lørdag 29. januar 2022

Salme 104,9-15

 Du sette ei grense det ikkje går over,

          det skal aldri meir dekkja jorda.
          
   
 10 Du lèt kjelder strøyma fram i dalane
          så bekker renn mellom fjella.
          
   
 11 Dei gjev drikke til alle dyr på marka,
          ville esel får sløkkja tørsten.
          
   
 12 Der finn fuglane under himmelen bustad,
          dei syng mellom greinene.
          
   
 13 Han vatnar fjella frå sin høge sal.
          Jorda blir metta med frukta av di gjerning.
          
   
 14 Du lèt graset spira fram for feet
          og vokstrar til nytte for mennesket.
          Du lèt brødet koma frå jorda,
          
   
 15 
vinen gjev mennesket glede.
          Du lèt andletet skina av olje,
          brødet gjev mennesket styrke.

Her handlar det om Guds omsorg for menneske og dyr. Havet skal aldri meir dekka jorda. Det som hende på Noa si tid skal aldri meir henda. Neste gong Gud dømmer jorda, for det skal han, blir det med eld (2.Peter 3,6-7). Inntil den tid let Gud vasskjelder vella fram i dalane som grunnlag for rikt jordbruk med vinrankar, olivenlundar, beiteland og åkerbruk, og der det er tre, kjem fuglane og gleder oss med songen sin. Vinen har alltid vore til stor glede for menneska når han vert nytt i høvelege mengder, velluktande oljer gjev andletet glød og brødet frå bugnande kornåkrar gjev kroppen styrke. Avsnittet andar av trivnad og idyll. Slik velsignar Gud menneska, ei velsigning som kjem både rettferdige og urettferdige til gode. 
          

søndag 23. januar 2022

Salme 104,1-9

 Velsign Herren, mi sjel!

          Stor er du, Herre, min Gud!
          Du har kledd deg i høgd og herlegdom.
          
   
  2 Du sveiper lyset om deg som ei kappe,
          du spenner himmelen ut som ein teltduk.
          
   
  3 Han tømrar sine høge salar i vatnet.
          Han gjer skyer til si vogn
          og fer fram på vindens venger.
          
   
  4 Han gjer vindane til sine englar
          og logande eld til sine tenarar.
          
   
  5 Han grunnla jorda på hennar søyler,
          aldri i æve skal ho rokkast.
          
   
  6 Djupet dekte henne som ei kappe,
          vatnet stod over fjella.
          
   
  7 Då du truga, rømde det,
          det flykta for lyden av di tore,
          
   
  8 over fjell og ned i dalar,
          til staden du hadde fastsett.
          
   
  9 Du sette ei grense det ikkje går over,
          det skal aldri meir dekkja jorda.

Salme 104 er ei skapingssalme som syner oss korleis Gud openberrar stordomen sin i skaparverket. 

v.1-2 Det første Gud skapte var lyset (1.Mos.1,2) . Lyset er også første tema i Salme 104. Gud kler seg i lys. Lys er både det naturlege lyset som kjem frå sol, måne og stjerner, men også det veldige lyset som alltid strålar ut frå Gud, det som ingen menneske kan sjå direkte og koma frå det med livet i behold. Paulus skriv i 1. Tim. at Gud bur i eit lys som ingen kan sjå. Når det slår gjennom i eit menneskeliv, er denne personen ikkje i tvil om at Gud har all makt i himmel og på jord, og han/ho må audmjukt bøya seg for den høgste. Det ser me ikkje minst i Paulus sitt liv då han møtte Jesus i eit veldig lys utanfor Damaskus (Apostelgjerningane 9,1ff)

Gud spenner himmelen ut som ein teltduk. Dette motsvarar det som står i 1.Mosebok 1 om at Gud lagde ein kvelving, ein kuppel,  midt i vatnet (før det tørre land kom til syne). Denne teltduken eller kuppelen er eit uttrykk for atmosfæren. Gud held den livsviktige atmosfæren oppe. Luftlaget rundt jorda er syltynt og sårbart. Men Gud tek vare på atmosfæren for oss slik at lufta alltid har den rette samansetning av gassar, 21% O2, 78% N2, 0,8% Argon og 0.04% CO2.

v.3-5 syner at Gud er nær i sitt skaparverk, han er nær på havet, i havdjupet, i lufta, i alle vindane, i elden som rasar og jorddjupet sine mektige krefter. Men desse skal aldri kunna øydeleggja jorda. Ho skal ikkje rokkast. Han skapte det alt, og han er i det og brukar det til å gjera menneska audmjuke og små. For sanneleg kan me bli ganske høge på pæra. 

v.6-9 kan gå både på at jorda i urtida var totalt dekka av hav, og at Gud "tappa det ut" til eit visst nivå slik at den tørre jorda kom til syne. Eg tenkjer meg at mektige rørsler i mantelen fekk jordskorpa til å sprikka opp, og store mengder vatn rann ned i sprekkene. Det same skjedde forresten etter syndfloda. I alle fall: under jordskorpa er det enorme vassmengder opplagra som kjem opp i dagen i samband med vulkanutbrot då me ser enorme skyer av damp. Og enno den dag i dag renn havet ned i desse sprekkene slik at havet har ei fast grense det ikkje kan forsera. 









fredag 21. januar 2022

Salme 103,19-22

 Herren har reist si trone i himmelen,

          han rår som konge over alt.
          
   
 20 Velsign Herren, de hans englar,
          de sterke heltar som lydige set hans ord i verk.
          
   
 21 Velsign Herren, alle hans hærar,
          de tenarar som set hans vilje i verk.
          
   
 22 Velsign Herren, alle hans skapningar,
          overalt der han rår.
          Velsign Herren, mi sjel!

Desse versa er ein avsluttande doksologi der englane (også nemnde som Herrens hærar og Herrens tenarar), og alle andre skapningar vert oppmoda til å lova Herren.

Grunnen er enkel: Han er kongen som rår over alt. Det eksisterer ikkje eitt område i universet der Herren ikkje har overherredøme, og der hans lover ikkje gjeld. Dei gjeld til og med for dei som ikkje anerkjenner dei, og som har gjort dei ugyldige for liva sine. Ein dag skal dei uansett dømmast etter desse lovene fordi dei har levd heile livet under Guds jurisdiksjon om dei har visst det eller ikkje. 

Jesus proklamerte etter oppstoda: "Eg har fått all makt i himmel og på jord," ei setning som stadfester hans guddom, og som forpliktar alle skapningar å overgje seg til han, lyda han og stadfesta hans overherredøme. 
Englane treng knapt ei slik formaning. Dei har ein rein karakter, og er alltid fulle av lovsong og glede. 

Dyre og planteriket lovar alltid Herren på sitt vis. 

Men David sjølv, og alle oss andre, treng å få dette forkynt og bli minna om dette rett og slett fordi me har noko gudlaust og eigenrådig inni oss som ikkje ønskjer å gje Gud ære på noko vis. Bibelen kallar det for kjøttet, eller vår syndige natur. 

Så gjer me som David, me formanar kvarandre til å løfta blikket, sjå hen til Gud og lova han av full hals om så me vera. Det er så lett for oss å sjå nedover og innover. Men me er kalla til å sjå oppover og ut over, og då lever me best.

torsdag 20. januar 2022

Salme 103,13-18

 Som ein far er mild med sine born,

          er Herren mild med dei som fryktar han.
          
   
 14 For han veit korleis vi er skapte,
          han kjem i hug at vi er støv.
          
   
 15 Dagane mennesket får, er som gras,
          det blømer som blomen på marka.
          
   
 16 Når vinden fer over han, er han borte,
          staden han stod på, veit ikkje lenger av han.
          
   
 17 Men Herrens miskunn er frå æve til æve
          over dei som fryktar han.
          Hans rettferd når til barneborn,
          
   
 18 til dei som held hans pakt
          og kjem i hug hans bod,
          så dei følgjer dei.

v.13 Ein god far er ein mild, klok og trufast mann. Han er til å stola på. Slik er Gud, og i dette verset er det hans milde vesen som blir framheva, hans djupe medkjensle med alle som fryktar han, dvs som trur på Jesus, og som bøyer seg for hans autoritet.  

v.14-16 For Gud kjenner oss. Han skapte Adam av jordas støv, og som Adams barn er me alle støv. Vår karriere er kortvarig, og me er forferdeleg sårbare. Eit vindpust kan blåsa oss ut, ei ulukke, ein akutt sjukdom.  Døden lurer alltid på oss, og hadde ikkje pappa teke vare på oss, hadde me ikkje overlevd lenge. Men han hegnar om oss, og ingen av oss døyr før pappa har behag i å ta oss heim til seg. 

v.17-18. Og når det skjer, går me inn til pappas miskunn, den som er frå æve til æve. Kva er att etter oss? Herrens rettferd, dvs hans godleik, sanning, hans lover og hans frelse, ei rettferd som går til barnebarn. Det er vidunderleg etterverknader på jorda etter eit Guds barn som blir henta heim.


lørdag 8. januar 2022

Salme 103,6-12

 Herren skaper rettferd,

          han lèt alle undertrykte få sin rett.
          
   
  7 Han kunngjorde sine vegar for Moses,
          sine gjerningar for Israels folk.
          
   
  8 Mild og nådig er Herren,
          sein til vreide og rik på miskunn.
          
   
  9 Han kjem ikkje med klagemål for alltid
          og er ikkje for evig harm.
          
   
 10 Han gjer ikkje gjengjeld for våre synder,
          han løner oss ikkje etter vår skuld.
          
   
 11 Så høg som himmelen er over jorda,
          så veldig er hans miskunn over dei som fryktar han.
          
   
 12 Så langt som aust er frå vest,
          tek han syndene våre bort frå oss.

Vers 6. Linje 2 her forklarar linje 1. Herren skaper rettferd ved å la undertrykte få sin rett. Definisjonen på undertrykking er å fråta nokon deira grunnleggjande menneskerettar. Verda er slik sett full av undertrykking. Som Guds kyrkje må kampen for rettferd ha ein klår prioritet. Det er ei viktig sak for Gud. Men topp prioritet har det for Gud å frelsa folk frå dei store undertrykkande kreftene i verda, synda, døden og djevelen. Denne fridomen får menneska når dei kjem til tru på Jesus.
 
Vers 7: Gud er ein gud som openberrar seg for verda gjennom Moses og Israelsfolket. Det har han gjort. Gjennom profetane i dette folket gav Gud verda Bibelen, sitt dyrebare ord. 

Vers 8: Og i denne boka avslører han for oss sitt vesen, at han er mild og nådig, langmodig (sein til vreide) og rik på miskunn. Slik er vår Gud. Han er berre heilt vidunderleg å ha med å gjera. 

Vers 9: Han har ikkje som program å finna feil og manglar hos oss, eller å finna noko å kritisera oss for, eller straffa oss for. Han tok straffa sjølv på krossen slik at han berre kan overausa oss med godleik. 

Alt dette vert utdjupa i vers 10-12. Det er Guds evangelium i si edle form.
Denne Gud er det me kjenner, elskar og prisar dag ut og dag inn. Han er så god og kjærleg, han er verdas varmaste pappa og den beste modell for alle fedre.