lørdag 8. januar 2022

Salme 103,6-12

 Herren skaper rettferd,

          han lèt alle undertrykte få sin rett.
          
   
  7 Han kunngjorde sine vegar for Moses,
          sine gjerningar for Israels folk.
          
   
  8 Mild og nådig er Herren,
          sein til vreide og rik på miskunn.
          
   
  9 Han kjem ikkje med klagemål for alltid
          og er ikkje for evig harm.
          
   
 10 Han gjer ikkje gjengjeld for våre synder,
          han løner oss ikkje etter vår skuld.
          
   
 11 Så høg som himmelen er over jorda,
          så veldig er hans miskunn over dei som fryktar han.
          
   
 12 Så langt som aust er frå vest,
          tek han syndene våre bort frå oss.

Vers 6. Linje 2 her forklarar linje 1. Herren skaper rettferd ved å la undertrykte få sin rett. Definisjonen på undertrykking er å fråta nokon deira grunnleggjande menneskerettar. Verda er slik sett full av undertrykking. Som Guds kyrkje må kampen for rettferd ha ein klår prioritet. Det er ei viktig sak for Gud. Men topp prioritet har det for Gud å frelsa folk frå dei store undertrykkande kreftene i verda, synda, døden og djevelen. Denne fridomen får menneska når dei kjem til tru på Jesus.
 
Vers 7: Gud er ein gud som openberrar seg for verda gjennom Moses og Israelsfolket. Det har han gjort. Gjennom profetane i dette folket gav Gud verda Bibelen, sitt dyrebare ord. 

Vers 8: Og i denne boka avslører han for oss sitt vesen, at han er mild og nådig, langmodig (sein til vreide) og rik på miskunn. Slik er vår Gud. Han er berre heilt vidunderleg å ha med å gjera. 

Vers 9: Han har ikkje som program å finna feil og manglar hos oss, eller å finna noko å kritisera oss for, eller straffa oss for. Han tok straffa sjølv på krossen slik at han berre kan overausa oss med godleik. 

Alt dette vert utdjupa i vers 10-12. Det er Guds evangelium i si edle form.
Denne Gud er det me kjenner, elskar og prisar dag ut og dag inn. Han er så god og kjærleg, han er verdas varmaste pappa og den beste modell for alle fedre. 

Ingen kommentarer: