søndag 28. mai 2023

1.pinsedag 2023. Apostelgjerningane 2,1-4

Då pinsedagen kom, var alle samla på éin stad.  2 Brått lét det frå himmelen som når ein sterk vind blæs, og lyden fylte heile huset dei sat i.  3 Tunger, liksom av eld, synte seg for dei, skilde seg og sette seg på kvar og ein av dei.  4 Då vart dei alle fylte av Den heilage ande og tok til å tala på andre språk etter som Anden gav dei å forkynna.

Gode Gud og Far! Takk for ordet ditt som har kraft i seg til å frelsa, fornya, utrusta og lækja. Gjer det også i dag. Heilage Far, helga oss i sanninga. Ditt ord er sanning. 

I dag er det første pinsedag. Pinse handlar om mange ting. I dag vil eg fokusera på det som handlar om tilgjengelegheit.

For det første: Pinse betyr at Guds kjærleik og nåde er blitt tilgjengeleg for alle menneske i heile verda. 1.pinsedag, slik me les om denne i Apostelgjerningane 2, var startskotet for den kristne misjon. Døra inntil Gud hadde vore stengt for nasjonane, og berre på gløtt for israelittane. Men då Jesus døydde på krossen, rivna forhenget i tempelet som eit symbol på at døra inn til Gud vart slått på vidt gap for jødar og grekarar, kvinner og menn, rike og fattige, høge og låge, dei langt borte og dei som var nær. Men berre Den Heilage Ande kan overtyda menneska om at Jesus er Herre, og han kom på pinsedagen for å fylla og utrusta alle truande, overtyda folk flest om at dei har bruk for Jesus og ta bustad i alle som tek imot evangeliet.

For det andre: Etter første pinsedagen er Guds kraft blitt tilgjengeleg for alle som trur på Jesus. Skal me tena Gud i vår eige kraft, blir resultata små og skrøpelege. Men let me oss fylla av Den Heilage Ande, som Paulus formanar oss til, då strøymer liv og kraft ut frå oss til ei verd som så desperat treng Gud. Når me let oss fylla av Anden, begynnar me å leva overnaturlege liv, og når folk møter oss, møter dei Gud, han som har skapt dei og som elskar dei. Han kjem nær til dei gjennom oss.  Slik fungerer Den Heilage Ande. Dette er pinsekrafta, og når me har Den Heilage Ande med oss, når han pregar liva våre og får det til å renna over av kjærleik og kraft, blir det veldig mykje lettare for folk me møter å ta imot Jesus og bli kristne. For det er berre Den Heilage Ande som kan kristna folk. Men det store for oss er at han gjer det gjennom oss, me er blitt hans medarbeidarar, og det er verdas største privilegium

1)     Gode Far! Reis opp kyrkja di i Noreg, og utrust henne til å forkynna ditt ord og demonstrera di kraft for alle som bur i dette landet, slik at alle nordmenn kan venda om til deg og bli ekte kristne.
Ver nær alle som vert forfølgde fordi dei trur på Jesus. Gje dei stor styrke. Me ber om fred og rettferd i Ukraina, Jemen, Sudan, Myanmar og andre plassar der hatet og krigen rår.
Me ber om liv og livsrett for alle ufødde barn.
Me ber om klokskap og rettsinn for kongen, regjeringa, for stortingsrepresentantane og for alle dommarane i landet vårt.
Må dette landet bli styrt etter dine rettferdslover   

Me ber om at Bibelen skal bli omsett til alle verdas språk, og at evangeliet om Jesus skal nå ut til alle menneske.

Me ber om at Jesus snart skal koma tilbake for å dømma levande og døde, og frelsa alle dei som trur. Amen!


torsdag 25. mai 2023

Salme 119,92-94

 Om eg ikkje frydar meg over di lov,

          går eg til grunne i mi naud.
          
   
 93 Eg gløymer aldri dine påbod,
          ved dei gjev du meg liv.
          
   
 94 Frels meg, for eg er din!
          Eg spør etter dine påbod.

v.92 Salmisten har det ikkje lett, og han er i stor naud. Han føler at han kan koma til å gå til grunne. Me kan ikkje vita kva han meiner med det, men det me KAN vita er at plusskrafta i Guds ord er større enn minuskrafta i ein vond lagnad, og han vel å fokusera på dei fantastiske sanningane i Bibelen, at han er elska og tilgjeven, at Gud er med han og at ingenting vondt kan råka han utan at det skal bli til hans fordel. Det er grunn til å fryda seg over slikt. Salmisten gjer det, og då taper det vonde makta si i livet hans.

v.93. Salmisten repeterer Guds ord for seg sjølv så ofte at han ikkje gløymer dei. og han praktiserer Guds ord. Det gjev liv. Guds bod er gode, og når ein kristen gjer det han har fått beskjed om, opplever han at han lever meir enn nokon gong. Alle me som elskar Gud blir tilfredse og sterke når dei tener han og gjer det han har pålagt oss på ein skikkeleg måte.  Lydnad styrker kristenlivet. Ulydnad sveikkar det.  

Vers 94 er ei bøn om frelse. Ikkje frelse frå synd, for han tilhøyrer jo allereide Gud, men det kan vera frelse frå sjukdom, farlege situasjonar eller farlege personar. 

Salmisten spør etter Herrens påbod, så markerer han at han ønskjer å handla etter Guds vilje og ikkje sin eigen. Det er livsviktig for oss kristne at me handlar i samsvar med Guds vilje, ellers blir me veldig sårbare og kan lett rota oss vekk frå Gud. 

mandag 22. mai 2023

Salme119,89-91

 89 ל I all æve, Herre,

          står ditt ord fast i himmelen.
          
   
 90 Din truskap varer frå slekt til slekt,
          du har grunnfest jorda, og ho står ved lag.
          
   
 91 Etter dine lover står dei til denne dag,
          for alle ting må tena deg.

v.89. Guds ord står for evig fast i himmelen, las me her. Det er verkeleg godt at noko står fas i ei tid då ting endrar seg veldig fort på dei fleste områder. Og det går an å bli svimmel av alt som skjer. Då er det godt at Gud og hans ord ikkje endrar seg. Han står fast, hans ord står fast og dei som står fast på Guds ord, står stødig midt i alle endringar.  "Om himmel og jord forgår, så skal aldri mine ord forgå," seier Jesus i Bergpreika. Ikkje den minste prikk ein gong skal tapa sin gyldighet, seier han ein annan plass. 

Kva er det å stå fast på Guds ord? Det er å tru på Jesus og lyda hans befalingar. Tru og lydnad er to ord som går hand i hand i Bibelen. Og samanhengen er enkel: Trua på Jesus syner seg hos oss på den måten at me lyder hans befalingar, ja, ikkje berre det at me lyder dei, me elskar dei. "Dei som elskar meg, elskar boda mine," Joh. 15. 

v.90. Bibelen er full av gode løfter til dei som stolar på Jesus og følgjer han. Dei opplever at Guds truskap rekker til skyene, dvs. så høgt at dei ikkje treng engsta seg for at dei ein dag ikkje skal gjelda. Det er løfter om tilgjeving, vern, lækjedom, hjelp, utrustning, leiing i stort og smått forutan om Guds gode nærvær og rause omsorg. Alt dette varer frå slekt til slekt, heilt til misjonsoppdraget er fullført, og Jesus kjem attende. Det er godt å minna kvarandre på dette i vår tid at det er Jesus som bestemmer historiens gang, og avslutninga kjem ikkje før evangeliet er blitt gjort kjent for alle folkeslag. Misjonen er Guds klokke, og så lenge Jesus ikkje set punktum, står alt ved lag, som det står i v.91, og alle menneske gjer lurt i å overgje liva sine til han og tena han som er tildelt all makt i himmel og på jord, og som ein dag skal døma kvart einaste menneske. 

tirsdag 9. mai 2023

Salme 119,84-88

 Kor mange dagar har din tenar att?

          Når vil du fella dom over dei som jagar meg?
          
   
 85 Dei frekke grev fallgraver for meg
          i strid med di lov.
          
   
 86 Pålitelege er alle dine bod.
          Hjelp meg! Dei jagar meg med løgn.
          
   
 87 Dei har mest gjort ende på meg her på jorda,
          men eg forlèt ikkje dine påbod.
          
   
 88 Gjev meg liv i di miskunn,
          så vil eg halda lovbodet frå din munn.

Vers 84 inneheld to spørsmål som salmisten ikkje vil få svar på. Først lurer han på kor lenge han har att her på jorda. Gud svarer vanlegvis ikkje på slikt. Og godt er det. Kvar dag har nok med si eiga plage, seier Jesus. Så lurer salmisten på når Gud vil dømma dei som er ute etter han. Til det ber nok Gud salmisten om å vera tolmodig og ta ein dag om gongen. Det finst ting som Gud fastset i sin visdom utan å opplysa eller konsultera oss. Vår oppgåve er å forkynna evangeliet, og held me på med det, har me meir enn nok å bala med. 

v.85 er alle forfølgde kristnes erfaring, dei som er ute etter dei, er frekke og set opp feller for dei. I Kina vert alle menneske nøye overvaka, og særleg dei kristne. Styresmaktene har sett opp mange hundre millionar ansiktsgjenkjennande kamera i landet, og det kan få store konsekvensar for den som blir obeservert på feil plass til feil tid. Den som blir observert på veg inn i ein leilighet der styresmaktene veit at det blir halde kristne møter, kan mista jobben, bli nekta rett til medisinsk handsaming eller nekta plass til skule og utdanning.  Slik driv styresmaktene på. Men dei driv på i strid med Guds lov, og ein dag er det dei som må stå til ansvar for at dei har frårøva kristne fridomen og levebrødet. Det blir ein dag med anger utan håp. 

v.86. For Herrens lover er pålitelege, og det er berre hans lover som gjeld når alt skal gjerast opp. Då vil det syna seg for alle at menneskelover i opposisjon til Guds lover er reine løgnlover vedtekne av overmodige politikarar som trur Gud er støv, men det er det dei som er.

I møte med statens lover kan me menneske kjenna oss små, og framover no vil det nok bli vedteke lover som legg nye restriksjonar på kristne som vil leva etter Bibelen. Gradvis vil det bli vanskelegare å vera bibeltru kristen, og stadig oftare må me berre be Herren om hjelp, og han vil halda oss oppe både som enkeltmenneske og som kyrkje. 

I vers 87 blir situasjonen enno meir tilspissa, og salmisten føler at motstandarane held på å gjera ende på han. Men trass i dette, kompromissar han ikkje på trua og overtydinga si, og han vik ikkje ein tomme når det gjeld det å hevda Guds rett.  I denne samanhengen tenkjer eg på den nigerianske jenta Leah Sharibu som i desse dagar har vore 6 år i fangenskap hos terrorgruppa Boko Haram, og som ikkje får koma heim til foreldra fordi ho held fast på den kristne trua si og ikkje vil konvertera til islam. Ho blir utsett for grov seksualisert vald, og har fødd to barn i fangenskap. 

Det er grunn til å markera her at det er ikkje så mange i vår kulturkrins som blir forfølgde fordi dei trur på Jesus, men me blir ganske uglesett og sjikanert om me løftar fram Guds ord i kjønnsdebatten, og dersom me hevdar hans lover for samliv er gyldige og gode for alle menneske gjennom alle tider. Då tek sosiale media fyr, og den som vågar seg på slikt, kan stå i fare for å bli oppsagt på jobben. 

v.88. Guds lover er gode, og dei som følgjer dei får det godt. Men Gud har ikkje gjeve oss dei for at me gjennom dei skal få evig liv. Nei, evig liv får med utelukkande ved å tru på Jesus, han som kom med miskunn til falne og ganske håplause syndarar. Lova tuktar oss til Kristus, og når me overgjev oss til han, blir me straks tilgjevne og fylte med Den Heilage Ande. Det inspirerer oss til å følgja dei lovene som i utgangspunktet avslørte og dømde oss.