onsdag 25. september 2019

Salme 79

Dette er ei klagesalme.

v.1 Fiendar har trengt seg inn på Guds eigedom, Israels land, vanhelga tempelet og lagt Jerusalem i grus.
Når nokre kjem inn i Guds kyrkje og får aksept for læresetningar som ikkje har si rot i Bibelen, representerer dei djevelen som har svore på at han skal knusa Jesu Kristi kyrkje, slik han prøvde å knusa Jesus. Han lukkast betre med kyrkja, ser det ut for.

v.2-3. Katastrofen er komplett. Det er ikkje ein gong att nokre som kan gravleggja dei døde.

v.4. Og det er aldri medkjensle å få for Israel hos grannane. Berre hån. Slik har det alltid vore. Og slik er det i dag.

v.5. Asaf knyter katastrofen til Gud. Det er HANS dom dei no har fått smaka. Og det er rett. Denne dommen var varsla av profetar. Og likevel spør han: Kor lenge skal dette vara. Han leitar etter lys, etter ein timeplan som han kan forhalda seg til.

v.6. Ville det ikkje vera lurare av Gud og dømma heidningane enn Israel? Han føreslår av Gud vender domen mot dei framande folkeslaga. Problemet er at Gud har sagt at han vil syna seg heilag PÅ DEI SOM STÅR HAN NÆRT (4.Mosebok 10,1-2). Og det gjer ikkje dei framande.

v.8-9 er ei sterk bøn om tilgjeving, ikkje primært for Israelsfolket sin del, men for Guds eige namns skuld og for hans æres skuld.

v.10. Så minnar han Gud om at å straffa Israel kan gje han sjølv eit dårleg rykte. Då kan jo folk koma til å tru at Gud ikkje ein gong finst, eller at han er heilt avmektig. Asaf argumenterer så godt han kan for å påverka Gud til å snu, og dristig ber han Gud om å hemna sine tenarars blod. Dette er ikkje illegitimt ettersom me også i Johannes openberring les om at Gud ein dag skal gjera akkurat det.

v.11 Her ber han for "fangane", dvs dei bortførte, at Gud skal lytta til sukka deira, stundom blir bønene våre berre sukk, og med sin sterke arm frelsa dei som blir ført bort for å døy. Og dette verset får meg alltid til å tenkja på alle abortane som vert utførte i denne verda. Dei små borna treng vår forbøn.

v.12. Asaf synest Israels naboar skal bli spotta sju gongar sterkare enn dei sjølve har spotta Gud. Ja, det synest han er ein passeleg reaksjon frå Guds side.

v13. Salma avsluttar med ein triumferande proklamasjon: Me er i ein elendig forfatning, det er sant, MEN DET ER ME SOM ER HERRENS FOLK, og det er me uansett kva forfatning me er i, og me er ein gjeng som lovprisar Herren til evig tid, frå slekt til slekt. Ja, det er vårt kall, og det som skjer rundt oss skal ikkje få oss ut av denne tenesta. Me kan klaga litt innimellom, men så er det attende på lovsongssporet, ikkje fordi me føler for det, men fordi det er vårt kall og vår jobb, og jammen gjer det oss godt også.