søndag 23. januar 2022

Salme 104,1-9

 Velsign Herren, mi sjel!

          Stor er du, Herre, min Gud!
          Du har kledd deg i høgd og herlegdom.
          
   
  2 Du sveiper lyset om deg som ei kappe,
          du spenner himmelen ut som ein teltduk.
          
   
  3 Han tømrar sine høge salar i vatnet.
          Han gjer skyer til si vogn
          og fer fram på vindens venger.
          
   
  4 Han gjer vindane til sine englar
          og logande eld til sine tenarar.
          
   
  5 Han grunnla jorda på hennar søyler,
          aldri i æve skal ho rokkast.
          
   
  6 Djupet dekte henne som ei kappe,
          vatnet stod over fjella.
          
   
  7 Då du truga, rømde det,
          det flykta for lyden av di tore,
          
   
  8 over fjell og ned i dalar,
          til staden du hadde fastsett.
          
   
  9 Du sette ei grense det ikkje går over,
          det skal aldri meir dekkja jorda.

Salme 104 er ei skapingssalme som syner oss korleis Gud openberrar stordomen sin i skaparverket. 

v.1-2 Det første Gud skapte var lyset (1.Mos.1,2) . Lyset er også første tema i Salme 104. Gud kler seg i lys. Lys er både det naturlege lyset som kjem frå sol, måne og stjerner, men også det veldige lyset som alltid strålar ut frå Gud, det som ingen menneske kan sjå direkte og koma frå det med livet i behold. Paulus skriv i 1. Tim. at Gud bur i eit lys som ingen kan sjå. Når det slår gjennom i eit menneskeliv, er denne personen ikkje i tvil om at Gud har all makt i himmel og på jord, og han/ho må audmjukt bøya seg for den høgste. Det ser me ikkje minst i Paulus sitt liv då han møtte Jesus i eit veldig lys utanfor Damaskus (Apostelgjerningane 9,1ff)

Gud spenner himmelen ut som ein teltduk. Dette motsvarar det som står i 1.Mosebok 1 om at Gud lagde ein kvelving, ein kuppel,  midt i vatnet (før det tørre land kom til syne). Denne teltduken eller kuppelen er eit uttrykk for atmosfæren. Gud held den livsviktige atmosfæren oppe. Luftlaget rundt jorda er syltynt og sårbart. Men Gud tek vare på atmosfæren for oss slik at lufta alltid har den rette samansetning av gassar, 21% O2, 78% N2, 0,8% Argon og 0.04% CO2.

v.3-5 syner at Gud er nær i sitt skaparverk, han er nær på havet, i havdjupet, i lufta, i alle vindane, i elden som rasar og jorddjupet sine mektige krefter. Men desse skal aldri kunna øydeleggja jorda. Ho skal ikkje rokkast. Han skapte det alt, og han er i det og brukar det til å gjera menneska audmjuke og små. For sanneleg kan me bli ganske høge på pæra. 

v.6-9 kan gå både på at jorda i urtida var totalt dekka av hav, og at Gud "tappa det ut" til eit visst nivå slik at den tørre jorda kom til syne. Eg tenkjer meg at mektige rørsler i mantelen fekk jordskorpa til å sprikka opp, og store mengder vatn rann ned i sprekkene. Det same skjedde forresten etter syndfloda. I alle fall: under jordskorpa er det enorme vassmengder opplagra som kjem opp i dagen i samband med vulkanutbrot då me ser enorme skyer av damp. Og enno den dag i dag renn havet ned i desse sprekkene slik at havet har ei fast grense det ikkje kan forsera. 









Ingen kommentarer: