søndag 16. juli 2017

Salme 58

v.2-3. Salma handlar om menneske, som når dei får makt, ikkje fremjar rettferd, men urett og vald.

v.4-5. Dette gjer dei ikkje fordi dei blir fanga av situasjonen, men fordi uretten ligg i hjarto deira, dei har hatt han med seg frå fødselen av. Han ligg inni dei, i karakteren.
Ein viss prosent menneske vil til eikvar tid falla inn under denne kategorien.
Slike bør ikkje få makt, men får det likevel fordi dei traktar etter ho.

v.5-6. Dei er som døve og giftige ormar som ikkje anerkjenner annan autoritet enn sin eigen, ei heller Guds.

v.7-10- Berre den allmektige Gud kan hjelpa mot slike menneske. Difor tryglar David Gud om å gripa inn og knusa tennene på dei, spreia dei og på alle vis ta maktamidlane deira frå dei.

Kristne bør be mot tyrannar og tyranni over alt der det dukkar opp, og mot alle andre som misbrukar makta si .  Me treng ikkje leita lenge for å finna slike folk. Me skal yta dei kraftig motstand med vår bøn og med våre profetiske ord, og så overlata dei til Gud.

v.11-12. Når tyrannen fell og blir straffa, og når uretten tek slutt, gleder den rettferdige seg. Det har han god grunn til.  At han vaskar føtene sine i blodet frå den urettferdige, verkar noko framandt og bisart på oss, men det er no det som står her.
Då får den rettferdige si løn. Han har kjempa mot vondskapen saman med Gud og vunne fram. Løna han får er at den vonde fell og retten blir attreist.