torsdag 9. juni 2022

Salme 107,1-9

 Denne salma innleider den femte og siste bolken av Salmane. 

 Pris Herren, for han er god,
          evig varer hans miskunn.
          
   
  2 Dette skal Herrens utløyste seia,
          dei som han løyste ut av nauda
          
   
  3 dei som han samla frå landa,
          frå aust og vest, frå nord og frå havet.
          
   
  4 Somme fór vill i ørken og øydemark,
          dei fann ikkje vegen til ein by der dei kunne bu.
          
   
  5 Dei var svoltne og tørste,
          kreftene vart borte.
          
   
  6 Då ropa dei til Herren i si naud,
          og han fria dei ut av trengslene.
          
   
  7 Han førte dei på rett veg
          så dei kom til ein by der dei kunne bu.
          
   
  8 Dei skal prisa Herren for hans miskunn,
          for hans undergjerningar mot mennesket.
          
   
  9 Han lét den tørste drikka,
          han metta den svoltne med gode gåver.

Vers 1-3. Her blir Herrens utløyste frå alle nasjonar, dvs alle frelste menneske på jorda, oppmuntra og oppfordra til å prisa Herren for hans godleik og hans evige miskunn. På krossen sonte Jesus Kristus straffa for all verdas synd, og alle som er i Han, alle som trur på han, er fullkome tilgjeve, har barnekår hos Gud og evig liv. Me har all mogeleg grunn til å prisa Jesus dagen lang. 

v. 4 Menneske er ein villfaren skapning, og finn ikkje av oss sjølve fram til Gud. Gud må finna fram til oss. Det gjer han gjennom kyrkja si, gjennom truande menneske som forkynner evangeliet og inviterer sine medmenneske inn i Guds familie. Kyrkjelyden er det næraste du kjem Guds familie på jorda. 

v.5-7 Folk som lever utan Gud er svoltne og tørste. Ingen av dei har kraft til å oppfylla Guds lover og bod. Dei snublar og fell og blir liggjande i sine synder, hjelpelaust fortapte. Men dersom dei då ropar til Herren i si naud og vender om frå sine synder, så grip han mektig inn, frir dei frå fortvilinga, fører dei inn i sitt nåderike og lærer dei å gå på sine vegar. 

v.8-9 Då bryt dei ut i lovsong og glede. Guds frelse kom i rette tid, og overvelda av glede, prisar og takkar dei han som let dei eta og drikka ved sitt bord. Denne lovsongen tek aldri slutt. Den lever i alle kristne hjarto, og kan ikkje haldast inne. Den må ut. Kristne er eit lovsyngjande folk. 

 



Ingen kommentarer: