onsdag 2. februar 2022

Salme 104,24-32

   24 Herre, kor mange dine gjerningar er!

          Og alle har du gjort med visdom,
          jorda er full av det du ber fram.
          
   
 25 Her er havet, stort og vidt,
          med ein vrimmel av dyr, små og store, utan tal.
          
   
 26 Der stemner skipa fram,
          der er Leviatan, som du har skapt til å leika med.
          
   
 27 Alle ventar på deg,
          at du skal gje dei mat i rett tid.
          
   
 28 Du gjev, og dei sankar,
          du opnar handa, og dei blir metta med det gode.
          
   
 29 Du løyner andletet, og dei blir gripne av redsle,
          du tek livsanden frå dei, då døyr dei
          og blir til støv att.
          
   
 30 Du sender ut din Ande, og dei blir skapte,
          du gjer jorda ny.
          
   
 31 Måtte Herrens ære vara evig
          og Herren gleda seg over sine gjerningar!
          
   
 32 Han ser på jorda, og ho skjelv,
          han rører fjella, og dei står i røyk.

v.25-28 handlar om Guds visdom i naturen og den omsorg han syner for all sin skapning. Ingen generasjon før oss har føresetnad for å forstå Guds visdom i naturen som det me har. Kunnskapen om dei fantastiske systema som byggjer opp alle levande organismar blir tydlegare og tydlegare etter som åra går og forskinga avdekker stadig nye løyndomar, og gjennom alt dette sitt verk ropar Gud til oss: "Det er eg! Alt de observerer er MINE gjerningar, MITT verk, og midt oppi dette er de menneskebarn dei fremste! Eg elskar dykk, og vaker med omsorg over liva dykkar! Gje meg hjarto dykkar!" Gud talar til oss gjennom sine gjerningar, og alt me ser og høyrer kallar på vår beundring og tilbeding. 

Liksom alt som lever på landjorda er velsigna av Gud, er det også tilfelle med alt liv i havet, frå dei minste planktonorganismane til dei største kvalane som oppe i dagen leikar seg med ungane sine, og Herren syner dei kor dei kan finna maten sin. 

v.29-30. Det hender at Gud løyner andletet sitt for skapningane sine. Då går det dårleg for oss, nauda bankar på døra, døden blir ein hyppig gjest og me blir redde. Då ropar me til Herren vår Gud om hjelp, og han responderer med å senda Den Heilage Ande som gjer jorda ny. Hans velsigning går langt utover det som handlar om kristenlivet. Når Guds barn ber, velsignar Gud alle sider ved samfunnslivet.  

v. 31 er ei bøn om at Herrens ære skal vara evig. At Herren ikkje skal bli gløymd av menneska, men blir elska og æra i all æva. Vil du gjera Herren glad? Lov og pris han med heile deg. Fortel han at du elskar han og at du har lagt merke til alt det fanstastiske han står bak og har prestert å få til. 

v.32 handlar om vulkanar og jordskjelv, naturfenomen som gjer oss menneske veldig små i oss sjølve. Men desse mektige kreftene blir framkalt av eit blikk og ein liten berøring frå den Allmektige. 

Ingen kommentarer: