torsdag 30. mai 2019

Salme 72,9-20

v.9. Dei som bur i ørkenen er beduinane. Per i dag er dei i stor grad å rekna som unådde, OG DEI ER UTRULEG VANSKELEGE Å NÅ. Men for eit fantastisk løfte me har her: Beduinane skal bøya seg for Jesus og underordna seg fullstendig. I dag er dei muslimar. Men snart vil dei forstå at kristendomen er den einaste sanne religion, og Jesus den einaste sanne Gud og frelsar. 
Dette verset er fint å bruka når du ber for beduinane i Midt-Austen og Nord-Afrika. 

v.10-11 indikerer DISIPPELGJORDE NASJONAR. Det er jo NASJONANE kyrkja skal disippelgjera, og det inneber at nasjonane sine leiarar blir Jesu Kristi disiplar. Og her ser me det: Det kjem til å skje. ALLE folkeslag kjem til å tena HAN.

v.12-14 er herlege lovnader til dei som lever i fattigdom, tvang og elende. Livet deira er dyrt i Guds augo, han bryr seg om dei fattige og veike, og den som ropar til Gud vil få hjelp og berga livet. Dette er ord til alle som ikkje har nok til å få dekka dei basale behova. 
Jesus seier: "Søk først Guds rike og hans rettferd, så skal de få alt det andre i tillegg til det."

v.15 Saba er dagens Jemen der krigen rasar og hatet rår. Ein dag skal Jesus vinna hjarto til jemenittane, og dei stiller naturrikdomane sin til hans disposisjon. Og så skal dei skal lova og prisa han dagen lang for frelse og fred, framtid og von. Når du ber for Jemen, løft fram dette bibelordet for Gud. 

v.16 er ei bøn om Herrens velsigning over alle som velsignar Herren. 

v.17 er ei bøn om at evangeliet alltid skal ha liv og kraft i seg, at Jesu namn skal vera elska, tilbedd og æra av stadig nye generasjonar heilt til han kjem attende til frelse og dom. 

v.18-19. Salma vert avslutta med ei lovprisning og ein lovnad om at Herrens herlegdom skal fylla heile jorda. Det skjer når me som kyrkje lovar, prisar og hyllar han. 

Med dette er den andre salmesamlinga til ende, og neste gong startar me på salmesamling nr. 3.

mandag 20. mai 2019

Salme 72,1-8

Denne salme er skriven av kong Salomo i hans velmaktsdagar.

I vers 1 ber kongen om Guds innsikt og visdom i alle saker der han må ta avgjer (fella dom), og han ber om å få sjå kva som er rett i eikvar sak. 

v.2. Rettferd er alt som er i samsvar med Guds lov. Salomo vil døma etter lova, om det er snakk om høg eller låg, fattig eller rik, innflytelsesrik eller hjelpelaus. Lova er lik for alle.  På Salomos tid var lov og rett samanfallande storleikar. Slik er det ikkje lenger. Det er alltid galt å drepa ufødde barn, men det er lov. Homoseskuelle ekteskap er alltid galt, men det er i samsvar med lov. 

v.3 Fjella og haugane  er metaforar for maktinstitusjonar i samfunnet. Regjering, Storting, domsstolar, fylkesting, kommunestyrer, formannsskap og alle med makt over andre skal sikra at samfunnet er prega av fred, rettferd og godleik, "justice and charity" som det heiter i den amerikanske forfatninga.
 

v. 4. Regjeringa si viktigaste oppgåve er å sjå til at dei verjelause får sin rett og ikkje blir neglisjert og forbigått, men løfta opp, og at dei fattige blir berga ut av knipene sine, og då kan me tenkja på alle som er blitt sitjande som gjeldsslavar etter ukontrollerbar bruk av kredittkort, og som slik er komne under folk som ikkje syner miskunn.  Alle som utnyttar andre sin naudsituasjon bør stoppast effektivt av styresmaktene. 

Så er det slik at den verjelause alltid kan venda seg til Jesus, han fri dei ut av låste situasjonar, han løftar dei opp, og han dømmer kyniske menneske som utnyttar folk i vanskelege livssituasjonar.

Og Jesus skal leva frå slekt til slekt. Så lenge sol og måne er til, så lenge det er menneske på jorda, er Jesus den med all makt i himmel og på jord, kongen over kongane, den øverste dommaren, han som alle må svara for og som utøver makt gjennom englane sine. 
v.6. Han er så mykje meir enn andre, han kjem ikkje berre med lov, men med LIV. "Mine ord er ånd og liv," seier han. Dei vatnar jorda og får frø til å gro, og dei fornyar ei nyslegen eng slik at det stadig blir ny haust, nye menneske som kjem til tru og blir hausta inn.
 

v.7-8 handlar om det kristne håpet. Det kjem dagar  då Jesus åleine skal regjera over heile jorderiket med rettferd, heilt i samsvar med Guds gode vilje slik denne blir uttrykt i Bibelen. Alle andre maktinstansar blir sett ut av kraft når Jesus kjem attende til jorda.  

lørdag 18. mai 2019

Salme 71,17-24

v.17. Salmisten var lært opp av Gud frå ungdommen av, frå barnsbein. Opplært til kva? Å fortelja om Guds under. Kva under? Gamle og nye. Bibelske og sjølvopplevde. 

v.18. Salmisten er redd for at Gud skal gå frå han når han blir gamal og grå. At han skal missa Guds kraft, og tapa sitt "kristne" engasjement. Han vil så gjerne dela Guds ord og nærvær med barna, den komande slekta. Han ser for seg at det største og viktigaste i livet skal gå dei hus forbi, at dei ikkje skal få sjansen til å bli kjent med Gud. Ein slik frykt er på ingen måte grunnlaus. Fråfall i høg alder skjer, og stadig har det dukka opp nye generasjonar som er blitt åndeleg forsømte av foreldregenerasjonen. Då stoppar Guds planar med etterslekta opp. 

v.19 inneheld ei vedkjenning og eit retorisk spørsmål der svaret er gjeve: Det er ingen som Gud! 
v.20 fører tankane våre til Jesu oppstode, men kan også passa på den enkle sanninga at ein dag skal også ME bli løfta opp frå djupa under jorda. At Gud let sine barn sjå trengsler og ulukke er ein kjent tanke i Bibelen, t.d. i Apg.14,22. 


v.21 er ei bøn om trøyst og reetablert stordom for ein som var stor, men som hadde blitt liten. Er me i Jesussporet her, kan me tenkja på Fil 2,8 ff. Elles er det unorsk, men bibelsk for kristne å be om å få stordom, dvs koma i innflytelsesrike posisjonar. 
          
 v.22. Harpe og lyre er instrument som Gud likar lyden av. Han frydar seg over eit godt komp.


v.24. syner at salmisten har eit hjarta som er fylt av Gud sidan han dagen lang vil tala om Guds rettferd. 
Det er ikkje slik at hjarta nødvendigvis er fullt av Gud om folk snakka om Gud, men er hjarta fullt av Gud, pratar folk om Gud. Bakgrunnen for salmisten sin begeistring er at Gud har fridd han frå fiendane hans. 

mandag 13. mai 2019

Salme 71,10-16

v.|10. Her er me midt inni Johannesevangeliet der dei jødiske leiarane gong etter gong kom saman for planleggja Jesu død. Og kyrkjehistoria er full slike planar også mot Jesu modige vitner, og mot vanlege truande for den saks skuld. Over 200 kristne vart sprengt i filler av muslimske sjølvmordsaksjonistar 1. påskedag på Sri Lanka. Alt nøye planlagt.

v.11. Forfølgjarar er alltid overtydde om at dei anten representerer Gud eller i det minste rettferda. Dei skammar seg ikkje over det skamfulle dei gjer. Tvert om er dei stolte. 

v.12-13. Salmisten ber Gud om snarleg hjelp, og han ber om at dei som køyrer rettsprosess skal bli avslørte som vonde menneske og bli sitjande att med skam og vanære.  

v.14-16. Midt i dei tårnhøge problema vil salmisten lovsynga Gud saman med andre, og han vil prata med folk om Guds frelse. Slik ventar han med von. Det kan me kalla AKTIV VENTING. Me har mykje å læra av det. Å venta på Herren er i Guds ord å lovprisa han, og fullføra det han har bede oss om å gjera, og forkynna evangeliet, Guds rettferd, for høg og låg, fattige og rike, dei som nær og dei som er langt borte. 
          
   
 

lørdag 11. mai 2019

Salme 71,1-9

Dei fire første versa her er ei bøn om vern og frelse, og salmisten avsluttar med å minna Gud om at han har lova han dette. Frelse er her å bli berga ut av ei knipe. Det er ikkje frelse frå synd, men frå simple og lovlause menneske som fer med urett og vald. Salmisten er teken til fange og er komen i hendene deira. At dei er lovlause betyr at dei ikkje anerkjenner Guds lover. At Gud er berg og borg er eit utrykk for noko urokkeleg sterkt, fast og uinntakeleg. 

Igjen kan me tenkja på Jesus som den lidande her, og me kan tenkja på dei kristne som er i fengsel i dag for hans skuld. Gud er eit berg og ei borg for dei midt i fangenskapet.

v.5-9 syner at me her høyrer ein aldrande mann som har kjent Gud frå barnsbein av, ja, frå før han vart fødd, frå morslivet.

Her snakkar Bibelen om tru hos ufødde barn, og verset gjer det lett å forsvara dåp av småbarn. Dei "kan" tru. 

v.5 snakkar om eit svært tillitsfullt forhold mellom Gud og den unge. Håp og trøyst borgar for nær relasjon. 

v.6 Det gjer også det faktum at salmisten støttar seg til Gud, og Gud er hans styrke. Denne nære relasjonen vekkjer salmisten til lovsong. 

v.7.    Salmisten er blitt eit teikn for mange, slik som Simon sa om Jesus i Luk.2. Han var eit teikn på at Gud var kome nær. Men nokre meinte han representerte djevelen. Kyrkja er eit teikn på at Guds røyndom har innteke jorda. Men ho vert, som Jesus,  motsagt og forfølgd av mange. Hennar einaste vern er hos Gud.

v.8. Kyrkja er full av lovsong. Dei truande syng om Guds herlegdom dagen lang. Det er Guds barns livsstil. 
          

v.9 avspeglar salmisten sin frykt for å bli forleten av Gud når han er kjem til sitt livs vegs ende. Han skjelv for alderdomens einsame dagar, og kanskje også for domen etterpå. Slik er det for kristne som vert anfekta. Alle som tek forholdet sitt til Gud alvorleg erfarer det.







mandag 6. mai 2019

Salme 70

Til korleiaren. Av David. Til påminning.
          
   I
 v.2-4  ber salmisten om at Gud skal hjelpa han mot dei som vil han vondt. Han opplever hån og mobbing, og ber om at dei som held på med dette skal tuktast av Gud og måtta skamma seg over det dei held på med.

v.5a er ei vakker bøn om at alle som søkjer Gud, skal fryda og gleda seg i han. Å "søkja Gud" er ein livsstil. Det handlar om å lovsynga Gud, om å be til han, om å lesa i Bibelen og om å søkja og fremja hans interesser i verda. 

v.5b er nærast ei oppfordring til alle frelste om alltid å løfta røysta til Gud og seia: "Stor er du Gud!" Men også alltid å forkynna Guds stordom til menneska. Det er GUD som er stor. Han står over alt anna som er stort, og det er det som HAN seier som gjeld. Han er den høgste av alle autoritetar. Å elska Guds frelse er å elska Jesus. HAN er vår frelse i sin eigen person. Alle som trur på han, har Guds frelse. Har du Jesus, er du frelst. Då er du ein tilbedar og eit vitne, ein forkynnar av Guds stordom.

v.6 Salmisten sjølv er hjelpelaus og fattig, og er avhengig av at Gud straks grip inn om det skal gå bra. Han kallar Gud for "mi hjelp". Gud er ikkje ein passiv tilskodar til det som skjer i liva våre, han er som ein far som grip inn i rett tid og bergar og hjelper oss, som han gjorde det med Simon Peter då han gjekk på vatnet og begynte å søkkja. Disippelen hadde ikkje all verdas tid då. "Herre, hjelp, eg går under!" Og straks var Jesus der. 

fredag 3. mai 2019

Salme 69,31-36

 v.31 markerer eit etterlengta vendepunkt i denne salma. Trass i at situasjonen er desperat, vel salmisten å prisa Guds namn og hylla han med lovsong. Det er eit VAL. 

v.32 er radikalt: Lovsangen var i GT eit større og betre offer enn alle kultiske dyreoffer. Dyreoffera er for lengst slutt, oppfylte av Jesu endelege offer på krossen. Men lovsongen tek ALDRI slutt, men skal vara og tona gjennom alle æver. Vil du vera til glede for Gud og gje vår kjære Far noko godt? Pris hans namn og gje han ære med din song. Han berre elskar det.

v.33. Men ikkje berre Gud. Dei hjelpelause får også nytt mot når dei høyrer at me som elskar Gud lovar og ærar han. Lovsongen har ei enorm kraft i seg som løftar opp dei som ligg nede, og hjarto deira begynner å leva når dei søkjer den Gud me har synt dei med vår fagre lovsong.

v.34 er fullt av styrke og trøyst for fattige menneske. Vil dei berre venda seg til Gud, så høyrer han på dei, dvs han bønhøyrer dei. Og martyrane, dei Guds barn som sit i fengsel, blir ikkje forakta av Gud, men tvert om, han omfamnar dei og er nær hos dei og løftar dei opp midt i ein grå, keisam og smertefull kvardag.

v.35 oppfordrar heile universet til å prisa Gud. Slik skal me oppfordra alle menneske til å gje Gud ære for liv og frelse.  
          

v.36. Salma vert avslutta med ein herleg lovnad om Israels frelse og attreising, og dette ser me i dag skje framfor augo våre.