tirsdag 28. mai 2024

Salme 124

 1 Ein song til festreisene. Av David.

Hadde ikkje Herren vore med oss,

skal Israel seia,

2 hadde ikkje Herren vore med

då menneske reiste seg mot oss,

3 så hadde dei slukt oss levande

då vreiden deira flamma opp,

4 så hadde vatnet skylt over oss,

flaumen hadde strøymt over oss,

5 så hadde det veldige vatnet

strøymt over oss.

6 Velsigna er Herren

som ikkje gav oss til rov for deira tenner!

7 Vi slapp fri som fuglen frå jegerens snare.

Snara rauk, og vi slapp fri.

8 Vår hjelp er i Herrens namn,

han som skapte himmel og jord.

Israels folk har eksistert i 4000 år. Ingen andre folk har ein slik lang historie når me ser bort frå Egypts kristne urbefolkning, koptarane. 

Saka er den: hadde ikkje Israels Gud halda den gode handa si over Israels folk, ville ikkje folket eksistert i dag. Verda har med varierande intensitet alltid hata Israel. Aldri har dei vore elska, så nær som mellom enkelte kristne. Men deira store styrke er at dei er elska av Gud, og at dei har hans favør pga fedrane, som skrive står. Me kristne har favør fordi me trur på Jesus. Han er vår ryggdekning. Men jødane som ikkje trur på Jesus, har favør pga den trua som var i Abraham, Isak, Jakob, Josef, Moses, Josva, dommarane, David og profetane. For deira skuld vil Israel aldri bli overlaten til seg sjølv. 

Det gjeld også i vår tid då heile verda samlar seg i synkron fordømming av Israel fordi dei slost for sin eksistens mot terrororganisasjonen Hamas. Men Herren er med dei, og difor skal dei lukkast. 

No sit det over 100 israelarar som gissel for Hamas i Gaza. Ein dag vil, i alle fall nokre av dei, be vers 7. Det blir rørande. Kjære ven! Ikkje gløym dei. Be om at Gud vernar dei mot overgrep. Be om at Guds engel må vera hos dei som han var med Daniel i løvehola, og be om snarleg utfriing. 


lørdag 18. mai 2024

Salme 123

 1 Ein song ved festreisene.

Til deg lyfter eg mine auge,

du som tronar i himmelen.

2 Som auga til tenarar følgjer handa til herrane,

som auga til tenestekvinna følgjer handa til husfrua,

slik følgjer auga våre Herren vår Gud

heilt til han viser oss nåde.

3 Ver nådig mot oss, Herre, ver nådig!

For vi er meir enn mette av forakt,

4 meir enn mette av hån frå dei sjølvsikre

og forakt frå dei hovmodige.

Denne salma er ein bøneskule, eit heilt lite studium. Salmisten har fullt fokus på Gud, slepp ikkje synet av han, og forventar alt godt frå han. 

Når nauda er stor, er det berre Gud som kan hjelpa. Det veit me godt. Menneska kan hjelpa litt. Men berre til ei grense. Når den er broten, er det berre Gud att. Slik er det enno meir når menneska er sjølve problemet, slik som her. Då festar me blikket på Gud, og held han fast til me får det me treng. Me blir som Jakob som kjempa med Gud om natta og sa: "Eg slepp ikkje taket i deg før du velsignar meg". Her snakkar me om pågåande, modig og intens bøn. Det står om livet, og då gjev me oss ikkje. Dag og natt høyrer han frå oss. 

Vers 3. Og me ber om nåde, at Gud skal hjelpa oss, ikkje fordi me har fortent det, men fordi han er god, og fordi me så desperat treng han.  

Og så får me i v.3b og v.4 vita kva som står på. Salmisten og hans folk, Israels folk, møter forakt og hån frå sjølvsikre og hovmodige menneske. Det er som teke ut av dagens situasjon då rasande menneske går gjennom gatene i verdas storbyar og krev Israel utsletta. Det er skremmande. Og no er me snart der at jødefolket skal kalla på Herren Jesus som sin Messias, han som vart gjennomstungen, gråta sårt over han, og på deira bøn vil han koma attende og hjelpa dei og frelsa dei, ikkje berre frå syndene deira, men også frå alle fiendar som samlar seg rundt dei. Det blir eit historisk drama. Det bygger seg opp til det no. 



tirsdag 14. mai 2024

Salme 122,5-9

 Det er ei lov for Israel

å prisa Herrens namn.

5 Ja, der står troner for dommarar,

kongsstolar for Davids hus.

6 Bed om fred for Jerusalem!

Må dei som elskar deg, leva trygt!

7 Må fred råda innanfor dine vollar,

tryggleik i dine borger!

8 For mine brør og vener skuld

vil eg seia: «Fred over deg!»

9 For tempelet skuld,

Herren vår Guds hus

vil eg ønskja deg det gode.

Vers 4b bør alle jødar og kristne merka seg: Å prisa Herren er ei lovpålagt plikt for Israel, og dermed for alle oss heidningekristne som er pota inn i Israel. Åndeleg sett er me heidningar som trur på Jesus jødar fordi Jesus er jøde. Så, min ven, lat lovsongen lyda frå hjarte og munn gjennom heile dagen. Å vera menneske er å vera ein tilbedar av himmelens Gud. 

v.5. I Jerusalem står troner og kongsstolar for Davids hus. Høyr no: Som truande kristen er du ein del av eit kongeleg presteskap. Ditt kall er ikkje berre å lovsynga Herren, men også å utøva autoritet på jorda. Det går heilt attende til 1.Mosebok 1,26-27 der Gud sette menneska han skapte i sitt bilete til å råda. Denne autoriteten brukar du til å kalla folk til omvending og tru, lækja dei sjuke og setja fri dei demonbesette. 

Men dette verset peikar også framover mot tusenårsriket då apostlane skal sitja på 12 troner og dømma Israels 12 stammer. Det ligg til framtida.

Vers 6- 9 er skræmande dagsaktuelt. Det er ikkje meir enn to veker sidan Iran gjekk til åtak på Jerusalem med rakettar. Og dette gjorde dei sjølv om dei meinar at Jerusalem er ein heilag by i islam. Så heilag var byen for dei. Kvar dag ber me om fred for Jerusalem og tryggleik for alle som elskar byen. Det er naudsynt i ei tid då antisemittismen blomstrar i verda som aldri før etter 1945. Det er ganske merkeleg å vera vitne til korleis hatet mot Israel og jødane enno  ein gong flammar opp i gatene og på universiteta i storbyane i Europa og Amerika. Det er djupt urovekkande, og stadfester for oss kor viktig det er at verdas jødar har eit land dei kan koma til der dei kan vera trygge, i den grad dei kan det der. 

Herrens tempel var i Jerusalem. Det gav byen ei djup meining for jødane. Men i 587 f.Kr. vart tempelet øydelagt av den babylonske hæren, rive og brent. Det skapte undergangsstemningar og store sår i den jødiske sjela. Dei fekk smått om senn bygd tempelet opp att, men aldri til den standard som det første tempelet hadde hatt. Uansett var det jordiske tempelet kunne mellombels. Det skulle erstattast av noko langt større, herlegare og uangripeleg. Gud sjølv kom til dei gjennom Jesus. Hans kropp vart Guds tempel i Israel.  Før hans tid gjekk jødane til tempelet for å få hjelp i si naud. Då Jesus kom, gjekk dei til han. Det var eit teikn. 

Nå treng ikkje Israel å attreisa noko tempel. Dei treng berre å ta imot Jesus, så blir dei sjølve ein del av Guds tempel på jorda, bygd av levande steinar, som Peter uttrykkjer det i kapittel 2 i sitt første brev. Det har mange av dei alt gjort, og snart kjem heile Israel til å hylla Jesus som konge, og det at dei kjem til tru på han, og kallar på han vil føra til stor velsigning for jordas mange folk. Når me ber om fred for Jerusalem, er Jesus svaret, for han er vår fred, skriv Paulus til efesarane.