninga.
Kva planar har han? At me som kristne skal forkynna evangeliet som eit vitnemål for alle folkeslag. Når det er i boks, då kjem enden.
Når me går i Guds plan, kan me fryda oss over hans frelse.
Mange kristne er gledeslause. Det er fordi dei ikkje går i og fullfører Guds planar. 

"Å løfta banner i vår Guds namn" er å løfta krossen og markera for alle at ein trur på Jesus, og fortelja folk at dei også bør overgje liva sine til han.
Kva ber Jesus om? Han ber for oss som trur på han, og han ber for folkeslaga at dei skal begynna å tru på han. Måtte dette bli slik. Amen.

Gode Gud! Takk at du velvillig tok imot Jesu offer, og at du for hans skuld tilgjev oss alle våre synder når me innrømmer dei. Takk at du har gode planar for liva våre, og forat du ønsker oss kun det beste. Hjelp meg så eg ikkje skammar meg over å vera ein kristen, men løftar korset høgt slik at alle kan sjå det. Fyll meg med glede over di frelse, og oppfyll alle bønene mine, i Jesu namn, amen.