mandag 14. februar 2022

Salme 105,5-7

  5 Kom i hug det underfulle han har gjort,

          teikna hans og lovene frå hans munn,
          
   
  6 du ætt av Abraham, hans tenar,
          Jakobs søner, som han har valt ut.
          
   
  7 Han er Herren vår Gud,
          lovene hans gjeld over heile jorda

v.5 "Å koma i hug" betyr å tenkja ofte og grundig over noko, og her på alt det underfulle Herren har gjort (og det skreiv eg ein del om i førre oppdatering av bloggen). Når me grundar på Guds ord, slår det djupe røter i liva våre, og me ber frukt for Gud. 

"Det underfulle han har gjort" er alle teikna me kan lesa om i Bibelen, men også dei gode  lovene han har gjeve oss. Dei også vert sett på som Herrens undergjerningar. Hadde menneska strekt seg etter å leva etter dei ti boda, ville verda vorte ein god plass for alle. Ingen tvil om det. 

v.6 Kven er det som skal fordjupa seg i Herrens ord? Det er Abrahams ætt. Og kven er Abrahams ætt? Det er Jakobs søner, som er Israels folk, samt alle som har same tru som Abraham blant oss heidningar. Det lærer me i Galatarbrevet. 

v.7 er spennande. Kven sin Gud er Herren? Han er Gud for Israel og alle truande heidningar. Namnet hans er Jesus Kristus. Han er vår Gud fordi han kallar oss sine barn. Det er ein stor nåde. Også står det at "lovene  hans gjeld over heile jorda." Og det gjer dei sjølv om mange slett ikkje vil akseptera dei eller bøya seg for dei Men alle skal dømmast etter dei til slutt. 
Dei ti boda er alle grunnlovers grunnlov, og når Jesus kjem att, skal verda dømmast etter denne lova, men også etter korleis dei har stilt seg til evangeliet som frikjenner oss menneske frå alle våre lovbrot dersom me trur på det. Dei som har brote lova, og det har me alle, og som i tillegg  har forkasta evangeliet, blir dømt skuldig til evig straff. 

lørdag 12. februar 2022

Salme 105,1-4

 Pris Herren, kall på hans namn,

          gjer gjerningane hans kjende blant folka!
          
   
  2 Syng for han og spel for han,
          syng om alle hans under!
          
   
  3 Ver stolte over hans heilage namn!
          Gled dykk i hjartet, de som søkjer Herren.
          
   
  4 Spør etter Herren og hans makt,
          søk alltid hans andlet!

I vers 1-2 blir me oppfordra til å prisa Herren og driva misjon. Her er det ein link. Å syngja lovsongar til Jesus i det offentlege rommet er misjon av beste merke. Herrens gjerningar er naturlegvis alt me kan lesa om av under i Bibelen, og i særleg grad Jesu død og oppstode. Alt i GT peikar framover mot Jesus, og i NT er hans død og oppstode sjølve hovudsaka. 

 I vers 3 blir me oppfordra til å vera stolte over Herrens heilage namn, det namnet som i dåpen vart vårt. Sidan me er døypte til Guds namn, kan me altså rosa oss av å vera berarar av dette namnet, og det at me stolar på krafta, betydningen og verdien av hans namn, gjer oss til kristne. "Men dei som tok i mot han, dei gav han rett til å bli Guds barn, dei som trur på namnet hans." Joh.1,12.  Betydningen av dåpen kan vanskeleg overvurderast. Han er i seg sjølv eit mirakel. Det fyller alle oss som søkjer Herren med glede i hjarta at me er døypte til Jesu fullkomne frelsesverk og til hans namn. Slik er me blitt hans slekt. 
Det faktum at vår frelse vart gjort ferdig for oss ein gong for alle på Golgata, og at verdien av Jesu offerdød er blitt overført til oss  gjennom ei heilag handling etablert av Jesus sjølv, gjer at me frimodig kjem fram for Herrens ansikt og kan ha fortruleg samfunn med han så ofte som me ønskjer det, og jo meir me nyttar oss av denne retten, jo meir blir me fylte av Gud, og jo gladare blir me. 

Og då forstår me at me i vers 4 blir oppfordra til å spørja etter Herren og hans makt, og alltid søkja Herrens andlet. 

Kven skal me stilla spørsmål om Herren og hans makt til? Til Herren sjølv naturlegvis. Dette handlar om bøn. Å be er å spørja etter Herren, etter å få vera saman med han i vår ånd. Og det får me så lenge me trur på Jesus. Og så treng me hans makt i liva våre kva einaste dag, og særleg når me møter utfordringar me ikkje kan handtera sjølve. Det er så utruleg fint at Herren sjølv ber oss om å be. Då kan me med rette forventa oss at under skjer. 






torsdag 3. februar 2022

Salme 104,33-35

 Eg vil syngja for Herren heile mitt liv,

          spela for min Gud så lenge eg er til.
          
   
 34 Måtte orda mine gjera han glad!
          Eg vil gleda meg i Herren.
          
   
 35 Lat syndarane kverva frå jorda
          og ingen urettferdige finnast meir!
          Velsign Herren, mi sjel!
          Halleluja!

v.33 -34. For ei herleg og rett beslutning salmisten tek her, han vil syngja for Herren heile sitt liv, og spela for Gud så lenge han er til. Det gjer han for å gjera Gud glad. Det er for Guds skuld, ikkje si eiga skuld han spelar og syng. Lovsong er ikkje ein måte å halda oppe stemninga på, ingen metode kristne nyttar med tanke på å få tak i Guds velsigning eller for å bli åndeleg sterk eller kva no enn skal vera. Truande lovar Herren for å gjera han glad. Herren elskar når hans barn syng for han. 

Når som helst i livet kan du ta den same gode avgjerda som forfattaren av Salme 104, avgjerda om å syngja for Herren resten av livet. Dersom du pustar, kan du bestemma deg for dette. Så blir det så lenge som det blir. 

v.35 er ei bøn om at syndarane skal forsvinna frå jorda. Syndarar her er folk som ope opponerer mot Gud og Guds ord, folk vil andre vondt og som har makt til å påføra andre skade. Dette er urettferdige menneske som grev til seg sjølv medan dei undergrev andre sine rettar. Ein dag blir desse borte, dei aldri meir bli observerte og salmisten er blitt bønhøyrd. 

Salme blir avslutta som ho starta med ei oppfordring til å lova Herren, vår Gud!. 

onsdag 2. februar 2022

Salme 104,24-32

   24 Herre, kor mange dine gjerningar er!

          Og alle har du gjort med visdom,
          jorda er full av det du ber fram.
          
   
 25 Her er havet, stort og vidt,
          med ein vrimmel av dyr, små og store, utan tal.
          
   
 26 Der stemner skipa fram,
          der er Leviatan, som du har skapt til å leika med.
          
   
 27 Alle ventar på deg,
          at du skal gje dei mat i rett tid.
          
   
 28 Du gjev, og dei sankar,
          du opnar handa, og dei blir metta med det gode.
          
   
 29 Du løyner andletet, og dei blir gripne av redsle,
          du tek livsanden frå dei, då døyr dei
          og blir til støv att.
          
   
 30 Du sender ut din Ande, og dei blir skapte,
          du gjer jorda ny.
          
   
 31 Måtte Herrens ære vara evig
          og Herren gleda seg over sine gjerningar!
          
   
 32 Han ser på jorda, og ho skjelv,
          han rører fjella, og dei står i røyk.

v.25-28 handlar om Guds visdom i naturen og den omsorg han syner for all sin skapning. Ingen generasjon før oss har føresetnad for å forstå Guds visdom i naturen som det me har. Kunnskapen om dei fantastiske systema som byggjer opp alle levande organismar blir tydlegare og tydlegare etter som åra går og forskinga avdekker stadig nye løyndomar, og gjennom alt dette sitt verk ropar Gud til oss: "Det er eg! Alt de observerer er MINE gjerningar, MITT verk, og midt oppi dette er de menneskebarn dei fremste! Eg elskar dykk, og vaker med omsorg over liva dykkar! Gje meg hjarto dykkar!" Gud talar til oss gjennom sine gjerningar, og alt me ser og høyrer kallar på vår beundring og tilbeding. 

Liksom alt som lever på landjorda er velsigna av Gud, er det også tilfelle med alt liv i havet, frå dei minste planktonorganismane til dei største kvalane som oppe i dagen leikar seg med ungane sine, og Herren syner dei kor dei kan finna maten sin. 

v.29-30. Det hender at Gud løyner andletet sitt for skapningane sine. Då går det dårleg for oss, nauda bankar på døra, døden blir ein hyppig gjest og me blir redde. Då ropar me til Herren vår Gud om hjelp, og han responderer med å senda Den Heilage Ande som gjer jorda ny. Hans velsigning går langt utover det som handlar om kristenlivet. Når Guds barn ber, velsignar Gud alle sider ved samfunnslivet.  

v. 31 er ei bøn om at Herrens ære skal vara evig. At Herren ikkje skal bli gløymd av menneska, men blir elska og æra i all æva. Vil du gjera Herren glad? Lov og pris han med heile deg. Fortel han at du elskar han og at du har lagt merke til alt det fanstastiske han står bak og har prestert å få til. 

v.32 handlar om vulkanar og jordskjelv, naturfenomen som gjer oss menneske veldig små i oss sjølve. Men desse mektige kreftene blir framkalt av eit blikk og ein liten berøring frå den Allmektige. 

tirsdag 1. februar 2022

Salme 104,16-23

 Herrens tre får sløkkja tørsten,

          sedrane på Libanon, som han har planta.
          
   
 17 Der byggjer fuglane reir,
          i sypressen har storken sitt hus.
          
   
 18 Dei høge fjella har steinbukken fått,
          berga gjev grevlingen livd.
          
   
 19 Han skapte månen til å syna tidene,
          og sola, som veit når ho skal gå ned.
          
   
 20 Du sender mørker, og det blir natt.
          Då myldrar dei fram, alle dyr i skogen.
          
   
 21 Unge løver brøler etter rov,
          dei krev si føde frå Gud.
          
   
 22 Sola står opp, dei vender attende
          og legg seg i sine hòler.
          
   
 23 Då går mennesket ut til si gjerning
          og arbeider til kvelden kjem.

Dette avsnittet syner Guds omsorg for den utemma naturen, skogane, fjella med alle dyra sine og dei nattaktive dyra. Alle får si føde frå han som skapte dei. Det gjeld også oss menneske som går ut til vårt arbeid om dagen då rovdyra elles ligg og søv i holene sine. Alt viseleg laga til av himmelens Gud.