Viser innlegg med etiketten evangelisering. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten evangelisering. Vis alle innlegg

tirsdag 9. mai 2023

Salme 119,84-88

 Kor mange dagar har din tenar att?

          Når vil du fella dom over dei som jagar meg?
          
   
 85 Dei frekke grev fallgraver for meg
          i strid med di lov.
          
   
 86 Pålitelege er alle dine bod.
          Hjelp meg! Dei jagar meg med løgn.
          
   
 87 Dei har mest gjort ende på meg her på jorda,
          men eg forlèt ikkje dine påbod.
          
   
 88 Gjev meg liv i di miskunn,
          så vil eg halda lovbodet frå din munn.

Vers 84 inneheld to spørsmål som salmisten ikkje vil få svar på. Først lurer han på kor lenge han har att her på jorda. Gud svarer vanlegvis ikkje på slikt. Og godt er det. Kvar dag har nok med si eiga plage, seier Jesus. Så lurer salmisten på når Gud vil dømma dei som er ute etter han. Til det ber nok Gud salmisten om å vera tolmodig og ta ein dag om gongen. Det finst ting som Gud fastset i sin visdom utan å opplysa eller konsultera oss. Vår oppgåve er å forkynna evangeliet, og held me på med det, har me meir enn nok å bala med. 

v.85 er alle forfølgde kristnes erfaring, dei som er ute etter dei, er frekke og set opp feller for dei. I Kina vert alle menneske nøye overvaka, og særleg dei kristne. Styresmaktene har sett opp mange hundre millionar ansiktsgjenkjennande kamera i landet, og det kan få store konsekvensar for den som blir obeservert på feil plass til feil tid. Den som blir observert på veg inn i ein leilighet der styresmaktene veit at det blir halde kristne møter, kan mista jobben, bli nekta rett til medisinsk handsaming eller nekta plass til skule og utdanning.  Slik driv styresmaktene på. Men dei driv på i strid med Guds lov, og ein dag er det dei som må stå til ansvar for at dei har frårøva kristne fridomen og levebrødet. Det blir ein dag med anger utan håp. 

v.86. For Herrens lover er pålitelege, og det er berre hans lover som gjeld når alt skal gjerast opp. Då vil det syna seg for alle at menneskelover i opposisjon til Guds lover er reine løgnlover vedtekne av overmodige politikarar som trur Gud er støv, men det er det dei som er.

I møte med statens lover kan me menneske kjenna oss små, og framover no vil det nok bli vedteke lover som legg nye restriksjonar på kristne som vil leva etter Bibelen. Gradvis vil det bli vanskelegare å vera bibeltru kristen, og stadig oftare må me berre be Herren om hjelp, og han vil halda oss oppe både som enkeltmenneske og som kyrkje. 

I vers 87 blir situasjonen enno meir tilspissa, og salmisten føler at motstandarane held på å gjera ende på han. Men trass i dette, kompromissar han ikkje på trua og overtydinga si, og han vik ikkje ein tomme når det gjeld det å hevda Guds rett.  I denne samanhengen tenkjer eg på den nigerianske jenta Leah Sharibu som i desse dagar har vore 6 år i fangenskap hos terrorgruppa Boko Haram, og som ikkje får koma heim til foreldra fordi ho held fast på den kristne trua si og ikkje vil konvertera til islam. Ho blir utsett for grov seksualisert vald, og har fødd to barn i fangenskap. 

Det er grunn til å markera her at det er ikkje så mange i vår kulturkrins som blir forfølgde fordi dei trur på Jesus, men me blir ganske uglesett og sjikanert om me løftar fram Guds ord i kjønnsdebatten, og dersom me hevdar hans lover for samliv er gyldige og gode for alle menneske gjennom alle tider. Då tek sosiale media fyr, og den som vågar seg på slikt, kan stå i fare for å bli oppsagt på jobben. 

v.88. Guds lover er gode, og dei som følgjer dei får det godt. Men Gud har ikkje gjeve oss dei for at me gjennom dei skal få evig liv. Nei, evig liv får med utelukkande ved å tru på Jesus, han som kom med miskunn til falne og ganske håplause syndarar. Lova tuktar oss til Kristus, og når me overgjev oss til han, blir me straks tilgjevne og fylte med Den Heilage Ande. Det inspirerer oss til å følgja dei lovene som i utgangspunktet avslørte og dømde oss. 

mandag 25. august 2008

Filipparbrevet 1,1-11

Filipparbrevet er eitt av dei såkalla ”fangenskapsbreva” som Paulus skreiv medan han sat fengsla i Rom. Det er forfatta på same tid som Efesarbrevet og Kolossarbrevet og brevet til Filemon, i tida 61-63 e. Kr.
Paulus grunnla kyrkjelyden i Filippi på si andre misjonsreise. Det kan me lesa om i Apostelgjerningane 16. Les dette avsnittet før du går vidare med denne gjennomgangen.

v.1 Paulus har skrive dette brevet saman med Timoteus, som var Paulus sin næraste og mest betrudde og best omtalte medarbeidar. Det er stilt til ”dei heilage i Kristus Jesus” saman med ”tilsynsmenn” og ”tenarar”.
Alle truande er heilage. Å vera heilag er å vera moralsk og åndeleg perfekt etter Guds standard, samt innvigd til teneste for Gud. Det er å vera kristen. Me er ikkje tilgjevne for å vera tilgjevne, men for å kunna tena Gud på rett vis med liva våre. Dette må me skjøna dersom me skal bera gode frukter. Me er frelst for å tena Gud med lovsong og bøn, og medmenneska våre med Guds ord gode gjerningar.
Som kristne har me privilegiet å kunna omgåast Gud utan redsle for dom. Dette set oss fri til å tena Gud med glede i Den Heilage Ande. Hans bod og vilje blir vår lyst.
Alle kyrkjelydar Paulus grunnla hadde tilsynsmenn (presbytarar) og tenarar (diakonar). Det er ingen grunn for oss å endra på dette i vår tid. Tilsynsmenn er hyrdar. Hyrde er den primære leiarnemninga i Bibelen. Jesus er ”den gode hyrde”. David sannar at ”Herren er min hyrde.” Og Israels leiarar i GT var alle ”hyrdar”, om enn sjeldan gode. Kva er oppgåva til ein hyrde: Esekiel 34,4 gjev oss svar: Ein hyrde skal lækja dei sjuke, styrka dei svake, binda om dei knuste, samla dei bortdrivne og leita opp dei bortkomne. Dette er omfattande og berre dei med den beste karakter, med eit etisk høgverdig liv og med gode pedagogiske evner bør bli tilsynsmenn. Ein hyrde i fylgje Efesarbrevet 4 også vera med å utrusta dei heilage til all god gjerning, og han skal vakta dei mot falsk lære, føra dei til gode beitemarker (åndsfylt undervisning i Guds råd) og sørga for opplæring av nye leiarar. Interessant å vera hyrde. Og det gode er: Herren utrustar hyrdane sine for dei oppgåvene han har gjeve dei.
Diakonane skulle i urkyrkja ta praktisk ansvar samt dra omsorg for folk med særskilde behov. Diakontenesta er Kristi kjærleik i praksis, og demonstrerer denne i praksis for menneska. Diakontenesta gjer evangeliet truverdig, og er umåteleg viktig. Den må utøvast av folk med høge etiske kvalitetar.

v.2 er ei nådehelsing, ei velsigning som Paulus legg på lesaren.

v.3-4. Paulus takkar Gud for dei truande venene sine i Filippi, og han ber for dei med glede. Det er viktig at me takkar Gud for våre kristne søsken og for kyrkjelyden me tilhøyrer. Dei er nemleg Guds gåve til oss. Så det skulle berre mangla at me ikkje skulle takka for dei.
Like viktig er det å be for dei. Når me trufast ber for kvarandre, fungerer me så mykje betre som kristne i kvardagen. Bøna er eit mektig våpen mot djevelen, og dersom me ikkje er trufaste i dette, går alt mykje tyngre for oss, og fleire fell i freisting og går rundt med ei lammande nederlagskjensle. Forbøn set verkeleg fart i oss.

v.5. Filipparane hadde grepe misjonsvisjonen. Dette må ha gledd Paulus enormt når me tenkjer kor sentral den var i hans liv. Misjon er og blir eit teamarbeid. I Lausannepakta les me at ”heile kyrkja må bringa heile evangeliet til heile verda!” Filipparane melde seg på. Dei var med, og dei kan tena som eit førebilete for oss i dag. For skal me vera ærlege så er realiteten slik i dag at ”deler av kyrkja bringer deler av evangeliet til deler av verda.”

v.6. Misjonsiveren er "den gode gjerning" som Gud har begynt i filipparane. Han forventar at dei skal veksa seg enno sterkare i dette, bli enno meir ansvarlege og kraftfulle i tenesta for evangeliet. Dette er ei gjerning av Gud som han sjølv skal fullføra i dei sanne kristne fram til Jesu Kristi dag. Det er såleis normalt at kristne kyrkjelydar, og kyrkja i det heile, veks og utviklar stadig større innsikt og tyngde i tenesta.

v.7. Denne teneste kallar Paulus for å forsvara og stadfesta evangeliet. Å forsvara evangeliet er å forkynna det, vitna om det og argumentera for det. Forkynninga vert så stadfesta gjennom under og teikn. Slik må det vera til Jesus kjem att.

v.8 fortel om kor høgt Paulus elskar dei han skriv til. Han tek Gud til vitne på det.

v9-11 viser oss kva Paulus ber om for filipparane. Han ber om at kjærleiken som dei har fått må bli meir og meir rik på kunnskap og all innsikt, eller dømekraft som det står i ei anna omsetjing. Dette er ei bøn å læra av. Nokre kristne er fulle av kjærleik, men likevel svake på dette å skilja rett frå galt. Då vert dei gjerne ettergjevande andsynes synd. Det er farleg. For synda er som ein kreftsjukdom både i enkeltmenneskers liv og i kyrkjelyden. Den må bort. Det hjelper lite om ein kirurg er veldig glad i pasientane sine, men ute av stand til å bruka kniven. Det vert ikkje legedom av berre kjærleik, ei heller i Guds kyrkje. Nokre må ha forstand på å skjera bort det som vondt er, det som ikkje har si rot i sanning og kjærleik. Og var det trong for ei slik bøn då, er det ikkje mindre no.

v.10. Dette står om vårt evige vel. Utan denne innsikten kan me ikkje bli ståande utan lyte på Kristi dag, eit uttrykk som peikar fram mot hans atterkome til dom.

v11. For den dagen Jesus kjem att vil han at me skal vera som tre fulle av frukt. Rettferds frukt. Det er alt det gode som Guds kjærleik og Guds ord har bore fram i liva våre, kvalitetar som har vakse fram i liva våre fordi me har vore sameint med Kristus og kristne søsken.