lørdag 11. mai 2019

Salme 71,1-9

Dei fire første versa her er ei bøn om vern og frelse, og salmisten avsluttar med å minna Gud om at han har lova han dette. Frelse er her å bli berga ut av ei knipe. Det er ikkje frelse frå synd, men frå simple og lovlause menneske som fer med urett og vald. Salmisten er teken til fange og er komen i hendene deira. At dei er lovlause betyr at dei ikkje anerkjenner Guds lover. At Gud er berg og borg er eit utrykk for noko urokkeleg sterkt, fast og uinntakeleg. 

Igjen kan me tenkja på Jesus som den lidande her, og me kan tenkja på dei kristne som er i fengsel i dag for hans skuld. Gud er eit berg og ei borg for dei midt i fangenskapet.

v.5-9 syner at me her høyrer ein aldrande mann som har kjent Gud frå barnsbein av, ja, frå før han vart fødd, frå morslivet.

Her snakkar Bibelen om tru hos ufødde barn, og verset gjer det lett å forsvara dåp av småbarn. Dei "kan" tru. 

v.5 snakkar om eit svært tillitsfullt forhold mellom Gud og den unge. Håp og trøyst borgar for nær relasjon. 

v.6 Det gjer også det faktum at salmisten støttar seg til Gud, og Gud er hans styrke. Denne nære relasjonen vekkjer salmisten til lovsong. 

v.7.    Salmisten er blitt eit teikn for mange, slik som Simon sa om Jesus i Luk.2. Han var eit teikn på at Gud var kome nær. Men nokre meinte han representerte djevelen. Kyrkja er eit teikn på at Guds røyndom har innteke jorda. Men ho vert, som Jesus,  motsagt og forfølgd av mange. Hennar einaste vern er hos Gud.

v.8. Kyrkja er full av lovsong. Dei truande syng om Guds herlegdom dagen lang. Det er Guds barns livsstil. 
          

v.9 avspeglar salmisten sin frykt for å bli forleten av Gud når han er kjem til sitt livs vegs ende. Han skjelv for alderdomens einsame dagar, og kanskje også for domen etterpå. Slik er det for kristne som vert anfekta. Alle som tek forholdet sitt til Gud alvorleg erfarer det.







Ingen kommentarer: