tirsdag 21. juni 2022

Salme 107,33-38

         33 Han gjorde elvar til ørken,
vassrike kjelder til tørstande land      

    34 og grøderik jord til salt,
          for dei som budde der, var vonde.
          
   
 35 Han gjorde ørken til innsjø,
          tørt land til vassrike kjelder.
          
   
 36 Der lét han dei svoltne slå seg ned,
          dei grunnla ein by der dei kunne bu.
          
   
 37 Dei sådde åkrane til og planta vinmarker
          som bar fram grøde dei kunne hausta.
          
   
 38 Han velsigna dei, og dei vart talrike,
          han lét dei ikkje mangla fe.

Vers 33-34. Tørke er ikkje berre ein følgje av klimaendringar. Ofte er det Guds dom over eit samfunn som har gjeve rom for vondskap. 

v.35 Men Gud snur lett forbanning til velsigning når menneska vender om til han av heile sitt hjarta. Då blir ørken til innsjø, og tørt land til vassrike kjelder. 

Som ein parentes: Ei gjennomgripande kristen vekking vil vera svært effektivt mot øydeleggjande klimaendringar. Mangt av det me ser i dag av naturøydelegging, er Guds respons på at menneska snur seg bort frå han og i sin arroganse etablerer nye standardar for rett og galt, vondt og godt.

Skal me allegorisera litt her, og det kan me, handlar dette fort om kyrkjelyden. Gjev me rom for vondskap, vil Anden halda sitt livgjevande vatn attende, og kyrkjelyden tørkar bort. Men vender me om frå vår vondskap, frå vår uærlegdom, dømmesjuke og aggresjon, snur han og auser velsigninga si over oss, og nytt liv spirer fram mellom oss. Då vil dei svoltne slå seg ned mellom oss, dei som hungrar etter rettferd, dvs frelse. Då kjem dei, og dei, blir kjent med Jesus, og me fostrar og utrustar dei slik at dei kan gå ut frå oss og grunnleggja nye byar, planta nye kyrkjelydar i områder der det er få truande, og når dei sår ut Guds ord på jomfrueleg mark, vil det slå rot i folks hjarte og det blir ein stor haust. Dei blir talrike, og dei manglar ikkje fe, dvs Gud velsignar dei også økonomisk slik at dei kan investera og ekspandera vidare. 





torsdag 16. juni 2022

Salme 107,23-32

 Somme fór ut på havet med skip,

          dreiv handel på veldige vatn.
          
   
 24 Dei såg kva Herren gjorde,
          hans undergjerningar ute på djupet.
          
   
 25 Han tala, og det bles opp til uvêr,
          bølgjene gjekk høge.
          
   
 26 Dei steig mot himmelen, dei sokk i djupet.
          Dei mista motet i nauda,
          
   
 27 dei tumla og rava som drukne,
          det dei kunne, var til inga nytte.
          
   
 28 Då ropa dei til Herren i si naud,
          og han førte dei ut av trengslene.
          
   
 29 Han fekk stormen til å stilna,
          og bølgjene la seg.
          
   
 30 Då det stilna, vart dei glade.
          Han førte dei i hamn der dei ville.
          
   
 31 Dei skal prisa Herren for hans miskunn,
          for hans undergjerningar mot mennesket.
          
   
 32 Dei skal opphøgja han når folket samlast,
          prisa han der dei eldste sit.

Salmane er skrivne i ei tid då folk som budde ved Middelhavet forlengst hadde skaffa seg store havgåande skip. Særleg var fønikarane dugande sjøfolk. Dei budde i dagens Libanon, i Tyrus og Sidon, og dreiv handel over alt, og særleg i Nord-Afrika der dei grunnla den store og rike byen Kartago i dagens Tunisia. 
Men dei som seilte på havet kom ut for store stormar som skremde dei. Det ser me i forteljinga om profeten Jona. Då mista barske sjøfolk motet og begynte å kalla på Gud eller på gudane sine om dei var heidningar, og gong på gong erfarte dei at han berga dei ut or trengslene. Dei vart frelste. 
Kjære ven! Er du ute i hardt vær? Blir du overskylt av vanskar som du ikkje klarar å handtera sjølv? Kjenner du deg som ei flis som kraftlaus og viljelaust blir driven av vind og vær på eit opprørt hav? Kjenner du redsla har festa seg som ei kald klo i brystet ditt. Kall på Jesus, så skal du bli frelst. Han stiller stormen og fører deg til ein trygg plass. Då skal du prisa og lova Herren for hans miskunn og for hans undergjerande makt. Det som er så fint med å ta imot hjelp frå Herren, er at du ikkje berre får hjelp i det ytre, men også i ditt indre. Du lærer deg å elska han som som skapte deg og som vaker over deg og lyttar til deg når du ber, og du kjenner deg driven mot andre som elskar han, til den kristne kyrkja der du kan lova og prisa Gud "der dei eldste sit", altså der kyrkjelyden sine leiarar er. Det lærer me her i Salme 107. 

mandag 13. juni 2022

Salme 107,17-22

Somme vart dumme av sine feiltrinn, dei vart plaga for sine synder. Dei fekk avsky for alle slag mat og kom heilt til dødens portar. Då ropa dei til Herren i si naud, og han berga dei ut av trengslene. Han sende sitt ord og lækte dei og fria dei frå grava. Dei skal prisa Herren for hans miskunn, for hans undergjerningar mot mennesket. Dei skal slakta takkoffer og fortelja om hans gjerningar med jubel.

Vår moralske vandel påverkar måten me tenkjer på. Gjev me rom for synd i liva våre, blir me rett og slett dumme, les me her. Det betyr at me oppfører oss på ein måte som er til skade både for oss sjølve og andre, utan at me reflekterer noko særleg over det. Då blir me plaga, ikkje av Gud, men av djevelen. Synda fører oss inn i ein helsefarleg livsstil, og for nokon endar det opp med død, medan andre tek til vit når dei står framfor dødens portar og ropar til Herren om hjelp. Og han sender ordet sitt til dei, som regel gjennom sine trufaste tenarar, og Guds ord har kraft i seg til å lækja oss menneske frå all type sjukdom. Me har lese mange slike historiar frå rusmisbrukarar som på underfullt vis er blitt berga frå døden. I det djupaste mørkret ropa dei til Gud, og fekk den hjelpa dei trong. Då er det ikkje rart at dei prisar dei Herren for hans undergjerningar. Ingen kan prisa Gud så høgt og frimodig som dei som er blitt berga ut av dødens kalde klør. Ingen kan fortelja med større glede og jubel om Jesus enn desse. 

Treng du eit mirakel i ditt liv? Er du komen til dødens portar? Guds ord til deg er enkelt og sterkt: "Kvar det som kallar på Herrens namn, skal bli frelst!" Og Herrens namn er JESUS. 

lørdag 11. juni 2022

Salme 107,10-16

 «Somme sat i mørker og dødsskugge, bundne i naud og jern, for dei hadde trassa Guds ord og forakta råd frå Den Høgste. Hjarta deira var kua av slit, dei snubla, det var ingen som hjelpte. Då ropa dei til Herren i si naud, og han berga dei ut av trengslene. Han førte dei ut av mørker og dødsskugge og sleit sund lenkjene deira. Dei skal prisa Herren for hans miskunn, for hans undergjerningar mot mennesket. Han knuste dørar av bronse, bommar av jern hogg han sund.»

Når me trassar Guds ord og foraktar råd frå Den høgste, skaffar me oss sjølve store problem. Det er mange fallgruver som Guds lover fører oss utanom dersom me følgjer dei. Men vel me å trassa dei, ramlar me oppi alskens problem av økonomisk, sosial, psykologisk og åndeleg art. Me hamnar i mørker og dødsskugge, og evnar ikkje å berga oss sjølve. Me må ropa til Gud om hjelp. Men er han tilgjengeleg for oss når problema me sit fast i er sjølvpåførte? Ja, i høgste grad. Når me berre sannar syndene våre og vender oss bort frå dei, då grip han mektig inn og hjelper oss ut av problema me er komne oppi. Han frir oss frå alle skadelege bindingar til personar og miljø som aksepterer og elskar synda, og fører oss saman med menneske som er gode og ærlege og som vil oss vel. Vonleg er desse å finna i Guds kyrkje, i samfunnet mellom dei heilage. 

Mange menneske sit fanga i store vanskar. Det er som om alle alle dørar er stengde for dei. Men Gud er den som kan knusa slike bronsedørar og hogga sund bommar av jern slik at alle som kallar på han, blir ført ut i fridom, som Peter sa på pinsedag: "Og kvar den som kallar på Herrens namn, skal bli frelst!" Ein lovnad som gjeld for alle menneske kvar einaste dag. 

torsdag 9. juni 2022

Salme 107,1-9

 Denne salma innleider den femte og siste bolken av Salmane. 

 Pris Herren, for han er god,
          evig varer hans miskunn.
          
   
  2 Dette skal Herrens utløyste seia,
          dei som han løyste ut av nauda
          
   
  3 dei som han samla frå landa,
          frå aust og vest, frå nord og frå havet.
          
   
  4 Somme fór vill i ørken og øydemark,
          dei fann ikkje vegen til ein by der dei kunne bu.
          
   
  5 Dei var svoltne og tørste,
          kreftene vart borte.
          
   
  6 Då ropa dei til Herren i si naud,
          og han fria dei ut av trengslene.
          
   
  7 Han førte dei på rett veg
          så dei kom til ein by der dei kunne bu.
          
   
  8 Dei skal prisa Herren for hans miskunn,
          for hans undergjerningar mot mennesket.
          
   
  9 Han lét den tørste drikka,
          han metta den svoltne med gode gåver.

Vers 1-3. Her blir Herrens utløyste frå alle nasjonar, dvs alle frelste menneske på jorda, oppmuntra og oppfordra til å prisa Herren for hans godleik og hans evige miskunn. På krossen sonte Jesus Kristus straffa for all verdas synd, og alle som er i Han, alle som trur på han, er fullkome tilgjeve, har barnekår hos Gud og evig liv. Me har all mogeleg grunn til å prisa Jesus dagen lang. 

v. 4 Menneske er ein villfaren skapning, og finn ikkje av oss sjølve fram til Gud. Gud må finna fram til oss. Det gjer han gjennom kyrkja si, gjennom truande menneske som forkynner evangeliet og inviterer sine medmenneske inn i Guds familie. Kyrkjelyden er det næraste du kjem Guds familie på jorda. 

v.5-7 Folk som lever utan Gud er svoltne og tørste. Ingen av dei har kraft til å oppfylla Guds lover og bod. Dei snublar og fell og blir liggjande i sine synder, hjelpelaust fortapte. Men dersom dei då ropar til Herren i si naud og vender om frå sine synder, så grip han mektig inn, frir dei frå fortvilinga, fører dei inn i sitt nåderike og lærer dei å gå på sine vegar. 

v.8-9 Då bryt dei ut i lovsong og glede. Guds frelse kom i rette tid, og overvelda av glede, prisar og takkar dei han som let dei eta og drikka ved sitt bord. Denne lovsongen tek aldri slutt. Den lever i alle kristne hjarto, og kan ikkje haldast inne. Den må ut. Kristne er eit lovsyngjande folk.